mandag 11. oktober 2010

Utdannar vi elevane vekk frå kreativitet?

I eit forsøk på å førebu meg til eit seminar i Brüssel i morgon om kreativitet hos ungar, driv eg no og les meg opp om både ein organisasjon som heiter CCE (Creativity, Culture and education), og ulike program i andre land. Og eg har fått meg ein ny helt. Han heiter Ken Robinson. Eg vil anbefale dette foredraget av han. Det tek tjue minutt, og det er truleg dei best brukte tjue minutta dine i dag.


Ken Robinson meiner at kreativitet bør ha samme status i skulen, som lesedugleikar har i dag. Han meiner at vi gjennom skulegangen lærer oss til å bli livredde for å ta feil, og difor sluttar å prøve. Men som han seier: Viss du ikkje er førebudd på å ta feil, vil du heller ikkje komme opp med noko kreativt. Vi utdannar difor folk vekk frå kreativitet.

I alle skulesystem i verda, så er målet akademisk kunnskap, og ein skulle nesten tru vi utdanna alle til å bli professorar på universiteta. Og vi ser på kroppen som noko som skal frakte hovudet (og gjerne berre den eine halvdelen).

Ken Robinson seier vi må revurdere synet vårt på kva intelligens er. Det må ikkje bli slik at dei som ikkje er gode på akamdemisk kunnskap går gjennom skulen og føler seg som taparar. Det mange (dei fleste?) er gode på blir ikkje sett pris på i dagens skule, og difor må vi endre måten vi ser på kunnskap.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar