I valgkampen 2009, lærte eg meg at vi som vil imponere med å kunne mange framandord bruker ordet "palliativ behandling" om det folk flest kallar smertelindrande behandling. Då eg vart sendt ut i x antal debattar om aktiv dødshjelp, var det mange som brukte dette ordet for å sette meg ut, og sikkert ikkje trudde eg visste noko som helst. Eg svarte alltid med: "ja, sjølvsagt må den smertelindrande behandlinga bli betre, men i land der ein har innført aktiv dødshjelp, så har ein samtidig sett at den smertelindrande behandlinga har blitt betre fordi ein ser nødvendigheten av å gjere noko med dette". For ja; du førebur deg til debattar når du veit du skal diskutere med sinte leger som ser ut som dei vil drepe deg (eg skal ikkje nemne namn).
Vel - i helga fekk eg oppleve kva smerte er. Og kva enkel smertelindrande behandling kan gjere for både kropp og sjel.
Eg slit med tannverk. Skikkeleg tannverk. Det har vore slik av og på i nokre veker no, og eg har tenkt det går over. På onsdag kom det skikkeleg - og vart kjempevondt. Eg fekk surra meg til tannlegen på torsdag, som konkluderte med at: "det er sannsynlegvis ikkje tannkjøtbetennelse, og vi må sannsynlegvis rotfylle, men sidan eg vil unngå å rotfylle og det er dumt å rotfylle viss det er noko anna, så skal du prøve nokre dager med eit middel for å stoppe tannkjøtbetennelse".
På torsdag var det bra - på fredag kjende eg det allereie om morgonen av - då det det gjorde vondt å drikke kaffe. Det vart verre og verre utover dagen. Klokka 13 gjekk eg heim. Og så avlyste eg eit foredrag eg skulle halde på kvelden(det skal mykje til at eg avlyser ting!). Eg trur eg åt 10 paracet den kvelden, men ting vart berre verre og verre. Eg låg på golvet og skreik. Eg grein (eg grin nesten aldri). Litt fordi eg følte meg einsam, litt fordi eg syntest synd i meg sjølv, men mest fordi det gjorde så inni hampen vondt. Eg vurderte å ringe legevakta for å be om morfin (MORFIN NÅ!), men eg var så uttafor at eg tenkte eg måtte vente. Laurdagsmorgon kunne eg ikkje vente lengre. Eg ringte. Kom meg på legevakten i eit stort smertehelvete, og fekk reist heimatt og take reseptbelagt medisin.
Og som det hjalp! Ti minutt etter eg tok ein tablett, så var all smerta borte. Då hadde eg ikkje lenger lyst til å skyte meg sjølv. Og eg begynte å tenke klart att. Problemet med så store smerter er at du ikkje ein gong klarar å tenke. Det eineste du tenkjer er: "La meg få sleppe!! Eg gjer kva som helst!!!". Og vips; med smertestillande er alle slike dødstankar borte. Så jo; god smertelindrande behandling er viktig.
Men eg tok meg sjølv i å tenke: herregud, kva med dei med verkeleg store smerter? Kreftpasientar til dømes. Smerte konstant heilt tida, og du slepp ikkje unna det. Ikkje ein gong morfin hjelper. Då blir pingletannverken min ikkje mykje å klage over...Då eg begynte å tenke på dette, var då eg beslutta at eg skulle slutte å røyke.
Koss det går no? Faktisk blitt betre. No overlever eg utan smertestillande. Eg kjenner at noko ikkje er som det skal gå. Satsar på at det skal legast av seg sjølv. Hevelsen i halve trynet er også i ferd med å gå ned. Og eg har tenkt til å reise til Oslo i morgon for å halde foredrag om prosjektet vårt på onsdag. Men denne gongen har eg med meg den reseptbelagte palliative behandlinga i veska mi. Slik i alle tilfeller.
PS: Eg var så dum å google rotfylling. Det såg jævlig ut. Så googla eg "rotfylling + pris". Det var om mogleg meir jævlig. Eg såg tusenlappane flyge av gårde med vingar, og tenkte "det røyk ferieturen min ja". Så det kan kanskje vere difor eg har bestemt meg for at eg ikkje skal ha tannverk lenger, at det har gått over og at eg slettest ikkje må rotfylle.