Gå til hovedinnhold

Leite etter lykka

Det er merkeleg, men eg kan ikkje hugse at folk la seg opp i privatlivet mitt då eg budde i Valdres. Her er det tydeligvis blitt si stor greie. Eg kan heller ikkje hugse at nokon fekk med seg om eg hadde vore på nachspiel ein plass, om bilen min stod parkert utanfor huset til ein kompis, flamme eller berre ei veninne. Eg kan heller aldri hugse at eg la merke til om naboen hadde besøk, og av kven. Og enda eg er ganske nysgjerrig..

Men anten er folk i Vågå meir nysgjerrige enn i Valdres, eller så er folk meir interessert i kva eg måtte drive med oppi her enn dei var i Valdres. Eg veit ikkje...eg trudde folk berre var paranoide som trudde at folk brydde seg om kven folk måtte ha besøk av. Men dei bryr seg!

Heile Vågå visste det då eg skulle ha innflyttingsfest (eg fekk spørsmål frå heilt ukjende folk om det kom mange på festen min), alle får med seg litt for berusa Hanne ute på byen (noko som forsåvidt ikkje er mogleg å unngå) og alle får med seg kva, kven og når eg har besøk. Det er no eg er sjeleglad for at eg er 29 år, har tru på meg sjølv og er i stand til å takle både fylleangst og sladderhistorier. Det var ikkje like lett då eg var 18 - då eg var overbevist om at alle brydde seg og fekk med seg kva eg gjorde, men dei nok gav f. No går eg rundt og trur ingen bryr seg om kva eg måtte finne på og kva eg driv med heilt reint privat, men det er det visstnok mange som gjer.

Og det einaste eg veit - er at eg aldri har gleda meg så mykje som eg no gjer til fredag. Då har eg ein date med Hellbillies og Norsk rakfiskfestival. Og kjem til å gje blanke blaffen i kva folk tenkjer. Du finn meg full på cava heilt fremst ved scena mens eg gauler "Leite etter lykka" av full hans. For når alt kjem til alt, så er det vel å leite etter lykka vi alle gjer. Så får vi heller tåle litt folkesnakk på vegen dit...

Kommentarer

  1. Vågå ligg for nært vestlandet. Der veit folk det meiste om ein før ein veit det sjølv ;) I alle fall på bygda i Sunnfjord.

    SvarSlett
  2. Jaså, det er sånn der ennå... Det har forsåvidt ikke mye å si det med avstand vestover, det er mye større oversikt i vågå enn i lom.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein