tirsdag 23. mars 2010

Ekspolitiker og ny-vagvær

I helga var det Landsmøte i Framstegspartiets Ungdom (FpU), og no kan eg endeleg kalle meg ekspolitiker. Landsmøte i år var mitt sjette, og det er ti år sidan eg var på mitt fyrste landsmøte - det legendariske i 2000. Åtte år har eg vore med i sentralstyret i FpU, og i helga vart eg takka av som 1.nestformann. Det var rørande. FpU har vore ein del av ungdomstida. Utan tida i FpU ville eg truleg ikkje fått den jobben eg har i dag, og det er i denne fantastiske organisasjonen eg har lært å få trua på meg sjølv, lære meg å prate foran ei forsamling, og å vere meir impulsiv i den grad at eg no utan å nøle kaster meg ut i ting uten dei store førebuingane (for nokre år sidan hadde eg truleg planlagt eit halvtimes foredrag i fleire dagar - no treng eg ingen tid på å førebu meg). Så åra i FpU har gjeve meg styrke i den jobben eg har i dag, så ironisk så kan Ap-kommunen Vågå takke FpU for å ha ein dyktigare prosjektleiar enn eg ville vore utan tida i FpU.

Eg mista den politike piffen etter stortingsvalget i haust, då eg ikkje lukkast med å kome inn på Stortinget. Etter det har eg vore dønn uengasjert, men tok avgjerda om å fortsette ut perioda som 1.nestformann. Sidan eg føler eg har gjort ein heller dårleg politisk jobb det siste halvåret, så vart eg rørt over korleis eg vart takka av. Champagne og klokke, og fine ord - men størst av alt: då jentene i FpU overleverte diktet "Kjerringa mot strømmen" og takka for at eg har vore eit førebilete for dei. Har eg kunne vore eit førebilete for den fantastiske gjengen jenter som er i FpU, så gjer det meg stolt, og då har eg gjort ein viktig jobb. Eg av alle veit at det til tider kan vere einsamt i gutteklubben i FpU, og då er det viktig å ha nokon som kan vise veg. Tusen takk alle fantastiske jenter som gav meg den gåva. Det var stort, og eg kjem til å hugse dykk reisten av livet! Og om ikkje anna så er talet på jenter i FpU sitt sentralstyre dobla, og det er jo ikkje verst det..

No er eg attende i Vågå, og skal bruke all energi i min fantastiske jobb og i denne fantastiske kommunen. I dag sende eg av gårde melding om flytting til skatteetaten. Om nokre dagar er eg ikkje lenger Sør-Aurdøl, men vagvær. Etter 25 år i Valdres flyttar eg til Gudbrandsdalen. To epoker er over i livet mitt, og det er vel kanskje dette ein kaller ein ny start? Eller kanskje er eg berre blitt vaksen?

fredag 12. mars 2010

Kommunen - det er meg (og deg)



Eg får berre unnskulde meg for manglande blogging den siste tida. Men det går i eitt om dagen. Denne veka har eg sprunge frå møte til møte, og fekk med nød og neppe skvisa inn episoda av Desperate Housewives på tysdag. Dei seier litt om ein travel kvardag. Og dykk som trur at vi har korte dager og ikkje gjer noko anna enn å flytte papir og stirre i dataskjermen, må nok tru om att. I dag har eg endeleg hatt tid til å sitte på kontoret, men heile dagen i dag går med til å skrive referat, få sortert notater og tankar, og ikkje minst starte arbeidet med å lage ein forprosjektplan (og planar er vi gode på i kommunen!).

Men denne veka og neste veke går i hovudsak med til lokalt forankringsarbeid, og til å møte personalet på skulane, foreldre og organisasjonar. Eg takkar ja til alle invitasjonar eg får for å orientere om prosjektet, og til å få innspel. Det er viktig at vi som jobber i kommunen er synlege i lokalsamfunnet, og ikkje berre blir "dei borte på kommuna".

Måndag møtte eg personalet på Vågåmo skule. Utruleg oppegåande folk, med mange gode innspel og kritiske spørsmål til prosjektet vårt. På kvelden møtte eg fyrst Lions Club Vågå, som er ein oppegåande gjeng som er oppteken av det som skjer i lokalsamfunnet (og internasjonalt!). På kvelden var det middag med nokre IKT-folk som kanskje er interessert i å gjere noko i Vågå.

Heile tysdag gjekk med til møte med IKT-folka. Og på kvelden var det møte med personalet på Lalm. Og der var det temperatur!! Fantastisk gjeng. Og eg har ikkje vanskeleg for å forstå at personalet er redde for endå fleire reformar og tiltak som blir tredd nedover hovudet deira. Frå Reform 97 til Kunnskapsløftet, og no kjem det noko dei er redd skal vere tilbake til Reform 97 med leik og moro i skulen. Men det må eg berre seie; vi skal ha med personalet på dette, og er dei ikkje enige i det vi gjer, blir ikkje prosjektet noko av.

Onsdag gjekk med til rektormøte, og eg må seie gjengen med rektorar er ein fantastisk flott samling, som eg gleder meg til å samarbeide med. På kvelden møtte eg FAU ved Vågåmo skule, som atter hadde fleire innspel. Foreldra er veldig positive til prosjektet, men er redd det skal bli eit "finkulturelt prosjekt" som ikkje tek utgangspunkt i Vågå-kulturen. Eg må berre seie: dette prosjektet skal ta utgangspunkt i den lokale kulturen her i Vågå!

I går var fyrste møte i prosjektgruppa, som er mine næraste samtalepartar i dette prosjektet. Og no er vi altså skikkeleg i gang med prosjektet. No manglar berre å få sett ned undergruppene som skal jobbe med dei fire hovudområdene i prosjektet, som er: 1. Estetiske fag 2. IKT 3. Matkultur og fysisk aktivitet 4. Det globale i det lokale.


I dag skriv eg referat frå alle møta. For alle kloke ord og innspel skal lagrast og bli med vidare i prosjektet. :) Og kommunen, det er ikkje ein grå kloss, det er mellom anna meg (som alldeles ikkje er så sur som eg ser ut, men som ikkje klarer å smile når eg tek bilete av meg sjølv (og ja, eg smiler meir når eg representerar kommunen)).