torsdag 28. januar 2010

Elevane blogger

Her kan du sjå utviklinga på dei nyleg oppretta elevbloggane, som er ein del av arbeidet vårt med samansette tekstar:


Bagn Blondies


Bloggisene

Skolebloggen


Saus-bloggen

Ørjan og Ronni sin blogg

Eg er særs spent på resultatet, men forventer at kreativitet og IT-kompetanse hos elevane, er større enn hos meg sjølv. Så eg har høge forventingar!

onsdag 27. januar 2010

Samansette tekstar - blogging i full gong!

No er 10.trinn på Sør-Aurdal Ungdomsskole i gong med oppgåva dei skal jobbe med dei neste tre vekene. Dei skal jobbe med varierte oppgåver som blogging, dokumentarfilm, bilete, reklame og teikneserier blant anna. Men mange av elevane skal jobbe med oppgåva, som å lage sin eigen blogg.

Her er oppgåveteksta til blogging:

5. Lag ein blogg om livet som skuleelev på SAUS, og som ungdom i Sør-Aurdal og Noreg. Bloggen skal innehalde minst tjue innlegg (på minst ti linjer), bilete og videoar. Layout må henge saman med innhaldet. Når de har fått oppretta bloggen (det går raskt) bør de oppdatere dagleg. Sørg gjerne for at det blir diskusjon og fleire kommentarar på bloggen (marknadsfør han med andre ord!). I framsyninga skal de presentere bloggen, der de grunngjev dei vala de har gjort, målgruppe, verkemiddel og andre erfaringar de har gjort dykk. Alle på gruppa skal skrive innlegg. Opprette blogg kan de gjøre gratis på www.blogger.com, www.blogg.no, www.wordpress.com og sikkert også på andre nettstader.

Eg er spent på resultatet, og tre blogger er akkurat oppretta. Eg vil legge ut linker og andre oppdateringer om framdrift etter kvart.

mandag 25. januar 2010

På innsida av norsk skuleverk

Eg har no vore to veker i den nye jobben i Vågå. Og eg har hatt det så moro!! Ikkje mykje ein klarer å nå over på to veker, men eg har fått møtt Fylkesmannen, Stortingebenken, Kommunalt Foreldreutval og ikkje minst har eg vore og besøkt alle dei fantastiske skulene i Vågå. Og eg veldig glad for å oppdage at dei tilsette er positive til prosjektet, og gleder seg til at vi skal komme i gang. Mykje bra skjer allereie i Vågå-skulen, og eg fekk mellom anna sett på dramtisering av eventyr på eit av Oppvekstsentra. Fantastisk å sjå elevar ned i toårsalderen glede seg over å dramtisere norske folkeeventyr. Og neste gong eg skal rundt omkring, så skal eg få oppleve smaksprosjekt på Tessand oppvekstsenter. Og framover er altså planen at me skal bli flinkare på å ta i bruk elevane sine kreative dugleiker i undervisninga.

Den viktigaste jobben fremover er å forankre prosjektet lokalt. Blant næringsliv, lokale foreningar foreldre, elevar og sjølvsagt dei tilsette i skuleverket. Der har vi ein jobb å gjere. Til no har dei tilsette lest om prosjektet i avisa, men høyrt pent lite om det på sine eigne arbeidsplassar, og ikkje minst har dei i liten grad fått vore med på å forme innhaldet. Mi viktigaste oppgåve fremover er forankring, forankring og forankring. Og eg skal ha så mange idédugnader at eg kjem til å bli gal. Men det er Vågåsamfunnet som skal skape denne skulen, og då må dei få vere med å utforme virkemidla også.

I dag starta eg i mine siste fire veker i praksis som ein del av Praktisk Pedagogisk Utdanning. Fortsatt på Sør-Aurdal Ungdomsskule og 10.trinn (så tek ei pause frå Vågå, men ikkje frå jobben min). Skal bruke praksisperioda til å prøve ut korleis me kan løyse ut elevane sitt kreative potensial i norsken. Og det ved bruk av samansette tekstar. Eg har laga mange artige oppgåver til elevane allereie, og eg trur dette blir moro!! Fleire oppdateringar kjem!

onsdag 13. januar 2010

Vågå-modellen: Ein heilt ny måte å tenkje skule på

Kva vil vi?
Vågå kommune har satt seg som mål å lage Noregs beste skule. Vi skal utvikle ein heilt unik modell for skulen, og bruke dette som verkemiddel for å få fleire innbyggjarar, trekke til oss næringsliv og skape vekst og optimisme i kommunen vår.

Vi skal rett og slett bruke skulen som verkemiddel for distriktsutvikling.
For å få til utvikling i Distrikts-Noreg framover, er det viktig at vi satsar på det som er unikt for regionen vi bur i. Vi kan ikkje bli best på alt, men vi kan bli best der vi har våre fortrinn. Vi skal satse på det som kjenneteiknar Vågå, og det vi er gode på i Vågå. Det er slik vi skal skape Noregs beste skule.

Tilpassa opplæring er noko alle elever har krav på, men som diverre ikkje alle føler dei får. Tilpassa opplæring er viktig for å utjamne sosiale skilnader og for å gje alle elevar kjensle av meistring. Vågå kommune ynskjer å lukkast med einskapsskulen, der vi gjer rom for at alle elevane skal lukkast innanfor den offentlege skulen.

Korleis skal vi klare dette?
Vågå ønskjer å bruke kultur og kulturfag som verkemiddel for å lage Noregs beste skule. Vi ønskjer å bruke Vågå kommune som forsøkskommune for å prøve ut heildagsskulen, der kulturskulen mellom anna får ein viktig plass innanfor den ordinære skulen. Vi vil også integrere kulturfag og praktisk-estetiske dugleikar i dei ordinære skulefaga. Vi vil praksisrette teoretiske fag ved hjelp av kultur, fordi vi meiner skulen er blitt for teoritung og for abstrakt, og vi meiner dette kan vere ein av årsakene til store skilnader i fagleg nivå hos elevane.

At kulturfag kan styrkje kompetanse i teoretiske fag, er ikkje noko vi har funne på sjølv, men det har mellom anna støtte i UNESCO sin forskningsrapport, ”The Wow Factor”. I denne rapporten slås det fast at å gje barn og unge meiningsfylt og god undervisning og formidling i kunst, musikk, dans, teater og andre kunst- og kulturytringar, vil ha overføringsverdi til andre fag, med betre resultat i kjernefag som mellom anna språk, matematikk og lesing. Vågå kommune ønskjer å prøve ut om dette kan føre til betre resultat hos oss, og sjå på ulike modellar for korleis dette kan gjennomførast i praksis.

Skal vi ha ein utvida skuledag med meir rom for kulturfag og der elevane blir gjeven tid til å prøve ut praktisk-estetiske ferdigheiter, så må vi også få på plass ein del andre ting. Vågå kommune vil prøve ut frukost og skulelunsj i skulen. Vi vil bruke lokale ressursar og kompetanse i dette arbeidet, sidan vi meiner dette også er viktig i miljøsamanheng (kortreist mat) og for å få elevane til å sette pris på det lokale. Det er likevel viktig at elevane ikkje gløymer dei også er ein del av det globale, og kompetanse i miljø og internasjonal solidaritet blir difor også ein del av Vågå-skulen. Vi må heller ikkje gløyme at elevar liker å vere aktive, og fysisk aktivitet mellom anna ved å bruke dei flotte naturressursane i Vågå, blir eit viktig element i Vågå-modellen.

Vågå kommune ønskjer med andre ord å skape ein heilskapleg skule for å oppdrag heilskaplege menneske. Vi tek skuleeigarrolla og einskapsskulen på alvor, og vi vil bruke det vi allereie er gode på til å lukkast med tilpassa opplæring. Ved å bruke lokal kultur i dette arbeidet, ønskjer vi å utvikle ein heilt ny modell for skulen. Slik skal vi nå målet i læreplanen, om å oppdrag gagnlege menneske som skal utvikle samfunnet vårt i tida framover.

mandag 11. januar 2010

Og vi fortsett å prate om været..

-30 i Vågå kommune då eg kom på laurdag. Grisekaldt. Eg skal aldri flytte på vinteren meir (eigentleg vurderer eg å aldri flytte meir). Å flytte inn er definitivt meir moro enn å flytte ut. Har brukt helga til å dekorere leiligheten, skrive lister (over kva eg manglar) og ellers berre nyte stillheita. Eg har korkje tv eller internett enno. Og det er eigentleg ganske kjekt. Bilturen oppover gjekk som ein leik. Eg elskar bilen min. Han har fått lilla rattpels. Den er sååå fin!!

Fyrste dag på jobb i dag. Det fine med at det er kaldt, er at ein aldri går tom for samtaleemner med nye kollegar. Alle har liksom noko å prate med meg om når dei treffer denne nye jenta som attpåtil har bakgrunn i frå Framstegspartiet (skummelt, skummelt). Vi fikk ikkje prata så mykje om kulda. Eg fekk berre vore på kommunehuset i 1 1/2 time før eg og ordførar Øygard reiste til Lillehammer for å møte Staten sin forlenga arm i Oppland fylke.

No er eg attende på kontoret mitt. Her er det ganske tomt. Eg har fått kontor mitdt i Servicetorget, så eg kan ikkje isolere meg i ein korridor. Eg trur dette blir moro. Alle eg har møtt så langt, er kjempepositive. Og i morgon starter eg med å leggje planene.

(Og eg har fått mobilnummeret til Arne Brimi, og skal møte han i neste veke (han skal jo ha ei viss rolle i dette skuleprosjektet). Og eg som får panikk av kjendisar, kjem sikkert til å seie masse dumt og spørje om han er einig i at all mat blir god, berre ein tek på ost og gratinerar det i ovnen)

fredag 8. januar 2010

Eg - tilsett i kommunen?!

No byrjer det å gå opp for meg. Frå og med måndag så er eg tilsett i kommunen. No driv eg og pakkar klede eg skal ha med meg til Vågå (mykje ull), og eg kom til å tenkje: Kva går eg kledd i når eg jobber i kommunen?

Som student, politikar og på moro, så er det mange av oss som har gjort litt narr av dei som jobber i kommunen - det vil seie dei som jobber i kommuneadministrasjonen. Det er vel liksom ei allmenn oppfatning om at dei ikkje skapar mykje verdiar i hvert fall....No blir eg ein av desse menneska sjølv. Trøste og bære. Eg er ikkje politiker-Hanne lenger, men byråkrat-Hanne. Vel..det er ikkje heile sanninga. Eg skal tross alt jobbe med eit prosjekt, men uansett...

Det som fekk det til å verkeleg gå opp for meg at eg skiftar beite, er ein mail som nettopp kom, der det stod: "Bekreftelse på deltakelse på Kommunalt skoleting". Det er KS som arrangerer, og eg har vore med før, men då som "politisk rådgjevar" eller "politiker". No stod det: Blåfjelldal, Hanne Prosjektleiar. Vågå kommune.

Då eg såg navnet mitt på denne måten, så vart eg litt skremt. Det skjer verkeleg. Eg har bytta jobb. Eg slutter med partipolitikk. UVÆÆÆÆ. På måndag er eg kommuneansatt. Eg skal vere profesjonell. Eg skal vere politisk nøytral. Eg skal gjennomføre det politikarane seier eg skal gjere. Og veit du kva...eg gler meg! Sjølv om det er ein litt skrekkblanda fryd.

Det nærmar seg...

26 minusgrader i Bagn. Rapportane seier det er -34 i Vågå. For to dagar sidan kom eg heim frå Gran Canaria, der det var 26 grader. Eg skulle berre ha blitt der. Eg hatar kulde! Eg kunne forresten skrivi eit langt innlegg om Gran Canaria. Du har verkeleg ikkje vore i Syden før du har vore der. Det levde opp til forventningane, og meir enn som så! :)

I dag skal eg hente min søte lille nye bil. Ein svart toyota Rav4 med spoiler og stigbrett. Bil er ein dyr fornøyelse. Berre i forsikring og lån vil det koste meg fire tusen kroner i månaden. Fyttirakkern. Eg er ung og enslig, med over to millioner i gjeld. Ikkje bra. Ikkje bra. Mitt forsikringsselskap TrygVesta tok forresten kaka. Dei skulle ha 30 000 i året for å forsikre bilen min. Så mykje for å allereie vere kunde der (altså, så blir ikkje bilen min forsikra der).

I morgon reiser eg til Vågå. Huff som eg gruer meg. Til å reise altså. Til å flytte. Til å måtte vere ute i over tretti minus. Og til eit kaldt husvære utan internett og tv-signal. Ikkje har eg mann som kan hjelpe meg med det heller (eg skal ærlig innrømme at når det gjeldt praktiske ting, så er eg ein dårleg feminist).

Eg må ha rosa rattpels til nye bilen min. Så no brukar eg tida til å finne ut kor eg kan få kjøpt det. Rosa rattpels er min måte å vise at eg er ein moderne feminist. Som eig min eigen bil. Og min eigen leilighet. Og mitt eige lån. Og som er avhengig av godvilje frå banken.

Eg debuterer i ny jobb med å ha møte med Fylkesmannen. Det er kva eg skal bruke fyrste arbeidsdag til. Prat om å bli kasta ut i det. Men årets kommuneprofil, Rune Øygard, skal sjølvsagt bli med, så vi får tru det går bra.

Men som eg gler meg til å komme i gang no. Prosjektet er ambisiøst. Prosjektet er utypisk bygde-noreg. Men er det ei kommune som kan klare å lage ei knakande god skule, og utvikle sin eigen skulemodell, så er det Vågå. Så får vi sjå om vi etter kvart kan kalle skulen Noregs beste. :)