Når det store politiske diskusjonstemaet innanfor skulepolitikken det siste året har vore for eller i mot hijab, då har vi resignert i den skulepolitiske debatten.Det er mykje enklare for politikarene å diskutere symbolsaker som hijab enn dei store tinga i samfunnet. Då får dei jo oppmerksemd, og dei kan prate om prinsipp. Og som politikarane elskar å diskutere prinsipp! Anten det er for eller mot privatskuler eller for eller mot karakterar. Men ingenting av dette kjem til å redde kva vi likar å kalle ”Kunnskapsnasjonen Noreg”.
For vi har større utfordringar enn hijab. Ungdom er skuletrøtte og skjønner ikkje vitsen med skulen, og fleire og fleire ”hamnar på NAV”, for å seie det litt brutalt. Min påstand er at det er det offentlege Noreg, velferdsstat og oljerikdom som har påført skulen desse utfordringane, og i mindre grad lærarane.
Som liberalist burde eg vel ikkje hevde vi som individ er eit resultatet av systemet vi veks opp i, men eg gjer det likevel. Eg trur at dess meir vi har bygd ut velferdsstaten vår, dess meir har vi passivisert individa. Dette gjeld ikkje minst når det kjem til kunnskap. Kvifor i alle dagar skal ungdom gidde å bli smarte når dei veit dei klarer seg ok i samfunnet uansett? Kvifor velje ein jobb der ein må jobbe hardt og heile tida vise progresjon, når ein kan ligge på sofaen heime for å ta i mot offentlege kroner?
Velferdsstaten vår er bygd opp rundt at viss vi gjev barn og unge utdanning, så vil dei seinare jobbe for å gje noko attende til samfunnet. Eg meiner dette er eit ganske naivt utgangspunkt. Det funkar ikkje å seie: ”Viss du er flink på skulen, så går økonomien i Noreg betre”. Viss ein føler ein ikkje får meir ut av å vere flink og smart på skulen, enn ved å ikkje vere det, så passiviserer vi folk.
Vi har oppveksande generasjonar som forventar at staten skal fylle hjernen deira med kunnskap utan det minste innsats frå enkeltindividet sjølv, og vi skrik etter det offentlege kvar gong storsamfunnet møter på eit problem. I overflodssamfunnet Noreg blir ikkje kunnskap og personleg initiativ verdset slik det burde, og med mange millionar på bok, pratar få om systemendring. Då er det sjølvsagt lettare å gjere hijab til det store samfunnsproblemet – og slik få etterlengta tid i tv-ruta i same slengen.
Publisert i Dagsavisen i spalta "Blåmandag" 10.mai