Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2010

Eg byrjar som lærar for 5.trinn frå 3.januar

I blant tek eg avgjerder som er noko impulsive - men som regel er dei fundert i kjenslene mine. Som då eg tok avgjerda om å trekke meg frå fylkespolitikk for fire år sidan, som då eg bestemte meg for å slutte på Stortinget og flytte frå Oslo til Vågå eller som då eg bestemte meg for å slenge meg på Praktisk Pedagogisk utdanning. Alle avgjerdene har vore veldig riktige, men impulsive.

La det vere klart; eg elskar jobben min som prosjektleiar. Eg har tru på prosjektet og eg trur det er viktig at vi klarar å gjere det betre som skuleeigar. Eg har tru på at vi skal klare å få til noko unikt i Vågå. Men eg veit også at eg har for mykje energi, eg har for mange idear og eg er for utålmodig til å jobbe berre som prosjektleiar. Eg brenner for å sette ting ut i live, prøve ut ting i praksis og eg er livredd for å mugne inne og bli folkesky. Eg føler også eg manglar praktisk erfaring som lærar, og at praktisk erfaring vil styrke meg. Det siste halve året har eg tenkt meir og meir på at eg eigen…

Julefeiring i Egypt

Eit stk egyptisk musserande vin, nokre julepakker, litt fruktsalat - og vips, så blir det jul i Egypt også.

Eit stk solsvidd jente utan julestemning på julekvelden, men med verdas finaste julepynt.

Nisser på stranda 24.desember.

Nisse på stranda i heftig diskusjon

Badenymfe

Strandløve

Her ser du hotellet vi budde på.

Alt i alt kan det anbefalast å reise til varmare strøk i jula. Men det var godt å kome heim til Valdres for å knaske kaker og ete mat med feitt i også! :)

Jul i Egypt

Rask oppdatering frå Egypt. Vil få ønskje alle lesarane mine ei riktig god jul og godt nyttår.

Alt bra her. Masse slitsomme egyptarar (og folk fråå Russland), men vinen er ikkje så ille som frykta. Har til og med funne ein ganske god musserande egyptisk (og drakk litt for mange flasker i går).

Julaften blir på Hed Kandi beach bar. Har antrekket i orden, og her ser du hårbøyla eg har kjøpt meg og eg skal ha på meg i morgon. Har for ordens skuld null julestemning, men har fått ganske fin raudfarge på kroppen.

LYKKELEG!!

Alt ordnar seg for energiske jenter. Det er mitt nye motto. Og eg har så mykje energi eg føler eg ikkje får ut - eller som eg må få omset i praksis.

Frå og med nyttår skjer det store ting i livet mitt. Eller store og store; ting blir annleis. Og eg gler meg så!!

Eg er offisielt lykkeleg no. Ting går bra på alle arenaer i livet mitt. Og i morgon reiser eg til Egypt for å ligge på stranda ei veke. Ting kan jo ikkje bli betre då.

Kunst etterlyst!

Det er nokon som lurer på kvifor i alle dagar eg ikkje syner fram bilete av "kunsten" min sidan eg skryt så mykje av at eg er kunstnerisk her på bloggen. Så joda - her kjem det. Her er bilete frå vernissasje hos unge frøken Blåfjelldal 27.november 2010 (og ja, eg feira 29 1/2 årsdagen min samtidig). Dessverre har eg ikkje fått med alle bileta, men du kan sjå eit lite utval.

Tre dagar - og eg er på veg...

Om fire dagar, er eg på plass i Egypt... Om tre dagar gjer eg siste innspurt på pakking... Om tre dagar og nokre timar sit vi i ein bil på veg til Gardermoen. Og kort tid etterpå sit eg og roer meg ned, og seier ja takk til kaffe og nei takk til te.

OG som er gler meg!! Varme! Vin! Sol! Bading! IKKJE LUE OG ULLSTILONGS!

Flyet går klokka sju om morgon. Då starter vi frå Vågå klokka midtnatt. Køyrer heile natta, er framma på Gardermoen omlag klokka fem. Og då er det berre å halde seg vaken til vi sit på flyet, så er det snork, og vakne opp til at sola skin i Egypt!

Julestemning i Valdres

Alle pakkene til familien heime i Valdres, som dei måtte få no - sidan eg ikkje kjem heim før julekvelden. Og ja, det er vel nokon som er litt fornærma for at eg ikkje skal feire her...men; nokon gonger må eg vel tenke på meg sjølv, og det faktum at eg ikkje har hatt ferie enno i år. Eg reknar med det også er i min familie sin interesse at eg ikkje blir lagt inn på lukka avdeling det neste halve året (og tru meg; eg er der no snart!)

Bagn frå verandaen heime. Her ser du mot sør, og elva er Begna.

Eg har fått meg ny lue. Og den er varm!

Meg og niesa mi, Adele. Det er jenta eg aldri får kjøpt nok julegåver til.

Mamma og barnebarnet, som er det einaste ho har prata om med glede dei siste fire åra. :)

Blåfjelldal gjer comeback

Dette er overskrifta på eit oppslag i lokalavisa "Valdres" førre veke. Nokre dagar tidlegare rapporterer Oppland arbeiderblad også om comeback under overskrifta "Blåfjelldal vil inn i Fylkestinget". Då følte eg meg med eitt veldig gamal, og eg tok meg sjølv i å tenke: "Kor lenge borte frå politikken har eg vore?? Og er eg ikkje eigentleg fortsatt 1.vara til Stortinget??".

Bakgrunnen for oppslaga, er at eg er foreslått på 2.plass på nominasjonskomiteen sitt endelege forslag til fylkestingsliste for Oppland FrP. Nominasjonsmøtet er om nøyaktig to månader. 12.februar.

Eg trudde eg var gløymt som politikar etter at eg med brask og bram kunngjorde at eg ikkje gadd meir (som det så fint heiter), at eg no skulle få meg ein skikkeleg jobb og skulle finne meg sjølv og ikkje minst finne ut kva eg eigentleg trur på - innerst inne.

Og for ikkje å gløyme: mitt mest vellukka opptrinn som drama queen på eit nominasjonsmøte for fire år sidan.

Sjokket var difor stort då e…

Reisetips Hurghada?

Sidan det berre er ei veke til vi dreg på denne impulsturen vår til Hurghada, Egypt, er eg ute etter reisetips. Prøver å finne noko på nettet, men finn lite. Så har du vore der, og kan dele erfaringar med meg, blir eg glad.

- Kva må vi ta med frå Noreg? (varme klede til kvelden?)
- Fine restauranter med god mat og god vin? (som til dømes kan passe å feire julekvelden på)
- Er vinen der nede så ræva som folk skal ha det til? Kor får eg tak i cava?
- Kvar er det bra å shoppe? Nokon skjulte perler som vi bør få med oss?
- Er det noko vi MÅ ha med oss når vi er der?

Tek gjerne i mot idear og tips slik at opphaldet blir best mogleg. Er mest bekymra for vinen...dei som kjenner meg veit eg er glad i vin. Og på grensen til avhengig av cava...

Firkanta i augo

Så vart eg sjuk eg også. Det eg trudde ikkje skulle skje. Eg som trudde eg var immun mot alt. Sjølvsagt måtte det skje rett før eg var invitert i pinnekjøt- og smalahovelag. Dette skulle vere mitt fyrste forsøk på å knaske i meg saueaugo, men neida: influensa kom og sette ein effektiv stopper for det.

Fyrste teikn på at eg blir blir sjuk, er når eg i løpet av natta drømmer så kjedeleg og innvikla, at eg vakner fordi det er kjedeleg å sove. Det gjorde eg natt til onsdag. Og eg kjende det med ein gong; det er influensa som kjem! Eg gjekk ein tur på jobb for å få unna alle må-oppgåvene med dead line. Etter det gjekk eg heim. Heim for å sutre.

Og no har eg sett på tv tre dagar i strekk. Det er ikkje rart eg får vondt i hovudet, i musklane og blir dårleg psykisk når du brukar tre heile dagar på å sjå på alt (eg meiner ALT) som går på tv på dagtid. Her prater vi Glamour, I gode og onde dager, tv-shop, Operah, Dr.Phil, Americas funniest home videos og gudene veit kva dei sender. Mykje ræl i …

Ferieforvirring

Då vi skulle bestille ferietur i jula, stod valet mellom Tenerife og Egypt. På grunn av mange gode råd som sa det var for kaldt på Tenerife, vart valet Egypt.

No har eg fått høyre frå familie som har vore der: det er knallkaldt i Egypt på denne tida av året. Går ikkje an å ligge på stranda i det heile take. Det er sjølvsagt varmare enn i Noreg då, seier dei (ja, eg håper ikkje eg har betalt mykje pengar for å oppleve noko som er like kaldt som i Noreg).

Vi får uansett tru det blir bra. Det går sikkert an å sitte ute og drikke vin. Også går det faktisk sikkert an å gå ein tur utan å fryse i hjel. Så får det heller vere at det ikkje blir mykje strandtid, og at eg ikkje kjem til å tørre snorkle på grunn av redsel for hai.

Og ja; feiring av julekvelden blir i Egypt. Det kan jo bli spanande. Det blir min fyrste feiring av julekvelden utanfor Noreg. Og det er kanskje på tide når ein snart er 30 år...

Bokstavkjeks og solo

I dag vakna eg klokka fire, og eg visste ein ting; eg er i ferd med å bli influensasjuk. Eg visste likevel eg måtte på jobb sidan eg hadde eitt møte og ein dead line. Rett inn på Coop'en før jobb. For når ein er sjuk, er det berre ein ting som funker: Solo og bokstavkjeks!!

Eg gjekk heim klokka eitt - og no er eg offisielt sjuk. Eller aktiv sjuk, som det kanskje heiter. For pc'en er med heim - så blir vel heimekontor-sjuk...

Eg har brukt fleire hundre tusen!

Når du blir skikkeleg stolt inni deg fordi du klarer å kjøpe ein billett til Metroen i Budapest, då veit du at det er for lenge sidan du har vore ute og reist åleine.

Eg har no vore nokre dagar i Budapest, og det har vore heilt fantastisk. Eg kom på torsdag, og med nokre timar ledige før seminaret eg skulle på - måtte eg berre springe ned til julemarkedet for å bruke pengar. Eg hadde ikkje peiling på kor mykje desse ungarske pengane var verdt (men vi trur jo alt er billig i utlandet - gjer vi ikkje?), men då eg hadde svidd av femti tusen fann eg ut det var på tide å gje seg. Julemarked var kjempekoselig. Mange tacky souvernirar (og då veit alle kva dei får i julegåve i år), ungarsk mat og varm raudvin. Å gå rundt der åleine og berre lukte inn atmosfæra, røyke og drikke varm raudvin. Herleg! Og når du veit du trivst i eige selskap, då veit du at du har det bra. Og når du kan sjå forelska par rundt deg, og du smiler til dei, og blir glad av at folk har det bra (utan å bli bitter og tenk…

PISA – nok ein gong

I morgon kjem dagen alle vi i skuleverket har gruegleda oss til dei siste to åra: PISA-resultata blir publisert.

Truleg vil resultata vise at Noreg ligg under snittet, jentene gjer det best og at det er ein negativ samanheng mellom tru på eigne evner og prestasjonar. PISA vil også vise at det ikkje er nokon samanheng mellom pengar brukt på utdanning og resultat.

Mange vil i morgon hevde at PISA berre måler det som kan målast. Skulen skal jo også bygge opp andre kompetansar hos elevane enn lesing, rekning og dugleikar i naturfag. PISA måler jo ikkje det integrerte eller det miljømedvitne mennesket. Eg er delvis einig, men trur vi skal ta innover oss at PISA måler kompetanse som elevane vil få bruk for, og erkjenne at vi ikkje er gode nok.

Vi veit nok om resultat i skulen til at vi kan slutte å famle i blinde. Vi veit at når ein ser bort i frå sosial bakgrunn, er det ein faktor som meir enn noko anna er avgjerande for læringsutbyttet hos elevane; nemlig lærarane. Vi veit at forholdet mel…

Innihampen kaldt!

"Neida - det blir ikkje kaldt i Vågå". Det var det folk sa til meg før eg flytta hit. Eg har aldri blitt lurt meir i heile mitt liv (og no inkluderer eg alle idiotar av mannfolk/smågutar/ubruklege dustar eg har møtt dei siste ti åra). Då eg flytta hit for snart eitt år sidan, var det minus 35 grader. Og då sa folk: "Dette er unormalt. Så kaldt har det aldri vore". Det var januar.

Desember skal liksom vere ein koseleg vintermånad der det er snø og mildvêr, slik at eg kan lage snømann. Men neida - i dag er det 1.desember og 24 minus. Kva seier folk no? Vi har ALDRI hatt så kald november, og normalt sett er det aldri så kaldt i desember.

IDIOTI!!! Det er bikkjekaldt og eg er snart tom for ved. Og strømmen her ligg i midt-Noreg-region og er dyrast i landet. Eg kan truleg spare inn ei vekes strømforbruk ved å reise til Syden ei veke. Summen går truleg opp i opp. Bortsett frå at eg sjølvsagt ikkje kan skru av strømmen mens eg er borte - for då frys vatnet!

No tenkjer eg: …