Gå til hovedinnhold

Galleri Blåfjelldal

Som den snobben utan sjølvinnsikt eg er, har eg på laurdag invitert til vernissasje. Og ja, også feiring av 29 1/2 årsdagen min. Denne dagen er det også "Sansedag" i Vågå, så det passar jo bra at eg inviterer til vernissasje der gode vener skal få eit innblikk i kunsten eg har styra med det siste halve året. Og eg tenkjer også det er på tide at Vågå får seg eit kunstgalleri...

Eg har dei siste månadane sysla med målarkunsten som terapi for meg sjølv etter eg vart singel. Dette skulle hjelpe meg til å bli rolig og harmonisk - noko som må seiast å ha vore skikkeleg mislukka.

Eg er heilt elendig til å måle. Eg eig ikkje talent. Men det er skikkeleg moro. Og det får hjerna mi til å kople av alt anna, og slutte å bekymre meg for alt mogleg rart (og eg bekymrer meg alt for mykje. Unødvendig mykje!).

Og vernissasje er noko ein bør ha meir av på bygda. Så når ingen andre inviterer, gjer eg det. Så då blir det cava, fingermat, høge heler og paljetter. Og berre jenter invitert sjølvsagt. Eg trur heller ikkje menn er i stand til å forstå bodskapet i kunsten min. Men det er ein annen historie..

Viss det er fleire som har lyst til å kome, så gje beskjed, og eg skal fikse invitasjon. Eg likar (stort sett) folk, og vil gjerne bli kjend med fleire i Vågå! :)

Kommentarer

  1. Synst du skal "manne" deg opp til å publisere noko av det du har måla på bloggen din.

    OR

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein