Dei orda har eg tenkt mykje i dag. Ryktene om at det var nokre FrP-folk i Tromsø som hadde støtta dødsstraff frå talerstolen i kommunestyret, nådde meg alt i går. I dag fekk vi lese det på trykk i nettavisene.
Eg bruker ofte å respektere andre sine meiningar. Men når det kjem til grunnleggjande spørsmål om menneskesyn, klarer eg det ikkje. Eg lurer på kva slike folk er blitt utsett for i barndommen, når dei klarar i fullaste alvor å vere for dødstraff. Dette er ofte dei samme folka som er svorne motstandarar av abort - fordi dei er i mot å ta liv. Av alle dobbeltmoralistiske ting i heile verda, må dødsstraff vere det verste. At offentlige myndigheiter skal kunne straffe noko med døden strider mot mine liberale prinsipp om at livet er ukrenkeleg. Å ja - folk gjer avskyelege ting, og eg skjønner om folk har lyst til å drepe folk som har skada dine næraste. Men det er ein grunn til at det er staten som skal ta seg av straff - slik at det ikkje utviklar seg til auge for auge og tann for tann. Å straffe drap med drap finst ikkje logisk. Dessuten er det inhumant.
Å vere for dødsstraff er så idiotisk at eg ikkje orker å diskutere med slike folk. Og viss ein ser på dei dustete argumenta, som er: "eg er berre for det i enkelte groteske tilfelle" (akkurat som det skulle gjere saken betre??)eller "eg ønskjer det berre der det er 100% sikkert" (når i alle dagar er det då??). Det finst ingen logiske rasjonelle argument for dødsstraff, og eg avskyr folk som er for slik straff og land som bruker slike straffemetodar. Det er ein slik sak eg er kompromisslaus på - eg hugsar eg hadde ein dude som fortalte meg at han var for dødsstraff, men berre i krig (som om det gjer saken betre..). Frå og med då, mista eg all respekt for han. Og det kunne berre ikkje gå meir. Eg slutta også ein gong å date ein fyr fordi han drakk te og ikkje kaffe på date, men det er forresten ein annan historie..
Det er godt å kjenne at engasjementet er der fortsatt. Og at eg kan bli opprørt. Og at eg har tru på noko. Tru på liberale verdiar og menneskeverd. Også var det frykteleg godt å sjå at Per Sandberg var raskt ute og tok skikkeleg avstand frå desse folka. Men å si at "dei slit litt" er vel å underdrive...
Dessverre trur eg det er fleire enn desse sju oppe i Tromsø som er for dødsstraff i Noreg (undersøking som kom i dag viser at 25 % er for). Og det er kanskje bra slike haldningar kjem til syne, slik at vi får debattert dei i det offentlige rom. Eg trur også skulane våre har eit ansvar i å lære opp elevane våre i menneskerettar, og til å respektere rettar som retten til liv og retten til ytringar. Lykkast vi med å skape "gagns menneske" i skulane våre, så vil vi sleppe primitive haldningar som dette i eit liberalt land som Noreg.
torsdag 28. oktober 2010
mandag 25. oktober 2010
Eg er populær!
På fest i helga, så var det nokon som sa noko interessant til meg (vel..dette er det einaste eg sikkert hugsar frå festen, og ein hugsar jo berre det som handlar om deg sjølv): "Lite kult a..du er den 3.mest søkte-på-personen i Vågå på Vg sine skattelister". Vedkommande meinte dette kvalifiserte til kjendisstatus. Vel..eg var nettopp inne og sjekka, og no er eg heilt nede på 8.plass. 37 personar har søkt etter kva eg tjener på VG-nett (rett tal er vel då 35 eller 36 sidan eg har vore inne ein eller to gongar sjølv). Så joda - kanskje det eigentleg ikkje er slik at det er eg som leitar etter kommande ektemann på nett, men at det er unge karar som skal finne ut om eg er noko å satse på. Vel; det som ikkje står i skattelistene er utstyrskista mi (med alt sølvtøyet), og det faktum at eg har gjeld fem gonger eiga inntekt. God bedring til deg som vil satse på meg!
Sit i Oslobygda no. På Bondeheimen (sjølvsagt!). Vi held tradisjonane ved like, og bur her Tor Jonsson brukte å henge då han levde og tilbrakte tid i Oslo. Attende til Vågå i morgon. Då har eg store planer om å snike meg inn på eit folkemøte/informasjonsmøte om "Spikartelt". Det tok lang tid før eg turte å spørje nokon om "Kva er eigentleg spikartelt?". Men no har eg gjort det, fått svaret og har verkeleg tenkt til å finne ut av kva det er dei skal diskutere, og kva dei kranglar om. Eg har nemleg, frå fyrste gong eg fekk høyre ordet, ein stor fascinasjon for spikartelt. Ulogisk namn, merkeleg oppfinning og ei kjerne til krangel. Kan ikkje bli noko meir en action, og eit godt døme på sentrum-perifiri-konflikt (eller kanskje er det "folk flest" mot byråkrati-konflikt??).

onsdag 20. oktober 2010
JAAAA! Skattelister!
I skrivande stund, er ikkje lengre skatteoppslag hovudoppslag på VG-nett, men no har "fedmeduellen" take over. Det er tydeligvis to ting som engasjerer om dagen: er det din egen feil om du er tjukk, og kor mykje tjener kollegaen eller alle kjendisane.
Eg hugser då eg var liten. Då var ikkje skattelistene på nett. Men til gjengjeld fekk vi kjøpt dei i alle butikkane heime i Bagn. Trykt opp i eit fint hefte. Alle heimane hadde ein. Eg hadde moro av å allereie då sjå etter kven eg skulle gifte med meg når eg vart stor - eg såg etter kven som hadde foreldre som var rikast. Vel..eg er fortsatt ugift.
Det er mykje kulare no. No går eg rett inn på VG-nett. Der skriv eg inn mitt eige namn, og så kan eg finne ut mellom anna kor høgt eg er rangert i 1981-kullet. Og eg er den som tener 9.mest av alle fødd i 1981 i Vågå kommune (forresten veldig rart å sjå eg er lista opp i Vågå, og ikkje Sør-Aurdal). Då finn eg samtidig ut kven som er den beste fangsten av menn fødd i 1981. Vel..eg veit ikkje kven nokon av dei er, men skjønner det er håp om å finne ein som er rikare enn meg.
Og ikkje nok med det! Eg får også opp oversikt over 1981-kullet i Noreg (utan at eg har bedt om det). Eg er på 21 825. plass i Noreg i 1981-kullet. Brede Hangeland toppar, med Azar Karadas som nummer 2. Dei tener ganske mykje meir enn ein stakkars lektor.
Samtidig finn eg ut kor mange som har søkt på mitt namn på VG-nett sine skattelister. Og eg kan også finne ut "eigentlege inntekt". Eg har aldri eigentleg skjønt dette. For kva er det inntekta som står, og kva er eigentleg vitsen med han, viss han ikkje er eigentleg? Vel - det finn eg sikkert aldri ut av.
Men no må eg ut på vift. Eg har store planar om å finne ut kven dei åtte fødd i 1981 i Vågå over meg på lista er.
PS: Eg har fått meg t-skjorte i størrelse XXL med "La g35 leve" på. Eg skal heim og gjere han om til trendy kjole no. Bilete kjem!! :)

tirsdag 12. oktober 2010
Uuuuutlandet!
Here I come!! Lenge sidan sist eg har vore så i ekstase over ein snartur til eit anna land. Men no er eg det. Når det førre framande landet du var i heitte Syden (nærare bestemt Gran Canaria i eit Spania der du må leite for å finne spansk), skjønner du at det er på tide å kome seg vekk.
Så når eg då får førespurnad om ein stressopplegg-tur til Brüssel for å lære om korleis vi skal fremme kultur og kreativitet hos ungar, då seier du ja takk. Og eg gler meg så. Har blitt inngrodd i ein liten dal i eit lite navlebeskuande land. Treng andre impulsar. NO!!!
Reiser i dag. Framme i kveld. Konferanse i morgon. Attende i morgon kveld. Er på Lillehammer att 0135 natt til torsdag. Må overnatte på Lillehammer sidan eg ikkje tør ta sjansen på å køyre attende til Vågå midt på natta. Full fart til Vågå att klokka sju neste morgon for å rekke møte klokka 10. Så blir det full fart attende til Hamar på kvelden att sidan eg skal i møte med Fylkesmannen tidleg dagen etterpå. Og SÅ??! OOOOOOOOSLO. Og Lady Gaga!! Og Alejandro! (og forhåpentligvis bestilling av tur til Mexico over ei flaske tequila). Slitsomt, men verdt det!!!

mandag 11. oktober 2010
Språkrot hos Dagsavisen
Ein gong i månaden er eg fast spaltist i Dagsavisen i spalta "Blåmandag". Og no har Dagsavisen funne ut at dei skal lese korrektur på bidraga mine. Og anten har Dagsavisen elendige korrekturlesarar, eller så prøver dei å framstille meg som ein tulling. Eg veit ikkje kva som er verst. I mitt siste bidrag, så har dei klart å "rette" ord som er korrekt norsk med ord som ikkje er det, dei har "retta" god nynorsk til meir konservativ nynorsk og dei har klart å "rette" kjønnet på eit substantiv.
Sjå på det her:
1. "Misnøya" retta Dagsavisen til "Missnøya" (er retta oppatt i nettartikkelen, men står enno feil i papirutgåva)
2. "Sin dialekt" retta Dagsavisen til "Si dialekt"
3. "Tør" retta Dagsavisen til "torer" (her er det valfritt, og eg bruker "tør" i min dialekt)
4. "Dessverre" har dei retta til "diverre" (også her er det valfritt).
Eg var så sint at eg nesten grein i stad, og eg klarte ikkje gjere noko som helst utan om å gå meg ein lang tur. Javisst veit eg at eg ikkje er nynorskekspert enno, og at det er feil både her og der (spesielt her på bloggen kor eg ikkje les så nøye korrektur, og eg også blandar inn dialekt og munnleg språk). Men bidraga til Dagsavisen bruker eg å lese ganske nøye gjennom.
Eg kan forsvare mine eigne feil. Men eg klarar ikkje forsvare feil gjort av andre i det eg liksom skal stå bak. Og eg liker ikkje at folk øydelegg det eg skriv med stupide feil. Eg veit ikkje kor Dagsavisen hentar korrekturlesarane sine hen, men truleg ikkje frå Norsk språkråd. For ordens skuld, så retta dei "si" til "seie", som var ei korrekt retting. Men det forsvarar ikkje at dei gjer fire feil (og to av dei ganske grove).
SINT NO JA. Så sint at eg vil be dei reise ein viss plass, og om at dei får finne andre spaltistar. Mogleg eg roer meg snart...men det tek lang tid. OGSÅ MISSNØYE DÅ?? Kor har dei lært norsk hen???

Utdannar vi elevane vekk frå kreativitet?
I eit forsøk på å førebu meg til eit seminar i Brüssel i morgon om kreativitet hos ungar, driv eg no og les meg opp om både ein organisasjon som heiter CCE (Creativity, Culture and education), og ulike program i andre land. Og eg har fått meg ein ny helt. Han heiter Ken Robinson. Eg vil anbefale dette foredraget av han. Det tek tjue minutt, og det er truleg dei best brukte tjue minutta dine i dag.
Ken Robinson meiner at kreativitet bør ha samme status i skulen, som lesedugleikar har i dag. Han meiner at vi gjennom skulegangen lærer oss til å bli livredde for å ta feil, og difor sluttar å prøve. Men som han seier: Viss du ikkje er førebudd på å ta feil, vil du heller ikkje komme opp med noko kreativt. Vi utdannar difor folk vekk frå kreativitet.
I alle skulesystem i verda, så er målet akademisk kunnskap, og ein skulle nesten tru vi utdanna alle til å bli professorar på universiteta. Og vi ser på kroppen som noko som skal frakte hovudet (og gjerne berre den eine halvdelen).
Ken Robinson seier vi må revurdere synet vårt på kva intelligens er. Det må ikkje bli slik at dei som ikkje er gode på akamdemisk kunnskap går gjennom skulen og føler seg som taparar. Det mange (dei fleste?) er gode på blir ikkje sett pris på i dagens skule, og difor må vi endre måten vi ser på kunnskap.

søndag 10. oktober 2010
Verden kallar Hanne - HALLO??!
Eg var totalt utmatta førre veke. På tysdag såg eg ut som ein zombie, og då skjønte eg at eg måtte gjere noko. Eg bestemte meg for at eg skulle reise heim. Og to dagar med heimekontor her heime i Valdres hjalp på. Roen senka seg over meg, og eg fekk til og med lest ut "Skilpaddens sang" av Jon Roar Bjørkvold. Og eg fekk også kryssa nokre høgdemeter (som eg sjeldan gjorde då eg budde her) der eg fekk utsikt over Bagn:

Då helga kom, fann eg ut at eg skulle reise til fjells. Full av optimisme pakka eg sekken full av faglitteratur og pcen min - og tenkte at no skulle eg verkeleg få lest all den faglitteraturen eg ikkje får tid til elles (tenker jo jobb heile tida). Vel..noko skjer med ein gong ein kjem opp på fjellet.

Eg las nokre sider i ei fotobok, men etter det ga eg opp. Fjellet og stillheita oppmuntrer til latskap. Eg fann ut eg skulle prøve meg på noko skikkeleg skjønnlitteratur. I valet mellom Varg Veum og husmorporno (som var det einaste eg fann på hytta), så vart det Varg Veum. Heile to bøker om Varg Veum gjekk med i løpet av helga. Mogleg eg berre ikkje har gjeve bøkene ein sjanse før (eg bestemte meg tidleg for at einaste krim'n eg likte var Agatha Christie, og alt anna vart dårlege etterlikningar) - men dette var verkeleg bra. Veldig gode skildringar og humor - sjølv om eg mistenker at bøkene vart mykje betre etter at det vart mogleg å sjå for seg Trond Espen Seim springe rundt og pøble i Bergens gater. We like it! WE LIKE IT! :)
Elles var oppskrifta på helga at vi låg rett ut på sofaen, spelte yatzy og stappa inn på junk (og kjempesunn fruktsalat eg hadde putta 200 gram sjokolade oppi). Og eg skal innrømme noko - no når eg er attende i sivilisasjonen med internett og ting ein kan gjere (som ikkje inneber sprelske fantasiar om Trond Espen Seim og eting av kaloriar): det er sant det dei sier om at ein får energipåfyll av ferie. Og at det er bra for hjerna og kroppen å slappe heilt av i blant. Og verda går ikkje under om eg ikkje sit foran pcen heile helga - og er utan mobildekning langt inne i fjellheimen.

onsdag 6. oktober 2010
Ei reise i språk og kultur (og eit smertefullt besøk hos tannlegen)
Ivar Aasen var litt av ein fyr. I ein alder av 22 år, fann han ut: "Eg skal lage eit nytt språk, og skal basere det på dialektane i Noreg og reise rundt omkring resten av livet mitt". Tenk det a!! Dei 22-åringane eg kjenner drømmer om bil og damer. Ivar Aasen drømte om å lage eit nytt språk (vel..han drømte visst om ei tenestejente også). Og han var singel heile livet! Noko som får meg til å filosofere over kvifor menn som tenner på bil har draget, mens menn som tenner på språk, slit med damene. Kvifor sleit menn som Tor Jonsson og Ivar Aasen slik med kjærleiken? Må du slite med kjærleiken for å få tid og energi til å skrive så vakkert? Eg er heilt sikker på eg ville forelska meg i dei båe om eg hadde møtt dei! (Eg er i alle fall forelska i lyrikken)
Tobakken og Ivar Aasen var likevel kompisar heile livet. Her ser du pipa hass:

Grunnen til at eg har besøkt pipa til Ivar Aasen, er at eg på ein tur til vestlandet fann ut eg måtte innom heimplassen til nynorskens far, og Ivar Aasen-tunet. Det var stort. Eg kjøpte meg eit bærenett med teksta: "Det eg ikkje kan få, det slepp eg å bera på".
Heimatt gjekk køyreturen om Geirangerfjorden. Det gjekk til min store skrekk opp for meg at eg aldri har vore der, så når ein er i nærleiken - kvifor ikkje?? Sikkert ikkje like fint som på sommaren, men no har eg i alle fall funni ut at det slettes ikkje er langt frå Vågå. Så turen går nok attende til både Volda, Ørsta og Stranda til våren.

Og i dag var eg hos tannlegen. For fyrste gong på sikkert ti år (eg tørte ikkje innrømme overfor meg sjølv at eg ikkje hugsar sist gong eg var der). Eg leste i VG om ein som hadde droppa tannlege gjennom heile studietida, og fekk rekning på 50 000 kroner. Trur tannlegen i Vågå lurte på kven eg var og kor eg kom frå når eg etter besøket spurte: "Koster det ikkje 50 000?". Vel - resultatet: Ingen Karius og Baktus. Men eg hadde ein kilo tannstein. Tennene mine følast no som dei er blitt halvert. Tennene var dekka av kalk og skit (sikkert difor Karius og Baktus ikkje fann vegen), og eg har enno blodsmak i kjeften etter at tannlegen borra i tannkjøttet for å få steinen ut. Men no er eg fin, og klarer meg med eitt besøk til for å gjere tennene enno kvitare og finare.
Så no håper eg snart att skattepengene mine kjem, slik at eg kan færra te Mexico i desember!!!

Abonner på:
Innlegg (Atom)