mandag 27. desember 2010

Eg byrjar som lærar for 5.trinn frå 3.januar

I blant tek eg avgjerder som er noko impulsive - men som regel er dei fundert i kjenslene mine. Som då eg tok avgjerda om å trekke meg frå fylkespolitikk for fire år sidan, som då eg bestemte meg for å slutte på Stortinget og flytte frå Oslo til Vågå eller som då eg bestemte meg for å slenge meg på Praktisk Pedagogisk utdanning. Alle avgjerdene har vore veldig riktige, men impulsive.

La det vere klart; eg elskar jobben min som prosjektleiar. Eg har tru på prosjektet og eg trur det er viktig at vi klarar å gjere det betre som skuleeigar. Eg har tru på at vi skal klare å få til noko unikt i Vågå. Men eg veit også at eg har for mykje energi, eg har for mange idear og eg er for utålmodig til å jobbe berre som prosjektleiar. Eg brenner for å sette ting ut i live, prøve ut ting i praksis og eg er livredd for å mugne inne og bli folkesky. Eg føler også eg manglar praktisk erfaring som lærar, og at praktisk erfaring vil styrke meg. Det siste halve året har eg tenkt meir og meir på at eg eigentleg vil ut i skuleverket for å jobbe med elevar og jobbe direkte med læring.

Så då det vart fullstendig "krise" med lærarmangel på Lalm oppvekstsenter midt i skuleåret, tenkte eg at dette er min sjanse. Eg stepper difor inn som timelærar for 5.trinn på Lalm oppvekstsenter frå og med 3.januar - i 50 % -stilling. Då kan eg få omsett nokre av mine idear og påfunn i praksis, og kan sleppe å plage alle i skulen i Vågå med stadig nye "prosjekt". Og eg kan vere med å gjennomføre ein del av prosjekta sjølv. Og ikkje minst får eg innblikk i skulekvardagen frå ein annan vinkel. Eg vil enno vere prosjektleiar for prosjektet i Vågå, men vil "spare" kommunen for litt pengar, og vil spare meg sjølv for å brenne meg ut.

Dette vart bestemt på ein einaste dag. Siste dagen før ferie var alt i boks. Det gjekk så fort at eg ikkje heilt skjønte kva eg hadde sagt ja til. Og eg måtte spørje: Kor gamle er dei egentleg i 5.klasse? Kva veit dei eigentleg? Veit dei kven statsministeren i Noreg er? Veit dei kva ironi er for noko? Plutseleg fekk eg fullstendig panikk, og tenkte: Klarer eg dette?? Herregud; eg har ansvar for elevar på 5.trinn i dei viktige faga norsk, matte og engelsk. Kva om eg ikkje klarer det? Eg er jo eigentleg utdanna geografi- og norsklærar i hovudsak for vidaregåande skule. Og no skal eg jobbe med 10-åringar. Skrekk og gru. For eit ansvar. Viss eg feiler, kan det prege dei stakkars ungane resten av livet.

Men eg veit dette kjem til å gå bra. Eg kan alle tre faga ganske godt, men dei viktigaste grunnane til at dette kjem til å gå strålande, er:
1. Eg er eit godt menneske med eit ope sinn, som ser på det som den viktigaste oppgåva i verda at vi får unge menneske til å tenke sjølv
2. Eg er proppfull av energi, eg er blid, har humor og er engasjert i alt eg gjer. Dette skal eg klare til og med i matematikken
3. Eg er full av gode idear eg vil prøve ut i praksis
4. Eg er glad i folk

Og ja - tålmodigheten min kjem til å bli sett på prøve, eg kjem til å vere frustrert og eg kjem til å slite i blant. Men eg veit at elevane kjem til å lære mykje av meg. Og eg veit også at eg truleg er den personen som kjem til å lære mest. Om elevane, om livet og om meg sjølv.

Uansett, har eg laga meg tre reglar som framtidig lærar. Hanne sine tre gyldne reglar er:

1. Pynt deg alltid på jobb (til og med når det er uteskule skal eg ha på meg ein rosa blome eller noko på varmedressen).
2. Tenk ALDRI: Dette får vi ikkje til!
3. La elevane finne svara sjølv - med rettleiing frå deg

Nye reglar kjem - så det blir ti - når eg har fått litt meir erfaring!

Julefeiring i Egypt


Eit stk egyptisk musserande vin, nokre julepakker, litt fruktsalat - og vips, så blir det jul i Egypt også.

Eit stk solsvidd jente utan julestemning på julekvelden, men med verdas finaste julepynt.

Nisser på stranda 24.desember.

Nisse på stranda i heftig diskusjon

Badenymfe

Strandløve

Her ser du hotellet vi budde på.

Alt i alt kan det anbefalast å reise til varmare strøk i jula. Men det var godt å kome heim til Valdres for å knaske kaker og ete mat med feitt i også! :)

torsdag 23. desember 2010

Jul i Egypt

Rask oppdatering frå Egypt. Vil få ønskje alle lesarane mine ei riktig god jul og godt nyttår.

Alt bra her. Masse slitsomme egyptarar (og folk fråå Russland), men vinen er ikkje så ille som frykta. Har til og med funne ein ganske god musserande egyptisk (og drakk litt for mange flasker i går).

Julaften blir på Hed Kandi beach bar. Har antrekket i orden, og her ser du hårbøyla eg har kjøpt meg og eg skal ha på meg i morgon. Har for ordens skuld null julestemning, men har fått ganske fin raudfarge på kroppen.

lørdag 18. desember 2010

LYKKELEG!!

Alt ordnar seg for energiske jenter. Det er mitt nye motto. Og eg har så mykje energi eg føler eg ikkje får ut - eller som eg må få omset i praksis.

Frå og med nyttår skjer det store ting i livet mitt. Eller store og store; ting blir annleis. Og eg gler meg så!!

Eg er offisielt lykkeleg no. Ting går bra på alle arenaer i livet mitt. Og i morgon reiser eg til Egypt for å ligge på stranda ei veke. Ting kan jo ikkje bli betre då.

Kunst etterlyst!

Det er nokon som lurer på kvifor i alle dagar eg ikkje syner fram bilete av "kunsten" min sidan eg skryt så mykje av at eg er kunstnerisk her på bloggen. Så joda - her kjem det. Her er bilete frå vernissasje hos unge frøken Blåfjelldal 27.november 2010 (og ja, eg feira 29 1/2 årsdagen min samtidig). Dessverre har eg ikkje fått med alle bileta, men du kan sjå eit lite utval.

onsdag 15. desember 2010

Tre dagar - og eg er på veg...

Om fire dagar, er eg på plass i Egypt... Om tre dagar gjer eg siste innspurt på pakking... Om tre dagar og nokre timar sit vi i ein bil på veg til Gardermoen. Og kort tid etterpå sit eg og roer meg ned, og seier ja takk til kaffe og nei takk til te.

OG som er gler meg!! Varme! Vin! Sol! Bading! IKKJE LUE OG ULLSTILONGS!

Flyet går klokka sju om morgon. Då starter vi frå Vågå klokka midtnatt. Køyrer heile natta, er framma på Gardermoen omlag klokka fem. Og då er det berre å halde seg vaken til vi sit på flyet, så er det snork, og vakne opp til at sola skin i Egypt!

søndag 12. desember 2010

Julestemning i Valdres

Alle pakkene til familien heime i Valdres, som dei måtte få no - sidan eg ikkje kjem heim før julekvelden. Og ja, det er vel nokon som er litt fornærma for at eg ikkje skal feire her...men; nokon gonger må eg vel tenke på meg sjølv, og det faktum at eg ikkje har hatt ferie enno i år. Eg reknar med det også er i min familie sin interesse at eg ikkje blir lagt inn på lukka avdeling det neste halve året (og tru meg; eg er der no snart!)

Bagn frå verandaen heime. Her ser du mot sør, og elva er Begna.

Eg har fått meg ny lue. Og den er varm!

Meg og niesa mi, Adele. Det er jenta eg aldri får kjøpt nok julegåver til.

Mamma og barnebarnet, som er det einaste ho har prata om med glede dei siste fire åra. :)

Blåfjelldal gjer comeback

Dette er overskrifta på eit oppslag i lokalavisa "Valdres" førre veke. Nokre dagar tidlegare rapporterer Oppland arbeiderblad også om comeback under overskrifta "Blåfjelldal vil inn i Fylkestinget". Då følte eg meg med eitt veldig gamal, og eg tok meg sjølv i å tenke: "Kor lenge borte frå politikken har eg vore?? Og er eg ikkje eigentleg fortsatt 1.vara til Stortinget??".

Bakgrunnen for oppslaga, er at eg er foreslått på 2.plass på nominasjonskomiteen sitt endelege forslag til fylkestingsliste for Oppland FrP. Nominasjonsmøtet er om nøyaktig to månader. 12.februar.

Eg trudde eg var gløymt som politikar etter at eg med brask og bram kunngjorde at eg ikkje gadd meir (som det så fint heiter), at eg no skulle få meg ein skikkeleg jobb og skulle finne meg sjølv og ikkje minst finne ut kva eg eigentleg trur på - innerst inne.

Og for ikkje å gløyme: mitt mest vellukka opptrinn som drama queen på eit nominasjonsmøte for fire år sidan.

Sjokket var difor stort då eg fekk førespurnaden om eg ville stille til fylkestingsvalet. Etter nokre tøffe runder med meg sjølv der eg tenkte fram og attende, kom eg fram til den noko overraskande konklusjon at eg faktisk hadde lyst. Sjølv om det er mange argument mot:

- Jobben eg har no, kan gjere at det kan bli ulike hattar å passe på. Dette treng ikkje vere eit problem for meg, men kan bli eit problem for mange andre (viss eg står for noko anna som jobbperson enn eg gjer som fylkespolitikar).
- Fylkestinget driv ikkje med politikk
- Eg treng lengre pause frå politikken for å finne meg sjølv og finne ut kva eg trur på
- Eg veit ikkje om eg blir i Vågå og Oppland ut året ein gong

Men argumenta eg kom med mot, er tulleargument, og det finst mange argument FOR som slår dei alle i hjel:

- Det er ikkje sikkert eg blir i jobben meir enn fram til valet, og då er det dumt å bruke ein midlertidig jobb som argument mot. Og om eg blir i jobben, er det berre meg sjølv som vil sette grenser for meg sjølv. Så lenge eg opptrer ryddig, går dette så fint som berre det. Det finst nok av folk i små samfunn med mykje fleire roller og hattar å passe på.
- At Fylkestinget ikkje driv med politikk må vel vere strålande viss eg er usikker på om eg vil drive med politikk. Då kan eg jo drive med kvasi-politikk til eg finn ut kva eg vil
- Eg er enno i villrede om enkelte ting, men ein ting står meir og meir klart for meg: Eg er ein liberalist. Eg har eit godt hjarte. Eg hatar urettferdigheit. Eg slår hardt ned på fordommar, forskjellsbehandling, og eg er prinipiell. Fridomsprinsippet står høgsast av alle prinsipp - det inneber retten til å bestemme over eige kropp og eige liv. Eg trur enno på det same som eg gjorde då eg meldte meg inn i FpU då eg var 17 år. Eg har riktignok blitt litt rundare i kantane og eg kan vere pragmatisk. Men engasjementet er der fortsatt. Sjølv om eg skal innrømme eg ikkje orkar å ha ein meining om alt lenger. Så når folk spør meg no om kva eg meiner om ting, så svarar eg berre: "Det bryr eg meg ikkje om" eller "Det gidd eg ikkje ha ei meining om".
- Eg blir kanskje ikkje i Vågå i fire år framover, men eg er blitt glad i Vågå. Og som Vågå-patriot meiner eg det er viktig at Vågå har ein representant i Fylkestinget. Ingen andre kandidatar frå dei andre partia kjem frå Vågå, og då stiller eg. Snill som eg er. Det er viktig at Vågå sine ønskjer blir representert også i Fylkestinget - til tross for begrensa oppgåver (og det er jo tross alt nokre viktige område att, som fylkesveger og vidaregåande skular). Så neste periode er det meg som kjem til å stå på krava for FV 453-Skogbygdsvegen eller dei andre dårlege fylkesvegene som finst rundt omkring.

Alt i alt, trur eg valet om å takke ja var rett. Så gjenstår det å sjå om eg blir vald då. For fyrste gong i mitt liv er eg ikkje nervøs og eg stresser ikkje i ein nominsjonsprosess. Eg har ikkje eit einaste verv att, veit ikkje om eg kjem meg på nominasjonsmøtet ein gong (delegat er eg i alle fall ikkje) og eg tenkjer at det er ikkje krise uansett kva som skjer - eg tykkjer berre det er stas å vere ønskja til å inneha eit verv som folkevald att.

PS: For ordens skuld: det blir med fylkestingscomeback. I kommunepolitikken blir det nok leeeenge før eg stiller opp att på nytt! :)

lørdag 11. desember 2010

Reisetips Hurghada?

Sidan det berre er ei veke til vi dreg på denne impulsturen vår til Hurghada, Egypt, er eg ute etter reisetips. Prøver å finne noko på nettet, men finn lite. Så har du vore der, og kan dele erfaringar med meg, blir eg glad.

- Kva må vi ta med frå Noreg? (varme klede til kvelden?)
- Fine restauranter med god mat og god vin? (som til dømes kan passe å feire julekvelden på)
- Er vinen der nede så ræva som folk skal ha det til? Kor får eg tak i cava?
- Kvar er det bra å shoppe? Nokon skjulte perler som vi bør få med oss?
- Er det noko vi MÅ ha med oss når vi er der?

Tek gjerne i mot idear og tips slik at opphaldet blir best mogleg. Er mest bekymra for vinen...dei som kjenner meg veit eg er glad i vin. Og på grensen til avhengig av cava...

Firkanta i augo

Så vart eg sjuk eg også. Det eg trudde ikkje skulle skje. Eg som trudde eg var immun mot alt. Sjølvsagt måtte det skje rett før eg var invitert i pinnekjøt- og smalahovelag. Dette skulle vere mitt fyrste forsøk på å knaske i meg saueaugo, men neida: influensa kom og sette ein effektiv stopper for det.

Fyrste teikn på at eg blir blir sjuk, er når eg i løpet av natta drømmer så kjedeleg og innvikla, at eg vakner fordi det er kjedeleg å sove. Det gjorde eg natt til onsdag. Og eg kjende det med ein gong; det er influensa som kjem! Eg gjekk ein tur på jobb for å få unna alle må-oppgåvene med dead line. Etter det gjekk eg heim. Heim for å sutre.

Og no har eg sett på tv tre dagar i strekk. Det er ikkje rart eg får vondt i hovudet, i musklane og blir dårleg psykisk når du brukar tre heile dagar på å sjå på alt (eg meiner ALT) som går på tv på dagtid. Her prater vi Glamour, I gode og onde dager, tv-shop, Operah, Dr.Phil, Americas funniest home videos og gudene veit kva dei sender. Mykje ræl i alle fall!

Det verste med influensa er likevel frysinga. Uansett kor mykje klede eg har på meg, uansett kor mange ullpledd eg tuller meg inn i. Eg frys uansett. Og det ein kan gjere då, er å ta to paracet. Men kva skjer då? Jo - då begynner sveitten å renne, du får nesten ikkje puste og får lyst til å kaste deg ut i snøen. Ein gylden mellomveg finst ikkje.

No - på laurdag - begynner frysinga å gje seg. Og det verste av det som øydela hjerna mi (meir enn vanleg)har også sluppe taket. Så no kan eg sitje foran pc'en utan ullpledd. Fantastisk. Men hosten blir verre, og det renner mykje frå nasin (herleg lesing det her, ikkje sant?).

Så sjølv om eg ikkje fekk kose meg i smalahove-lag der eg skulle prøve å ete saueaugo - og sjølv om eg har endt opp med firkanta augo - så får eg prise meg lykkeleg over at influensaen kom no. Det hadde vore verre om han kom ei veke seinare.

For då ville ikkje alt blitt som avtala var. Men no er det ingen tvil: Om snart berre sju dagar så sit eg og roer meg ned. Eg seier ja takk til kaffe, og nei takk til te - på eit fly som gjev full gass mot Egypt! :)

torsdag 9. desember 2010

Ferieforvirring

Då vi skulle bestille ferietur i jula, stod valet mellom Tenerife og Egypt. På grunn av mange gode råd som sa det var for kaldt på Tenerife, vart valet Egypt.

No har eg fått høyre frå familie som har vore der: det er knallkaldt i Egypt på denne tida av året. Går ikkje an å ligge på stranda i det heile take. Det er sjølvsagt varmare enn i Noreg då, seier dei (ja, eg håper ikkje eg har betalt mykje pengar for å oppleve noko som er like kaldt som i Noreg).

Vi får uansett tru det blir bra. Det går sikkert an å sitte ute og drikke vin. Også går det faktisk sikkert an å gå ein tur utan å fryse i hjel. Så får det heller vere at det ikkje blir mykje strandtid, og at eg ikkje kjem til å tørre snorkle på grunn av redsel for hai.

Og ja; feiring av julekvelden blir i Egypt. Det kan jo bli spanande. Det blir min fyrste feiring av julekvelden utanfor Noreg. Og det er kanskje på tide når ein snart er 30 år...

onsdag 8. desember 2010

Bokstavkjeks og solo

I dag vakna eg klokka fire, og eg visste ein ting; eg er i ferd med å bli influensasjuk. Eg visste likevel eg måtte på jobb sidan eg hadde eitt møte og ein dead line. Rett inn på Coop'en før jobb. For når ein er sjuk, er det berre ein ting som funker: Solo og bokstavkjeks!!

Eg gjekk heim klokka eitt - og no er eg offisielt sjuk. Eller aktiv sjuk, som det kanskje heiter. For pc'en er med heim - så blir vel heimekontor-sjuk...

mandag 6. desember 2010

Eg har brukt fleire hundre tusen!

Når du blir skikkeleg stolt inni deg fordi du klarer å kjøpe ein billett til Metroen i Budapest, då veit du at det er for lenge sidan du har vore ute og reist åleine.

Eg har no vore nokre dagar i Budapest, og det har vore heilt fantastisk. Eg kom på torsdag, og med nokre timar ledige før seminaret eg skulle på - måtte eg berre springe ned til julemarkedet for å bruke pengar. Eg hadde ikkje peiling på kor mykje desse ungarske pengane var verdt (men vi trur jo alt er billig i utlandet - gjer vi ikkje?), men då eg hadde svidd av femti tusen fann eg ut det var på tide å gje seg. Julemarked var kjempekoselig. Mange tacky souvernirar (og då veit alle kva dei får i julegåve i år), ungarsk mat og varm raudvin. Å gå rundt der åleine og berre lukte inn atmosfæra, røyke og drikke varm raudvin. Herleg! Og når du veit du trivst i eige selskap, då veit du at du har det bra. Og når du kan sjå forelska par rundt deg, og du smiler til dei, og blir glad av at folk har det bra (utan å bli bitter og tenke: "det der går over - idiotar!), då veit du at du er lykkeleg.




Det eg var ute på, var altså eit kontaktseminar for programmet som heiter Comenius Regio. På seminaret hadde vi "speed dating" med dei andre deltakarregionane. Vi fekk då presentere oss sjølve og fekk vite ein del om dei andre regionane. På bakgrunn av dette, fann eg ein partnar som passar bra til Vågå. Dette er ein region i delstaten Bayern, og han ligg landleg til - slik som Vågå. Det ligg i fjellområda, og skulen vi ønskjer å samarbeide med ligg på ein liten plass som heiter "Königsdorf". Så vi brukte nokre dagar på å teikne opp søknad og framdriftsplan.

Elles vart eg kjend med mange interessante folk. Då eg la meg på fredagskveld, tenkte eg på engelsk! Så herleg det følast å prate engelsk att. Møte nye folk. Då føler eg meg levande! Eg møtte mellom anna ein som har vore rådgjevar for statsministeren i Belgia. Sidan han også skulle vere der ei ekstra natt overtalte han meg til å bli med i eit av dei ungarske bada som hadde nattope. Eg såg for meg litt gamle folk som slappa av i varme bad på natterstid. Det var det ikkje! Det var diskotek i bikini! Full dicomusikk, og ein haug med ungdom som er fulle og som spring rundt i badetøy inne i eit verdig bad frå 1700-talet. Røyking, drikking, magedanserinner og kjøttmarked i ein bygning som i Noreg knapt ville vore lovleg å bruke (hadde sikkert vore verna). Artig oppleving. Og noko eg sikkert ikkje får oppleve mange gonger!

Elles har eg shoppa, shoppa og shoppa. Eg veit det høyrast heilt grusomt ut; men så godt det er å bruke pengar - med god samvittigheit. I eit framand land. Eg sløste vanvittig. Kjøpe mykje til meg sjølv, og ein haug med gåver til folk. Og brukt fleire hundre tusen (og eg anar fortsatt ikkje kor mange norske kroner det er prat om - men når ein har kort med kredittgrense på 35 000 så må du liksom berre bruke pengar). Og så herleg det er å berre vandre rundt i ein framand by - heilt åleine. Utan å føle seg einsom. Og no er verkeleg reiselysten vekt att. Det blir meir reising. I nær framtid...

PISA – nok ein gong

I morgon kjem dagen alle vi i skuleverket har gruegleda oss til dei siste to åra: PISA-resultata blir publisert.

Truleg vil resultata vise at Noreg ligg under snittet, jentene gjer det best og at det er ein negativ samanheng mellom tru på eigne evner og prestasjonar. PISA vil også vise at det ikkje er nokon samanheng mellom pengar brukt på utdanning og resultat.

Mange vil i morgon hevde at PISA berre måler det som kan målast. Skulen skal jo også bygge opp andre kompetansar hos elevane enn lesing, rekning og dugleikar i naturfag. PISA måler jo ikkje det integrerte eller det miljømedvitne mennesket. Eg er delvis einig, men trur vi skal ta innover oss at PISA måler kompetanse som elevane vil få bruk for, og erkjenne at vi ikkje er gode nok.

Vi veit nok om resultat i skulen til at vi kan slutte å famle i blinde. Vi veit at når ein ser bort i frå sosial bakgrunn, er det ein faktor som meir enn noko anna er avgjerande for læringsutbyttet hos elevane; nemlig lærarane. Vi veit at forholdet mellom elev og lærar er viktig, tilbakemeldings- og vurderingskultur det same og at det har læringseffekt om elevane sjølv deltek aktivt som formidlarar. Alle vi som har vore elevar veit også at veldig mange lærarar burde funne seg ein annan jobb.

Det er på tide å gje dyktige lærarar betre løn og ros for den jobben dei gjer. Mange ser på dette som radikalt. Eg meiner vi ikkje har noko val lengre. Skal vi syte for motivasjon hos dei tilsette i skulen, må vi snart begynne å vise at vi set pris på dei som gjer det godt. Vi må også løne dei skuleleiarane som gjer det bra for å tiltrekke meir enn to søkjarar per rektorstilling.

Barack Obama har også gått inn for å løne lærarar etter resultat, og som han seier: de fleste lærere kan oppgi forbausende korrekt hvilke lærere ved skolen deres som virkelig er gode, og hvilke som er virkelig dårlige. Det er sjølvsagt mogleg å finne system for å gje dyktige lærarar høgare løn, som også tek innover seg omsyn som ligg utanfor læraren sin kontroll.

Det er på tide å slutte å prate om at vi må heve statusen på læraryrket. No må vi gjere noko med det. Då held det ikkje med tomprat. Då må vi gjere noko med løna, og vi må vise at vi set pris på dei som gjer ein god jobb. Berre slik kan vi rekruttere dei dyktigaste av dei dyktige inn i norsk skuleverk.

Publisert i Dagsavisen i spalta "Blåmandag", 6.desember 2010.

onsdag 1. desember 2010

Innihampen kaldt!

"Neida - det blir ikkje kaldt i Vågå". Det var det folk sa til meg før eg flytta hit. Eg har aldri blitt lurt meir i heile mitt liv (og no inkluderer eg alle idiotar av mannfolk/smågutar/ubruklege dustar eg har møtt dei siste ti åra). Då eg flytta hit for snart eitt år sidan, var det minus 35 grader. Og då sa folk: "Dette er unormalt. Så kaldt har det aldri vore". Det var januar.

Desember skal liksom vere ein koseleg vintermånad der det er snø og mildvêr, slik at eg kan lage snømann. Men neida - i dag er det 1.desember og 24 minus. Kva seier folk no? Vi har ALDRI hatt så kald november, og normalt sett er det aldri så kaldt i desember.

IDIOTI!!! Det er bikkjekaldt og eg er snart tom for ved. Og strømmen her ligg i midt-Noreg-region og er dyrast i landet. Eg kan truleg spare inn ei vekes strømforbruk ved å reise til Syden ei veke. Summen går truleg opp i opp. Bortsett frå at eg sjølvsagt ikkje kan skru av strømmen mens eg er borte - for då frys vatnet!

No tenkjer eg: kvifor? KVIFOR? KVIFOR BUR EG HER?? Eg klarar ikkje kome med eit fornuftig svar. Bortsett frå at eg fann drømmejobben, var lei av livet mitt og trengte å kome meg bort frå politikk, meg sjølv, Oslo og meg sjølv (nemnde eg meg sjølv?). Men eg trengte jo ikkje flytta til kaldaste plassen i heile Noreg. Eg ser ikkje for meg helvete som ein varm plass. Nei - det er Vågå i minus trettifem grader.



Gode nyheiten er: Eg kan kjøpe meg altfor dyre, men kjempevarme Timberland boots, som eg har drøymt om i fleire år. Med god samvit!