
Slagordet til den nye storsatsinga til "Tine" sitt produkt "Skyr" er "Godt med god samvttighet". Skal vere eit herleg lite måltid utan sukker og feitt. Knall, tenkte eg, og kjøpte ein haug som eg kunne ha på kontoret når eg blit sittande lenge på jobb, og blir svolten slik i fire-fem-tida. Fy F#¤%. Ikkje mykje godt! Mektig ja, og det er mogleg det er slankande - for fytti rakker'n så kvalm eg blir, men godt - nei!!
Ikkje får eg god samvittigheit heller. Eg sit på kontoret klokka fem, det er sommar, og eg burde vere ute for å flørte med gutar, drikke vin og skravle med veninner. Eller eg burde vore på sydentur. Men kva gjer eg? Jobbar på spreng for å bli ferdig med alt eg skal, og koplar av med å skrive blogg. Det er livet sitt det!!
I dag har eg hatt møte med Fjellstyret i Vågå. Det fine med jobben min er at eg lærer mykje om ting eg ikkje kan nokonting om frå før. Som at 70% av Vågå kommune er eigd av staten, og det området kallar vi statsallmenning (i Sør-Aurdal til dømes, har vi ikkje statsallmenning). Så når eg køyrer heim til Valdres, så er det slik at dei hyttene eg ser langs vegen ikkje held til på privat grunn, men på festa grunn. (No vart eg forreisten veldig usikker på om verbet "festa" er rett - det såg plutselig så rart ut). Og det er altså Fjellstyret i Vågå som har med fiske- og jaktrettigheiter, dei fører oppsyn og tilsyn og har eigentleg med alt å gjere.
Eg lærer også slike ting som at det blir fiska for lite i Vågå, og når ein fiskar lite, så blir fisken liten og pjuskete. Noko som er logisk når du får tenkt deg om eit par gonger.
i Vågå seier dei forresten ikkje "å renske fisken", men "å måggå fisken". Ustyrteleg morosamt spør du meg!
Og ja, eg hadde møte med fjellstyret for å høyre om samarbeid mellom dei og skule og barnehage. Det er jo sjølvsagt viktig vi bruker dei flotte areala våre til å lære opp ungane våre i natur, fjell, jakt, fangst og ikkje minst til å vere stolte av desse flotte områda. For dei er verkeleg flotte! Og maten ein finn i desse områda er mykje betre enn Skyr. Sikkert sunnare også...









