Gå til hovedinnhold

Praktisk pedagogisk utdanning?

Namnet Praktisk pedagogisk utdanning må vere det mest misvisande namnet som finst på ei utdanning.

Dei siste månadane har det rulla ein debatt rundt Praktisk Pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Oslo. Studiet blir skulda for å vere verkelegheitsfjernt, og lærarane for å vere useriøse.

Eg har vore PPU-student (rett nok ikkje ved UiO), og kan skrive under på at eg føler utanninga er alt anna enn praktisk. Eg er ekspert på sosiokulturelle læringsteoriar, Vygotsky og Piaget. Eg har hatt stor nytte av desse teoriane når eg møter andre folk som har take PPU – då har vi eit felles referansepunkt for å gjere narr av studiet. I klasserommet kan eg ikkje hugse eg har hatt bruk for noko av det eg lærte i pedagogikkdelen.

Innhaldet i utdanninga må bli forskingsbasert. Vi må lære om kva for faktorar i klasserommet som fungerer. Min form for undervisning er enno ryggmargsbasert, og ikkje forskingsbasert. Eg gjer det eg trur fungerer, men er sanneleg ikkje sikker.

Eg lærte ingenting på PPU-studiet om kva den verkeleg gode lærar gjer for at elevane skal lære. Eg skulle ønskje eg kunne fått observert verkeleg gode lærarar; sjå kva dei gjer i møte med elevane, korleis dei utfører klasseleiing og kva dei gjer i vurderingsarbeidet. Også for oss som skal bli lærarar, er det viktig med førebiletelæring. Dei dyktigaste av dei dyktigaste lærarane i Noreg burde vore inne i PPU-studiet og rettleia oss direkte i norske klasserom.

Skal vi få dei folka med solid fagleg kompetanse til å gå ut i norsk skuleverk, må vi gjere noko med systemet for å utdanne dei. I dag blir folk med mastergrad som ønskjer seg ut i skuleverket sett på som ufaglærte og får ikkje fast stilling inntil dei tek PPU. Kanskje hadde det beste vore å lagt ned studiet, og heller brukt pengane til utdanning og rettleiing i praksisfeltet utført av profesjonelle og dyktige folk. Då kan vi tilsette dyktige fagpersonar i skulen utan å tvinge dei gjennom PPU-studiet.

Når vi veit lærarmangelen blir enorm i tida framover, er det viktig at vi rekrutterer fleire folk enn dei som har take ordinær lærarutdanning. Vi må difor fri til dei studentane som har take bachelor- og mastergradar. Då må vi fyrst gjere noko med korleis vi rekrutterer dei, og ikkje minst må vi endre på korleis vi utdannar dei innanfor pedagogikk.

Publisert i Dagsavisen 8.november 2010 i spalta "Blåmandag".

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein