Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2010

Galleri Blåfjelldal

Som den snobben utan sjølvinnsikt eg er, har eg på laurdag invitert til vernissasje. Og ja, også feiring av 29 1/2 årsdagen min. Denne dagen er det også "Sansedag" i Vågå, så det passar jo bra at eg inviterer til vernissasje der gode vener skal få eit innblikk i kunsten eg har styra med det siste halve året. Og eg tenkjer også det er på tide at Vågå får seg eit kunstgalleri...

Eg har dei siste månadane sysla med målarkunsten som terapi for meg sjølv etter eg vart singel. Dette skulle hjelpe meg til å bli rolig og harmonisk - noko som må seiast å ha vore skikkeleg mislukka.

Eg er heilt elendig til å måle. Eg eig ikkje talent. Men det er skikkeleg moro. Og det får hjerna mi til å kople av alt anna, og slutte å bekymre meg for alt mogleg rart (og eg bekymrer meg alt for mykje. Unødvendig mykje!).

Og vernissasje er noko ein bør ha meir av på bygda. Så når ingen andre inviterer, gjer eg det. Så då blir det cava, fingermat, høge heler og paljetter. Og berre jenter invitert sjølvsag…

Vågå - slik ser det ut!

I samband med eit fotoprosjekt vi skal i gang med i skule og barnehage i Vågå, skal eg teste ut kamera og finne ut korleis ein kan bli råflink til å ta bilete. Så det er eg i gang med no. Har kamera og ei svær bok om digitale foto, som eg er i ferd med å pløye meg gjennom (men sjølvtilliten er på botn etter at Morten Krogvold hengte meg ut som elendig fotograf foran alle tilsette i kulturhuset i Vågå, og eg tok ikkje fleire bilete den kvelden nei! :)). Og i den samanheng, skal de få sjå korleis det ser ut i Vågå.

Her ser du kommunehuset i Vågå (altså min arbeidsplass):

Utsikt mot Vågå hotell, Finnbrua og shoppingdistriktet:

Utsikt mot andre delen av sentrum, Bokhandelen Kafe og meir shopping:

Utsikt mot Vole, Blåhø og med kyrkja i forgrunnen:

Kraftgiganten Eidefoss har kontor rett ved kommunehuset:

Søt jente som er å finne på kommunehuset:

Slår eit slag for palliativ behandling!

I valgkampen 2009, lærte eg meg at vi som vil imponere med å kunne mange framandord bruker ordet "palliativ behandling" om det folk flest kallar smertelindrande behandling. Då eg vart sendt ut i x antal debattar om aktiv dødshjelp, var det mange som brukte dette ordet for å sette meg ut, og sikkert ikkje trudde eg visste noko som helst. Eg svarte alltid med: "ja, sjølvsagt må den smertelindrande behandlinga bli betre, men i land der ein har innført aktiv dødshjelp, så har ein samtidig sett at den smertelindrande behandlinga har blitt betre fordi ein ser nødvendigheten av å gjere noko med dette". For ja; du førebur deg til debattar når du veit du skal diskutere med sinte leger som ser ut som dei vil drepe deg (eg skal ikkje nemne namn).

Vel - i helga fekk eg oppleve kva smerte er. Og kva enkel smertelindrande behandling kan gjere for både kropp og sjel.

Eg slit med tannverk. Skikkeleg tannverk. Det har vore slik av og på i nokre veker no, og eg har tenkt det går ove…

Praktisk pedagogisk utdanning?

Namnet Praktisk pedagogisk utdanning må vere det mest misvisande namnet som finst på ei utdanning.

Dei siste månadane har det rulla ein debatt rundt Praktisk Pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Oslo. Studiet blir skulda for å vere verkelegheitsfjernt, og lærarane for å vere useriøse.

Eg har vore PPU-student (rett nok ikkje ved UiO), og kan skrive under på at eg føler utanninga er alt anna enn praktisk. Eg er ekspert på sosiokulturelle læringsteoriar, Vygotsky og Piaget. Eg har hatt stor nytte av desse teoriane når eg møter andre folk som har take PPU – då har vi eit felles referansepunkt for å gjere narr av studiet. I klasserommet kan eg ikkje hugse eg har hatt bruk for noko av det eg lærte i pedagogikkdelen.

Innhaldet i utdanninga må bli forskingsbasert. Vi må lære om kva for faktorar i klasserommet som fungerer. Min form for undervisning er enno ryggmargsbasert, og ikkje forskingsbasert. Eg gjer det eg trur fungerer, men er sanneleg ikkje sikker.

Eg lærte ingenting på PPU…

Då eg såg elgen i kvitauge

I kveld skjedde det meg også. Oppe på Torpa-åsen midt framfor meg i vegen, såg eg plutseleg eit svært beist av ein elg, stirre meg inn i augo. Eg tenkte ikkje mykje, men eg var sikker på at eg kom til å døy. Eg registrerte også at ho hadde med seg ein liten elgkalv (men eg kan ha fantasert). Det neste eg registrerer er eit smell eller eit voldsomt skrap på baksida av bilen (eg spelte veldig høg musikk). Eg får fullstendig panikk, veit ikkje kva eg skal gjere, er heilt åleine midt oppe på fjellet i mørket. Eg tørte ikkje stoppe av frykt for at elgen skal ta hevn, men får summa meg til å kjørt inn på næraste stopp etter å ha putra av gårde i 40 km/t ei stund, og ha blitt kjørt forbi av mange som sikkert lurte på kva for ei gamal dame dei har sleppt laus langs vegen.

Eg må ringe nokon, tenkjer eg. Tør ikkje gå ut av bilen. Tør ikkje sjå på skadene på bilen. Ringer Ida. Full panikk. Nesten på gråten. "Må eg ringe og si i fra til nokon?". Får hjelp av engasjert familie, og med be…

Leite etter lykka

Det er merkeleg, men eg kan ikkje hugse at folk la seg opp i privatlivet mitt då eg budde i Valdres. Her er det tydeligvis blitt si stor greie. Eg kan heller ikkje hugse at nokon fekk med seg om eg hadde vore på nachspiel ein plass, om bilen min stod parkert utanfor huset til ein kompis, flamme eller berre ei veninne. Eg kan heller aldri hugse at eg la merke til om naboen hadde besøk, og av kven. Og enda eg er ganske nysgjerrig..

Men anten er folk i Vågå meir nysgjerrige enn i Valdres, eller så er folk meir interessert i kva eg måtte drive med oppi her enn dei var i Valdres. Eg veit ikkje...eg trudde folk berre var paranoide som trudde at folk brydde seg om kven folk måtte ha besøk av. Men dei bryr seg!

Heile Vågå visste det då eg skulle ha innflyttingsfest (eg fekk spørsmål frå heilt ukjende folk om det kom mange på festen min), alle får med seg litt for berusa Hanne ute på byen (noko som forsåvidt ikkje er mogleg å unngå) og alle får med seg kva, kven og når eg har besøk. Det er no eg…