torsdag 25. februar 2010

Hårmodell på Hårstugu i Vågå




Truleg fordi dei har sett mitt livlause hår, så vart eg invitert til å vere hårmodell på Hårstugu her i Vågå i dag. Tre hyggelege frisørar ønskja meg velkommen, og ga meg både ny sveis og sminke. Også spør folk om eg trivs i Vågå?! Når ein blir invitert på slike ting, så klart ein føler seg velkomen!

onsdag 24. februar 2010

Bygger heimeside

Er i gong med å lage heimeside for skuleprosjektet vårt. Altså; eg lager ikkje sida sjølv, men eg skriv teksta og har ansvar for oppbygging av sida (menyknappar og korleis den skal sjå ut).

Førebels resultat kan de sjå her.

Tips til førbetringar? Eg tek i mot alle innspel. Eg er ikkje nøgd enno, men veit ikkje heilt kva eg ikkje er nøgd med, så flott om nokon kan hjelpe meg å sette ord på det.

Korrekturlesing kjem etter kvart..

søndag 21. februar 2010

Ferdig i praksis - retur til Vågå!

Fire veker i praksis er over, og eg er eit steg nærare å vere utdanna lektor. Utroleg lærerike veker ved Sør-Aurdal ungdomsskule, og takk til både elevar og personale på Saus, og ikkje minst min praksislærar. Fantastisk konstruktive attendemeldingar!

Elevane har lært ein del om samansette tekstar, og ein av elevane har til og med oppretta sin eigen blogg (som er blitt utruleg fin). Det er ikkje mange gutteblogger der ute, som skriv om ting som skyting og bil, men det gjer Jostein. Og her er det både tekst, bilete og videoar. BRA!

Du kan også sjå på bloggane som vart oppretta i samband med oppgåva elevane har jobba med. Sjekk ut elevbloggane her:

Skolebloggen

Saus

Sausjentene

Bloggisene

Huskyktm

torsdag 18. februar 2010

Skjebnedag i kommunestyret

I dag skal eg i mitt aller siste kommunestyremøte denne perioda, og i Sør-Aurdal kommune. Eg har no sendt av gårde min søknad om friktak frå alle verv, og vil snart melde overflytting i folkeregisteret til Vågå kommune. Det blir litt rart å gje seg med kommunepolitikk, men eg har lært mykje av å vere gruppeleiar, medlem av formannskap/planutval og kommunestyre desse åra. Men no kjenner eg at det skal bli godt å bryte band til ei kommune eg med veldig stor sannsynlegheit ikkje kjem til å bo i når eg etablerar meg.

I kveld er skjebnemøte i Sør-Aurdal. Saken det har vore prata om i over eit år no; sjølvaste "skulesaken". På grunn av eit stort økonomisk uføre kommunen har havna i, så må kommunen spare peng, og då er det jo lettast å gjere det på skuler, og legge ned litt her og der (og ja, eg er fortsatt litt bitter for at me ikkje har fått gjennomslag for konkurranseutsetting av vaktmesterteneste og fleire andre tenester innanfor drift og vedlikehald; eit tenesteområde som i dag er lite effektivt). No har forskriftsendring vore ute på høyring, og no er saken klar til endeleg vedtak i kveld.

Forslaget er å legge ned Reinli skule og overføre elevane til Bagn skule, og at alle elevane på ungdomstrinnet i Sør-Aurdal skal overførast til ei ungdomsskule, og ikkje vere delt slik dei er i dag. Det fyrste forslaget har folk godteke (vi er ganske omstillingsviljuge sør i bygda), medan det andre forslaget har skapt strid. Forslaget går altså utover ungdomstrinnet på "Hedalen barne- og ungdomsskule", der elevane på 8-10.trinn frå og med hausten må sette seg på bussen og køyre nokre mil til Bagn (det er ingen som er samde om kor langt dei eigentleg er). Dette har skapt mykje liv og røre i bygda Hedalen, som meiner bygda kjem til å døy ut om dette vedtaket blir gjort. Halve bygda seier dei skal flytte om vedtaket blir ståande (snakk om å lage drama).


Stridstemaet; Hedalen barne- og ungdomsskule (bilete henta frå hedalen.no)

Eg er lei heile saken, og eg er lei av eit sakelegheitsnivå eg ikkje har sett makan til sidan eg møtte ein ung SVer i debatt i valgkampen, som meinte alle i FrP var rasistar. Hedalen meiner kommuneadministrasjonen er einspora, og reagerer med å sende ut informasjon som er endå meir einspora enn det dei skuldar administrasjonen for å fare med. Skal du lære elevane om propaganda, så kan ein kanskje bruke denne kampen som har oppstått, som eit døme. Det heile har utvikla seg til å bli bygdekrig, der det verste i menneska kjem fram.

Eg som eigentleg er for å bevare ungdomstrinnet i Hedalen, har lyst til å skifte mening berre for at eg tykkjer Hedalsklanen trekker alle moglege dumme argument opp av hatten sin. Folk som ikkje klarer å halde seg til saken, og som utvikler seg til å bli smålige, trongsynte, ondskapsfulle og paranoide, får ikkje mykje støtte av meg. All støyen har diverre gjort det vanskeleg for meg å sjå klart.

Og ja; eg gler meg så! Det skal bli så godt å komme til ei kommune som tek kvalitetsutvikling i skulen på alvor. Og til ein jobb, der eg berre skal jobbe med å gjere skulane betre. Og akkurat no kjenner eg at eg bryr meg mest om kva som skjer i Vågå, og er lei heile skulestriden her i kommuna. Og då er det på tida å søke fritak frå verv, og eg er overtydd om at eg i hvert fall i den saken gjer det rette. Så får eg vel heller vere ærleg å innrømme at eg ikkje er heilt sikker på at eg gjer det rette når eg i kveld stemmer for å bevare ungdomstrinnet i Hedalen slik det er i dag..

mandag 8. februar 2010

Ikkje kul nok skule?

Eg har tidlegare skrive om skulen skal vere ein motvekt til barn og unge sin kultur, eller om vi skal ta innover oss ungdomskulturen. No er også Kristin Halvorsen ute og seier at skulen må bli "kulere". Eg trur ho har mykje rett i det ho seier, men det er også eit tema som må problematiserast. Som veldig uerfaren pedagog merkar eg at vala eg gjer i forhold til å bruke facebook og blogging i undervisninga kanskje ikkje alltid er like gjennomtenkt.

Eg meiner skulen må bli flinkare på å verke relevant for ungdommen (det er ungdomstrinn og vidaregåande eg har undervisningserfaring frå), og at vi i større grad må ta innover oss den kulturen ungdom er ein del av. Men ikkje ukritisk. Vi må problematisere, og vi må lære opp ungdommen til å ha eit kritisk forhold til bilete og uttrykk dei møter, og ikkje minst det dei skapar sjølv med hjelp av internett. Kva for konsekvenser kan det du legg ut på Facebook i dag, få for din seinare karriere? Det er spørsmål vi må våge å diskutere med ungdommen. Likeeins må vi diskutere: "Kvifor og korleis bruker vi Facebook til å forme vår eigen identitet?". Dette kan ein få til både ved å analysere sin eigen eller andre sin facebookside, eller kanskje eit blogginnlegg skrive av ein av dei kjente bloggarane.

Eg har gjeve elevene i oppgåve å lage sin eigen blogg om livet som ung i kommunen. Dei fleste tykkjer dette er moro. Men kanskje er oppgåva lite gjennomtenkt? Kanskje det berre blir ei oppgåve der ungdommen skriv, legg ut bilete og filmsnuttar, men ikkje reflekterer så mykje rundt kva dei gjer og kvifor dei gjer det. Kanskje eg heller burde gjeve i oppgåve å lage ein blogg for Henrik Ibsen, slik at dei også hadde lært om livet og litteraturen hass.

Å bruke blogging og Facebook i undervisninga, er noko som krever ein reflektert pedagog med kunnskap om IKT og om ungdomskultur. Vi må ikkje forsøke å vere kule berre for å vere kule - då har vi svikta som pedagogar. Men, klarer vi å ha ein meining rundt det vi gjer, og klarer vi å stadig bli betre, så trur eg elevane kan lære mykje av slik undervisning. Men det må ikkje bli eit "must". Ikkje alle lærarar vil takle dette, og dei har andre metoder og verkemiddel dei meiner er betre. Ikkje tving dei til å bruke Facebook i undervisninga. Akkurat som eg meiner det må vere opp til kvar enkelt lærar å styre om ein bruker lekser, eller ikkje. Eg trur ikkje noko på å fjerne alt av lekser, slik SV no vil, men eg trur heller ikkje på leksetvang. Her trur eg på full fridom til skuleeigar, skuleleiar og klasseleiar. Det er likevel andre parti som klarer å kome med dei dummaste standpunkta, og konstruere ein ganske meningslaus debatt. Dagens premie for dumskap må gå til Høgre som meiner at lekser er kjempeviktig for samarbeid mellom foreldre og skule. Viss det berre er lekser som er kontakten mellom skule og heim, då er det noko gale med skule-heim-samarbeidet på denne skulen, og kontakt mellom lærar og foreldre blir gjort betre i andre former enn gjennom lekser. Eg kan finne mange gode argumenter for å halde på leksene i skulen, men samarbeid med heimen, er ikkje eitt av dei.

torsdag 4. februar 2010

Hater å innrømme at eg kjem til å heie på A1.

No er snart den laurdagen her. Den laurdagen vi har venta på etter å ha hatt eitt halv-entusiastisk auge og øyra på NRK1 dei siste fire laurdagskveldane. I saman med min kjærleik til countrymusikk, så¨er vel min kjærleik til MGP, det mest harry karaktertrekket ved meg. Og den interessa har eg hatt heile livet. Eg hugser med skrekk og gru det året Brandenburger Tor var kva Noreg hadde sendt til Europa. Eg var på hytta, og Pappa fekk ikkje tven til å fungere. Etter mykje hyling og grining måtte eg høyre på ESC på radio det året. Bortsett frå då eg budde i USA, så har eg fått med meg kvart einaste show. Då eg var student brukte eg å arrrangere MGP-fest der vi kledde oss ut, og der vi hadde juryar i både Valdres, Oslo og andre plassar, som ga sine poeng på telefon. Det var tider det! :)

Dei siste åra så har vel kanskje den musikalske kvaliteten tatt seg opp, og det er ikkje lenger flaut å fortelje at du ikkje kan komme på fest på laurdag viss dei ikkje har på tven. No på laurdag skal eg vere heime hos meg sjølv, og sprette ei flaske cava. Og sjølvsagt skal eg ha poengblokk eg nøye fyller ut, og kreve at alle som sit der saman med meg gjer det samme, slik at vi kan kåre vår eigen vinner.

Tidlegare hadde ein jo ikkje høyrt låtane før kvelden kom. No har vi høyrt alle låtane gjennom diverse delfinaler. Og så er det nokre vi har sett og høyrt meir enn andre, og eg stemte som ein gal på Venke Knutson sin låt i Siste Sjansen. Og vi har jo youtube og spotify, så eg har høyrt og sett gjennom alle låtene.

Eg er ikkje noko ballademenneske. Og mine tre favoritter i år er Venke Knutson, min favoritt frå i fjor, Alexander Stenerud og A1. Ja du høyrte rett; A1. Fjortisbandet som vart kjent etter min eigen fjortisperiode. Eg var ung under Take That, og då A1 kom på banen var eg for lengst vakse i frå BoyBand. No er eg tydelegvis i panikkalderen - for eg tykkjer BoyBand-låta til A1 er den beste låta i MGP 2010.

Eg trur det blir jamnare enn i fjor (skal vel ikkje mykje til), men eg veit ein ting: ingen av mine favorittlåter kjem til å vinne. Enkelte ting med MGP endrar seg ikkje! :)

VG: A1 forbereder MGP-finalen
VG: Slik blir finalerekkefølgen

Skulen som motvekt til elevane sin kvardag?

Vi er no snart ferdig med veke to i arbeidet vårt med samansette tekstar. Elevane blogger, lager filmar og reklame, og eg har også forsøkt å gje elevane forståing av biletebruk og korleis vi skal forstå bilete.

Det er jo ikkje fyrst og fremst teksta slik vi i min generasjon kjenner han, som elevane møter i dag. Det er ikkje gjennom den skrevne tekst elevane fyrst og fremst møter språk, men ved hjelp av bilete. Elevane bruker bilete til å forme eigen identitet, forstå verda, kommunisere og dei møter bilete gjennom det meste dei driv med på fritida. Å forstå bilete, og å tolke bilete er difor ein viktig del av norskfaget. Og det er mange måter dette kan bli gjort på, og eg trur det er eit felt vi jobber for lite med i norsk skule. Eg skal søke meir kompetanse på dette feltet - for det eg har gjort desse fire praksisvekene er nok heilt sikkert ikkje gjennomtenkt nok, men eg er jo fortsatt i ein læreprosess.

Menge meiner at skulen skal vere ein motvekt til elevane sin kultur, og det dei erfarer i kvardagen utenom skulen. Eg har ein litt annan innfallsvinkel til dette. For meg passer det mykje betre å ta utgangspunkt i det elevane opplever i kvardagen, og det dei bruker fritida si på, og bruke dette i undervisninga. Eg trur det er viktig at skulen også tek opp desse tinga, men bruker alle desse elementa for å gje ungdommen eit omgrepsapparat til å forstå fritida si, til å vere kritiske til bilete og tekst dei møter og til å vere meir forsiktige i forhold til korleis dei utleverar seg sjølv, til dømes på nettet.

No blogger elevane om at dei sit på Facebook i timane. Men eg kan lese om det, og då vere medviten om at dei gjer det og ta det opp på ein skikkeleg måte. Dessuten veit eg at både eg sjølv og mange med meg (og folk som er langt eldre) sit på Facebook i møter, og då er det vel lett å forstå at elevane gjer det i timane også?

Eg har lovd at eg skal bruke Facebook i undervisninga. Eg har ikkje heilt avgjort korleis (så viss nokon har tips, så er det flott), men eg meiner at skulen har ein plikt til å bruke elevane sine uttrykksformer når vi har om eit tema som samansette tekstar. Når Facebook er der, og kanskje er den form for samansett tekst som elevane bruker mest, så vil det vere uklokt å ikkje brukt Facebook som døme. Det er viktig at elevane forstår reklameplakaten eller teikneseriebladet, men det er ikkje fyrst og fremst gjennom slike tekstar elevane former seg sjølv.

onsdag 3. februar 2010

Bygda - ein grunn til å handle på nettet

No har eg oppdaga den verkelege store forskjellen på by og bygd; shopping. Altså, det seier seg jo sjølv at det er fleire butikkar i byen enn i byen, og eg har alltid sett på butikkutvalget som eit minus med bygda. Til dømes at eg må sette meg i bilen og køyre ein halvtime for å kjøpe linsevæske, ei bok, ein dvd, enkelte hudpleieprodukt og ikkje minst Cava. No trengte eg linsevæske, og eg har ikkje hatt spesielt lyst til å fyre opp bilen i tjue minus etter jobb for å køyre til Fagernes. I dag slo det meg plutseleg; treng eg verkeleg det? Det er jo sikkert mogleg å få kjøpt det på nettet? Og sjølvsagt er det jo det! Eg kan få kjøpt nesten alt på nettet. Men tidlegare, då eg budde i Oslo, så har eg jo alltid tenkt at eg berre vil bruke ekstra med peng og kjøpe altfor mykje, som ikkje er naudsynt, om eg handlar på nettet, så eg har ikkje gjort det.

No? No MÅ eg handle på nettet for å overleve. Så no blir det gardiner, stæsj til leilighet, hudpleieprodukt, kremer og linsevæske på nettet. Og det er miljøvenleg. Anten eg bur i Bagn (som eg er no) eller Vågå (som eg bur fast), så er det ein halvtime å køyre til næraste store handelstad (eller by som dei kallar seg), og då er det betre å få pakka med ting, levert i post i butikk fem minutters gange frå heimen min. Då sparer eg både tid og klima (men truleg ikkje peng).