Gå til hovedinnhold

Då eg såg elgen i kvitauge


I kveld skjedde det meg også. Oppe på Torpa-åsen midt framfor meg i vegen, såg eg plutseleg eit svært beist av ein elg, stirre meg inn i augo. Eg tenkte ikkje mykje, men eg var sikker på at eg kom til å døy. Eg registrerte også at ho hadde med seg ein liten elgkalv (men eg kan ha fantasert). Det neste eg registrerer er eit smell eller eit voldsomt skrap på baksida av bilen (eg spelte veldig høg musikk). Eg får fullstendig panikk, veit ikkje kva eg skal gjere, er heilt åleine midt oppe på fjellet i mørket. Eg tørte ikkje stoppe av frykt for at elgen skal ta hevn, men får summa meg til å kjørt inn på næraste stopp etter å ha putra av gårde i 40 km/t ei stund, og ha blitt kjørt forbi av mange som sikkert lurte på kva for ei gamal dame dei har sleppt laus langs vegen.

Eg må ringe nokon, tenkjer eg. Tør ikkje gå ut av bilen. Tør ikkje sjå på skadene på bilen. Ringer Ida. Full panikk. Nesten på gråten. "Må eg ringe og si i fra til nokon?". Får hjelp av engasjert familie, og med beskjed om at eg må ringe politiet. Ringer Gudbrandsdalen politidistrikt - presenterer meg, og får hulka fram at eg har kjørt på ein elg. At eg trur elgen har det bra, men at eg må seie i frå.

Kaldsvetter, er heilt ute av meg, men kjem meg til Dokka. Der blir eg møtt av storebror og veslesøster. Veslesøster kjører bilen min heim til Bagn. No er eg heime. Ei erfaring rikare, og med litt meir respekt for skogens konge.

Eg starta frå Vågå i dag i tre-tida. Hadde ei dårleg kjensle, og følte eg ikkje burde kjøre bil i dag. Kjem til Randsverk, og kjem på at eg har gløymt noko eg ikkje kan klare meg utan ei helg. Må bite i det sure eplet og snur for å hente det attgløymte. Får dårlegare og dårlegare kjensle for bilkjøring. Føler på meg eg bør parkere bilen og ikkje kjøre meir. Men får det for meg at det er Valdresflya eg ikkje bør kjøre. Intuisjonen min seier; ikkje kjør, men kjør heller om Lillehammer viss du absolutt skal kjøre. Eg kjører om Lillehammer. Og rett før kommunegrensa til Nordre Land kjører eg altså på ein elg.

Hadde det skjedd noko verre om eg hadde kjørt Valdresflya? Hadde eg kjørt på ein reinsflokk? Litt usikker på om eg har ein elendig intuisjon, men eg har i alle fall ein intuisjon. Meget mogleg eg tolker han feil, men skummelt å kjenne på kjensla av at noko du ikkje aner kva er, prøver å seie deg noko om dei val du tek. Også skummelt å stirre inn i augo til ein elg, og vere sikker på at det kjem til å smelle.

Eg kjem til å køyre i 40 km/t resten av livet mitt når eg kjører når det er mørkt. Har respekt no, og det har eg kanskje ikkje hatt nok før. Eg hadde griseflaks denne gongen, og er sjeleglad for at eg er i live. Eg lever og har det bra. Og bilen kom frå det med berre nokre riper i lakken.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…