onsdag 29. september 2010

Haustdrømmer

Hausten er drømmetid. Ingenting er betre enn å gå lange turar i haustvêret og la tankane flyge. Drømme om alt eg skal oppnå og oppleve i framtida. Den andre favorittsysla er å tulle seg inn i eit teppe i sofaen, lese ei bok og berre kjenne på at eg eigentleg er ganske lykkeleg. Det er fint. Sjølv om eg gruer meg til vinteren.

I helga hadde eg besøk av min kjære veslesøster. Og vinteren er komen til fjellheimen. For ho måtte snu midt oppe på Valdresflya fredagskveld, og då vart turen til Vågå plutseleg på 39 mil. Gjev kanskje ikkje meirsmak å kome til Vågå...Eg gjekk meg ein tur mens eg venta på at ho skulle komme, og her kan du sjå bilete av kontrastar mellom haust og vinter:

Men trur det vart litt betre på sundag, då vi gjekk på småbarnskafeen sitt bruktmarked, og der fann vi barnevogn. Og ja, ein ny Blåfjelldøl er på veg. Det er sjølvsagt ikkje meg denne gongen heller, men eg skal bli tante. Ida har ønskja seg unge sidan ho var bitteliten (ho skulle bli Mamma når ho vart stor - eg skulle bli heks), så dette er berre moro. Eg skal kjøpe masse ting!

Elles drøymer eg om å reise. Har jo ikkje vore utenlands sidan eg var på Gran Canaria(!) for nesten eit år sidan. Så på impuls, søkte eg på eit stipend om å reise på Comenius kontaktseminar for å finne partnar (altså ein skuleeigarpartnar i utlandet, som Vågå kan samarbeide med), og jammen fekk eg ikkje støtte. Så eg reiser til Budapest i desember, og eg gler meg!! Men innan den tid skal rapporten for forprosjektet vere ferdig..så det blir to travle månader framover.

Elles tenkjer eg å reise ein varm plass i desember, når jobben min er over. Drømmer om Mexico! Men på onsdag skal eg til tannlegen...og eg er redd rekninga blir stor. Kan ikkje hugse sist eg var der, og no kjenner eg det verker over alt..ser for meg sjokkrekningar på 50 000 kroner. REDD ja..og ikkje for fysisk smerte, men økonomisk smerte...

mandag 20. september 2010

Mamma?!

Møtefri dag i dag, og slike dagar kan brukast til lenge etterlengta besøk i barnehagane og på skulane. I dag stod Vågås minste skule for tur - Tessand oppvekstsenter. Og når ein fyrst kjem seg dit, kjem ein seg ikkje bort. For det fyrste får eg mat (passar jo på å komme midt i matpausa), sidan barnehagen der har innført ordning med at dei lagar mat der, slik at foreldra "slepp" å sende med nistepakke. Så får eg spørsmål: "Skal du vere med på samlingsstund?". Slikt seier vi jo ikkje nei til. Etterpå kjem spørsmålet: "Skal du bli med ut for å leike bjørnen sover?". Det kan ein jo heller ikkje si nei til. I det heile take får eg meg mange nye vener, og får til og med kompliment for skoa mine. Det største komplimentet er vel då ein av dei søte små skrik: "Mamma!!" med forvilt stemme når eg går vekk. Jøss, tenkjer eg, og tenkjer også at dei små verkeleg er tillitsfulle. Men skal vel ærlig innrømme at morsinnstinktet ikkje er vekt enno!

Fantastisk dagar i førre veke med mange musiske innslag. Les meir om det her og her.

Bursdagsfeiring av veninne i helga. Meget moro! Neste helg får eg besøk av syster Ida, og har planar om at eg endeleg skal få gått denne fjellturen alle pratar om....

torsdag 16. september 2010

Ryddig! Endeleg..

I dag har eg brukt arbeidsdagen på å rydde kontoret mitt (ikkje rydde ut, men altså rydde opp), og det var godt. Eg har det siste halvåret slengt alle papir og dokument ned i ein svær skuff.


No fekk eg systematisert, sett inn i permar og fekk orden. Eg har også fått opp vitnemål for bachelorgrad, mastergrad og ppu på veggen. No føler eg at eg begynner å få eit triveleg kontor. Og som kjent gjev rot rundt meg rot i hovudet, så var vel på tide å få rydda opp.


Dette har vore ei god veke. Har arrangert to meget vellukka kursdagar i musikk for tilsette i regionen, og det er fantastisk å sjå lærarar gløde for faget sitt slik eg har sett desse to dagane. Det gjev i alle fall meg inspirasjon til å kjempe vidare i jobben!!

I kveld skal Jon Roar Bjørkvold inspirere i Vågå kulturhus, og i morgon skal han møte arbeidsgrupper i prosjektet vårt. Eg vil difor avvente stort tankearbeid til etter dagen i morgon, når mykje arbeid skal koordinerast, vi skal "tenke på tvers". Håper på fullt hus i kveld, og reknar med det blir inspirerande!!!

Eg har fått nokre bekymra meldingar frå folk rundt omkring etter nokre innlegg på bloggen min. Ikkje frå familie eller dei venene som kjenner meg best; dei veit at når Hanne skriv, så overdriv ho. Ho brukar ironi, og verkar det som ho heng ut andre folk, så heng ho eigentleg ut seg sjølv (som til tider er både sjølvsentrert, mangler perspektiv, trur verda ikkje klarar seg utan meg og så vidare). Slik har det alltid vore på bloggen.

Når eg skriv om meg sjølv som er sliten og begynner å gråte fordi eg slår foten min, og tenkjer at det er mest synd i meg i heile verda, då meiner eg ikkje det. Ja - eg tykkjer synd i meg sjølv, men slike reaksjonar er heilt normale når ein er sliten. Rekk opp handa alle dei som aldri er sliten, og aldri tenkjer at alt er fælt. Å tenkje destruktive tankar er heilt normalt (håper eg), men det er kanskje ikkje mange som skriv om at dei føler det slik. Og poenget mitt har alltid vore at eg (ikkje minst eg!) må bli flinkare til å setje ting i perspektiv.

Når eg skriv "for vaksne folk klarar seg jo ikkje utan meg - dei kan jo korkje skrive eller prate", så gjer eg sjølvsagt narr av meg sjølv som oppfører meg som om vaksne folk ikkje klarar seg utan meg. Eg veit at folk med lengre arbeidserfaring, høgare alder og høgare løn, fint klarar seg utan min hjelp. Nok ein gong; eg gjer narr av meg sjølv.

Når eg skriv om at eg drøymer om andre jobbar, så er det sant. Kven tenkjer ikkje i blant: "Herregud, eg skulle ønskja eg jobba i ein klesbutikk, og kunne gå heim klokka fire utan å tenkje meir på jobb" eller "Eg lurer på om eg skal flytte til Spania for å jobbe der" eller "Eg vil reise jorda rundt". Det er heilt normalt (trur eg), men det betyr ikkje at vi gjer det. For det er noko som får oss til å bli der vi er. I mitt tilfelle fordi eg elskar jobben min, gleder meg til å gå på jobb kvar dag og fordi jobben stort sett gjev meg energi (men nokre dagar er man sliten og tenkjer at alt går ad undas, men det er normalt).



Konklusjonen er at det ikkje er nokon grunn til bekymring. Eg vil helst ikkje at folk skal synes synd på meg. Eg er stor jente og klarar meg sjølv. Er eg ikkje fornøyd, så gjer eg noko med det. Eg var møkklei den førre jobben min, og då slutta eg. Det gjer eg her også om eg ikkje er nøgd. Eg lar ikkje ting gå på helsa laus, og eg trur eg aldri har vore lykkelegare enn no. Eg har ein jobb eg elskar, eg liker min nye heimplass, eg har ein arbeidsgjevar som gjer meg enorm fridom og tillit i det eg gjer (og som tvingar meg til å ta ferie), eg har gode vener, eg har begynt å spele handball att, eg har ein familie eg er glad i og eg er stort sett stabil. Så la meg då behalde drømmen om å reise jorda rundt - ein gong i blant når eg treng drømmen om noko anna. Og la meg få lov til å vere ærleg, ikkje pakke inn bodskapen og la meg få lov til å si det slik det følest og slik som det er. Hadde eg vore ulykkeleg, hadde eg ikkje skrive om det på bloggen. Så den gongen de skal vere mest bekymra, er viss bloggen oser av positivitet og alt virkar rosenrødt. Då er det fare på ferde!

For unge Blåfjelldal drømmer om andre stader og andre tider - eg overdramatiserer, gjer narr av meg sjølv (og nokon gonger andre), eg bruker ironi og sarkasme og ja, eg er litt bitter. Men det betyr ikkje at eg ikkje har det bra - snarare tvert i mot.

søndag 12. september 2010

Verdiskapningen - vårt nye bygdedyr?

Inspirert av sjefen på nynorskkurs, tenkte eg at eg skulle gå systematisk til verks for å finne ut kven denne verdiskapningen er.

Eg startar med google: Verdiskapningen ga "91 200 treff". Det må vel bety at han finst?

Fyrste treff er frå noko som heiter Kunnskapssenteret.com. Dei meiner Verdiskapningen er: Verdiskapningen i et samfunn er på mange måter lik verdiskapningen i en bedrift.

Dette gjorde ikkje meg mykje klokare, sidan eg korkje har truffe på Verdiskapningen i ei bedrift eller i samfunnet.

På Nytid.no finn eg ein kronikk av Petter Bae Brandtzæg med overskrifta "Verdiskapning 2.0". Eg skjønner ikkje så mykje, men det er tydeligvis snakk om ein ny skapning du kan finne både på facebook og twitter. Eg er mykje på facebook, men Verdiskapningen har eg ikkje sett.

På nrk.no finn eg ein artikkel med overskrift: "Skurker gir verdiskapning". Med eit sitat av ein politibetjent: - Hvor verdiskapningen blir lokalisert avhenger av hvor politiet eller advokaten hører hjemme, sier Brathaug.

No føler eg at eg begynner å nærme meg, når eg finn ut at verdiskapningen er der det er mykje politi og advokatar. Det må vel bety at vi er trygge her i Vågå - i tilfelle Verdiskapningen er slem.

På flerkulturell.no kan vi også lese om at det finst noko som heiter "Norsk senter for flerkulturell verdiskapning". Noko som kanskje er sjølvsagt - sidan vi lever i 2010. Så klart er skapningen multikulturell!

Men eg blir meir forvirra. På petro.no kan vi lese om at verdiskapningen i vatn er tre gonger høgare enn den på land. Då blir eg forvirra; finst det verkeleg to verdiskapningar?

Men PUH!!! På oa.no finn eg det eg leitar etter: "liten verdiskapning i Oppland". Det må vel berre bety at eg er trygg. Eg slepp å møte på Verdiskapninga på gåturen min i Vågåmo i kveld også.

Viss du lurer på kva eller kven Verdiskapninga er, kan eg oppsummere: Han er ikkje det nye bygdedyret, for han finst ikkje på bygda, men han finst i bedrifter eller på facebook. Verdiskapningen likar seg i nærleiken av skurkar, og han er større på vatn enn han er på land. I alle høve er Verdiskapningen fleirkulturell. Og du finn han ikkje i Oppland (eller han er i alle fall liten der).

(For ordens skuld: Ordet "verdiskaping" gav 177 000 treff i google - noko som i alle fall betyr at rett norsk har seira - til no).

Nynorskkurs og språktips

Tek ei pause i sundagsarbeidet her på kontoret (eg treng snart hjelp!) - for å skrive nokre ord om kva eg lærte på nynorskkurs her i kommunen på torsdag. Det fine med å jobbe i ein nynorskkommune, er at vi får tilbod om slike kurs. Det viktigaste fyrst: eg har lært meir fine og smarte triks på desse kursdagane enn eg gjorde i norskundervisninga i grunnskule og vidaregåande (eller kanskje var det berre at eg denne gongen var ein elev som faktisk høyrte etter??). Og det er eit godt utgangspunkt.

Stikkordsliste over lærdom og smarte triks frå nynorskkurs med Mathias Øvsteng her i Vågå:

1. Det er ikkje feil. Det er berre frykteleg dårleg (sagt om dårleg kommunalt språk direkte oversett frå byråkrat-bokmål).

2. Skriv det slik du ville sagt mens du prata med naboen over gjerdet

3. Eit medium - mediet - fleire medium - alle media er rett bøying (også på radikalt bommål). Her syndast det mykje i avisane, og det er feil å seie: "Eg går på media" (som i tydinga eg går på medie-linja)

4. "No må vi sørgje for verdiskapning" er artig norsk. Kva for skapning er ein verdiskapning? Og ordet er visstnok også sagt av fleire politikarar i tv-sendte debattar. Høyr etter neste gong!

5. Å seie "Vi må søke om middel" er også feil. Middel betyr ikkje pengar, men eit verkemiddel. Det heiter "midlar" som kjem frå ordet "ein midel" som betyr peng.

6. Å seie "vidaregåande skule" er også heilt feil. Strengt tatt betyr det at skulen er vidaregåande, mens vi eigentleg meiner skule for elevar som er vidaregåande.

7. Byråkratspråk: "Den over stenen hoppende haren var veldig stor". Ikkje skriv!!

8. Det heiter EIN kommune (og ikkje ei kommune), og skal bøyast som hankjønn. GLØYM IKKJE.

9. Gjer det enkelt. I staden for skule-heim-samarbeid (som ser dumt ut å skrive), kan du skrive "samarbeid mellom skule og heim".

10. Tipset alle burde lært på skulen: "Er det a i fortid, er det a i notid". Dette gjeld altså verb. Lurer du på om det heiter "kjører" eller "kjørar"? Kva gjorde du i går? jo; eg kjørte. Då heiter det "Kjører" eller "køyrer". Men kan vere forvirrande for oss frå Valdres, og ikkje alltid til å stole på. Eg seier "I går arbeida eg". Men det heiter "arbeider" i presens. Jaja..forvirring optimal! Men det funkar i 99% av tilfella!

(og ja, eg veit førre innlegg på bloggen var skikkeleg "syte-innlegg", og eg lover det ikkje skal bli ein syteblogg. Eg har det eigentleg veldig bra - men har ein lei tendens til å ty til sjølvmedlidenheit når eg er sliten. IKKJE BRA).

fredag 10. september 2010

I like the way it hurts

Eg var på handballtrening i går. I dag klarer eg nesten ikkje å gå. Eg kjende det allereie etter å ha stått i mål i ti minutt at dette kjem til å gå ad undas. Etter ein times handballtrening ga eg opp, og brukte den siste halvtimen til å sitje på sidelinja der eg observerte og tøyde ut mine noko øydelagte bein. Eg hadde gløymt at det var så slitsomt å stå i mål. Enno no var vi tre keepere som bytta på, men eg var skutt. Beina mine er heilt ødelagt, enno eg følte eg ikkje bevega meg i det heile take. Men tydeligvis bevega eg nokre "musklar" som har fått kvile i 11 år.

MEN; det er jo godt å kjenne på at ein har brukt kroppen sin att. Det er vel ein god smerte, og eg har ikkje tenkt til å gje meg. Men eg trur ikkje eg skal gå på ein smell i starten av (hadde eg pressa meg sjølv hardare i går, hadde eg nok ikkje klart å gå i dag). Og etter kvart får eg kanskje meir overskot og glede av dette. Men akkurat no føler eg at eg ikkje får tid viss eg skal gjere jobben min skikkeleg (sjølv om eg vurderer å jobbe mindre, slik at innsats står i forhold til løn).

Ei smerte som ikkje er god, er den som er oppe i hjerna mi. Eg føler meg pressa frå alle kantar, og føler eg har null kontroll. Eg skriv referat, rapportar og organiserar, og har ikkje kontroll på noko som helst. Og i dag begynte eg å sjå om eg fann ledige stillingar i skuleverket i Spania, der eg kan undervise, og arbeidsdagen ender klokka 16, og det berre er varmt. Det er i alle fall lov å drømme! :)

Eg veit det går over, og 80% av dagane elskar eg jobben min, men det er tungt. Så tungt. Og eg treng nokre lyspunkt no. Heldigvis - for fyrste gong på laaang tid - skal eg ha ei helg utan festing og alkohol. Har store planer om å ligge mykje på sofaen, rydde kåken, vaske klede, og gjere unna alle dei arbeidsoppgåvene som heng over meg (som ikkje blir gjort viss eg ikkje gjer dei).

Og det finst lyspunkt: som ein kollega som ga meg ei flaske vin i dag før han gjekk heim. Det er hyggelege kollegaer det!! :)

God helg! :)

søndag 5. september 2010

Verdsmeister Hanne

Dei som kjenner meg, veit at eg etter litt (eller mykje) vin kan bli ganske høg på meg sjølv. Som eg elskar å prate om Hanne og kor fantastisk eg er! Også er eg verdsmeister i alt. For litt under to veker sidan, fekk eg ei teksmelding frå ei veninne i Vågå, der det står: "Håndballtrening i morgon. Du kan sitje på. Vi køyrer klokka sju frå Vågå". Då demrer det for meg at eg truleg på ein fest har prata om at eg er knallgod i håndball, og at det er eit hån mot håndballsporten at eg ikkje speler håndball lenger. Då vart eg redd, og sendte melding attende om at knebeskyttarane mine låg i Valdres, og at eg skulle bli med når eg fekk henta heim dei.

No er eg heime i Valdres, og har funne knebeskyttarar og håndballbukse md nummeret "73" på. Utstyret er ikkje blitt brukt på over 10 år. Eg var då håndballkeeper på Fagernes sitt J16-lag. Eg var tøff i trynet og tjukk, og difor stod eg i mål. No er eg ikkje tjukk lengre, men har fiskebollearmar og nikotinkondis. Ikkje kan eg gå ned i spagaten lengre heller. Tøff i trynet er eg enno. Eg trur ikkje eg tør. Otta sitt damelag spelar i 3.divisjon, og eg tenkjer det er litt for høgt nivå for meg. Dessuten er eg livredd for å vere elendig, bli gjort narr av, vere redd ballen og ikkje klare noko som helst. I mitt huggu, er eg nemlig like god no som det eg ein gong var. Når eg tenkjer rasjonelt, skjønner jo også eg at eg ikkje er det, og at det vil ta litt tid å trene seg oppatt. Og at eg kanskje heller burde starta med bedriftshandball.

Men no tek eg i alle fall med meg knebeskyttarar attende til Vågå. Så får vi sjå om eg tør å bli med på ei trening. Dessverre, så vakna eg laurdagsmorgon med ein hoven fot etter å tråkka over ein eller annan plass på veg heimatt frå personalfest. Så kanskje blir den hovne foten eg pådrog meg etter litt for mykje vin i Jutulheimen, grunnen til at det blir med tanken om å gjere handballcomeback...

fredag 3. september 2010

Sur

Eg tykkjer frykteleg synd i meg sjølv om dagen, og må difor bruke bloggen som terapi. Her kan du sjå korleis eg ser ut no:

På onsdag, kom eg passe seint heim att. Dreg meg bort til kjøkkenet for å gjere eit forsøk på å lage mat. Tykkjer i utgangspunktet ganske synd i meg sjølv fordi eg var så sliten og hadde jobba så hardt. Så skjer det!! Eg sparker bort i stolen, får kjempevondt og legg meg rett ned på golvet og begynner å grine. Då skjønner du at du er sliten! Og når du tenkjer at du har det verst i heile verden, tenkjer du at du verkeleg har perspektiv på ting..

I går var eg på gråten att. Kjende eg begynte å bli forkjøla. Tykkjer så synd i meg sjølv, at eg røyker to sigaretter etter kvarandre. Tenkjer: kan ikkje bli sjuk no! Verda går under viss eg blir sjuk. Kven skal planlegge alt som skal planlaggast? Då går alt skeis! Og skal eg droppe personalfesten i morgon? Då kjem jo alle til å sakne meg! Heldigvis kjennast det betre ut i dag, slik at alle får glede av meg på personalfesten.

I dag; må opp tidleg fordi skuleverket starter inn i granskauen tidleg. Personalmøte på Lalm klokka 0730. Klarer ikkje prate skikkeleg når eg møter dei, stokker orda og seier feil. Men på eitt eller anna vis klarte vi no å kommunisere. Tykkjer kjempesynd på meg sjølv som er så trøtt og sliten..

Møte i to undergrupper rett etterpå. Likt. Veldig synd i meg som må springe frå gruppe til gruppe (for vaksne folk klarar seg jo ikkje utan meg - dei kan jo korkje skrive eller prate) for å få med meg kva som skjer. Tykkjer det går for sakte, og ikkje slik eg vil. Tykkjer kjempesynd i meg sjølv. Held på å å bryte saman når eit av medlemma seier at ein av dei tilsette hadde spurt ho: "det skuleprosjektet - er det lagt på is??". Begynner nesten å gråte mens eg hyler: "Eg gjer så godt eg kan, og så får ikkje folk med seg kva vi gjer! ER EG SÅ HÅPLAUS ELLER ER FOLK DUMME???"

I tillegg slit eg med organisering av ei musisk veke med påmeldingar til to kursdagar i musikk. Eg får ikkje så mange påmeldingar som eg ønskjer frå dei andre kommunane, og blir sint på folk som ikkje melder seg på, og tenkjer: idiotar!!! Her arrangerer Vågå kurs for heile regionen, og så gidd dei ikkje melde seg på! Og dei to påfølgande dagane kjem Jon Roar Bjørkvold, og det krever sitt av annonsering og å få ut informasjon (som tydeligvis aldri blir bra nok). Tykkjer synd i meg sjølv fordi folk rundt meg ikkje tykkjer det her er like viktig som eg gjer..

I tillegg alle rapportar eg må føre i penn, referat og all galskap. Er det rart eg synes synd på meg sjølv?? Er det rart eg tenkjer at eg har den verste jobben i verda og at alt ville gått under utan meg? Og då ser eg slik ut:


Vel...alt ser nok lysare ut i morgon. Eg klagde i min førre jobb fordi eg følte det eg gjorde var meiningslaust og at eg ikkje utgjorde nokon forskjell. No trur eg at eg utgjer ein kjempeforskjell. Det er vel då ein må lære seg å sleppe taket, og skjønne at Vågå klarte seg fint også før eg kom hit...

torsdag 2. september 2010

Mitt Vågå - del 1

Okey. Eg skal innrømme det. Eg har sett mest innsida av kontoret mitt denne veka også. Men etter eg kjem meg heim frå jobb utpå kvelden, prøver eg å tvinge meg sjølv ut. Og det gjer godt når eg kjem meg ut. Her ser du mitt vakre Vågå på mine daglege turar. Tatt nesten på toppen - når eg er så andpusten eg ikkje klarar å prate.