
Då helga kom, fann eg ut at eg skulle reise til fjells. Full av optimisme pakka eg sekken full av faglitteratur og pcen min - og tenkte at no skulle eg verkeleg få lest all den faglitteraturen eg ikkje får tid til elles (tenker jo jobb heile tida). Vel..noko skjer med ein gong ein kjem opp på fjellet.

Eg las nokre sider i ei fotobok, men etter det ga eg opp. Fjellet og stillheita oppmuntrer til latskap. Eg fann ut eg skulle prøve meg på noko skikkeleg skjønnlitteratur. I valet mellom Varg Veum og husmorporno (som var det einaste eg fann på hytta), så vart det Varg Veum. Heile to bøker om Varg Veum gjekk med i løpet av helga. Mogleg eg berre ikkje har gjeve bøkene ein sjanse før (eg bestemte meg tidleg for at einaste krim'n eg likte var Agatha Christie, og alt anna vart dårlege etterlikningar) - men dette var verkeleg bra. Veldig gode skildringar og humor - sjølv om eg mistenker at bøkene vart mykje betre etter at det vart mogleg å sjå for seg Trond Espen Seim springe rundt og pøble i Bergens gater. We like it! WE LIKE IT! :)
Elles var oppskrifta på helga at vi låg rett ut på sofaen, spelte yatzy og stappa inn på junk (og kjempesunn fruktsalat eg hadde putta 200 gram sjokolade oppi). Og eg skal innrømme noko - no når eg er attende i sivilisasjonen med internett og ting ein kan gjere (som ikkje inneber sprelske fantasiar om Trond Espen Seim og eting av kaloriar): det er sant det dei sier om at ein får energipåfyll av ferie. Og at det er bra for hjerna og kroppen å slappe heilt av i blant. Og verda går ikkje under om eg ikkje sit foran pcen heile helga - og er utan mobildekning langt inne i fjellheimen.
Vakre bilder. Håpar du fekk fylt opp rikeleg med energi til neste helg. Det vil du trenge ;)
SvarSlett