Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2011

Jul med glede

Ute er det snø, åtte minusgrader og eg sitt i eit varmt hus og grublar over kva jula handlar om for meg.

Om berre nokre dagar skal eg heim til familien min i Valdres for å feire jul. Eg er heldig. Eg har inntekt, bustad, bil og eg har menneske rundt meg som er glad i meg.

Eg har hatt ein trygg oppvekst, men eg vart aldri skjemt bort med overdådige adventskalendrar og dyre julegåver. Det er eg glad for no, men ikkje då.

Eg hadde to søsken eg måtte dele adventskalender med. Vi fekk ikkje pakke kvar dag, men kvar tredje dag. Eg hugsar enno kor fælt det var då eg fekk spørsmål på skulen om kva eg fekk i adventskalenderen, og måtte svare at eg fekk ingenting.

Dette er tjue år sidan. Eg tør ikkje tenkje på korleis ein liten jente eller gut må ha det i skulekvardagen i 2011 viss du ikkje er av dei heldige som har adventskalender. Eller viss du berre får ei gåve på julekvelden, og det ikkje er noko fancy som Ipad, playstation eller nye merkeklede.

For mange ungar er den verste skuledagen fyrs…

La meg ta deg med til byen min.

Det verste med å flytte til Vågå var å flytte frå Oslo. Det vil seie; ikkje med ein gong (då var eg både lei av jobb, livet mitt, meg sjølv og alt som var rundt meg), men saknet har vorte større og større for kvar dag som har gått.

For et par månader siden skulle eg byte leiebuar i kåken min i Oslo, og det å ha åleinetid i leiligheten min var smertefullt. Eg vurderte nesten å seie til ny leiebuar at ho fekk finne seg ein annan plass å bu. For dette er min heim og min by!

Oslo er min by. Det er favorittbyen min i heile verda, og det smerter i hjartet mitt i blant når eg tenkjer på at eg ikkje bur i byen min. Eg bur jo i Vågå. Vågå er fint altså, men Vågå blir aldri Oslo.

Kafeane, skikkeleg sushi, treningsstudio (hihi), alle folka. Alle rare folka. Alle dei herlege fantastiske frisyrane. Alle dei herlege antrekka. Alle dei freaka folka. Dei politisk korrekte. Dei grøne. Dei som ikkje støtter "slike companies". Dei snobbete gamle damene som går på kafe. Mangfaldet. Åhhh, som eg …

Ein heilt vanleg dag som influesasjuk

0348: vakne opp med ein kjeft som er omtrent limt saman av gørr. Stå opp for å pusse vekk all jævelskap og hente vatn.
0356: Attende i senga. Prøver å lese litt nettaviser på ipad'en. Sovner med armene rundt i'pad.
0624: Vaknar av at eg vrir meg. Har drømt noko så komplisert og kjedeleg at det bokstaveleg talt er eit mareritt å sove. Hugsar ikkje kva eg drøymte, men trur de handla om idiotar som hadde for stor makt i samfunnet. Må gå på badet for å pusse tennene, hente mer vatn og så sove att.
1050: Vaknar og finn ut at eg kan stå opp.
1056: Dreg meg ut av senga mens eg sutrar. Og frys. Tek på meg ullundertøy og svære ullsokkar og legg meg under eit pledd på sofaen.
1100: Svitsjer gjennom kanalane. Stopper på nyhetskanalen. Ser noko om elendigheit i verda, men tenkjer at ingen har det like ille som meg.
1110: Desperate housewives-maraton i gang på bliss.
1200: Begynner bli svolten, og har lyst på solo.
1215: Går på statoil for å kjøpe aviser, solo og potetgull. Ser meg i speil…

Bokstavkjeks og solo

Når eg blir sjuk, så blir eg som ein liten unge att. Alt skal vere slik det var då eg var liten og vart pleie av Mamma. Det eineste som er problemet er at Mamma ikkje er her. Difor tykkjer eg grusomt synd i meg sjølv når det er tomt for solo, farris eller pepsimax og eg sjølv må gå på butikken for å kjøpe slikt. Det er godt bensinstasjonen ikkje ligg altfor langt unna, men eg er redd eg denne sundagen må ha verka som verdas mest fyllesjuke dame der eg kjøpte tre liter solo og ein pose sørlandschips. Usminka og ned surleppe som hang nedpå kneet.

Det eineste som duger når ein er sjuk, er solo og bokstavkjeks. Det var det eg fekk då eg var lten og det er det som funkar no. Difor er det fullstendig krise når ein går tom for bokstavkjeks på ein sundag. Sørlandschips funkar ikkje i det heile take. Og bensinstasjonene har ikkje bokstavkjeks.

Eg tykkjer grusomt synd i meg sjølv no. Det einaste fine er at kroppen sjølv kjenner at det er helg og difor kan bli sjuk. Å vere borte frå jobb er ik…

”La dem raute nynorsk så lenge vi slipper”

Dette var overskrifta Unge Høgre hadde på ei sidemålskampanje då eg gjekk på vidaregåande.

Eg hadde nettopp meldt meg inn i Unge Høgre då eg fekk sjå denne kampanjen (med bilete av ei nøgd ku på framsida). Eg meldte meg fort ut.

Nokre år etterpå hadde eg blitt med i FpU. Eg gjekk på folkehøgskule i Troms, og ein dag fant eg ein partikollega av meg på framsida av Troms folkeblad der han hadde Helleviks gule i hendene. Tittelen på artikkelen var ”Spynorsk mordliste”. Eg har aldri vore nærare å melde meg ut av Framstegspartiet.

Eg bytta hovudmål frå nynorsk til bokmål då eg gjekk på vidaregåande. Eg har alltid vore glad i nynorsk, men som ung skuleelev tykte eg det var vanskeleg å skrive nynorsk. Stort sett alt eg las var bokmål, og då fall det seg meir naturleg å skrive på bokmål. I tillegg vart eg umotivert av å få attende nynorskstilar der det var raude strekar under annankvart ord, og der attendemeldingane handla om alt som ikkje var lov, slik som: ”Ikkje ord som byrjar på be-”.

Eg …

Språkdebatten var ikkje død

Tidlegare i denne veka var eg deltakar i "Valdresdebattane". Spørsmål vi skulle diskutere var mellom anna: Er det plass til to likestilte språk i Noreg i dag? Eller kostar det for mykje? Er det eit problem at 75 % av ungdommane i Valdres skiftar språk? Og kven har i så fall ansvaret?

Eg var deltakar i debatten saman med mellom anna språkforskar Arne Torp (han frå Joker-reklamene), kommentator Erling Lægreid, Elisabeth Aspaker frå Høgre og ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Eg har alltid vore glad i nynorsk, men eg har ikkje alltid vore nynorskbrukar. Eg var også ein av dei som byta målform frå nynorsk til bokmål då eg var elev på vidaregåande skule i Valdres.

Det kan verke lettare å skrive bokmål enn nynorsk. I alle fall når du er ein halvlat 15-åring. Stort sett alt eg las var bokmål, og når du tenkjer etter kva for målform ein møter mest av rundt seg i samfunnet, kan vi ikkje seie at bokmål og nynorsk er likestilt. Når eg i tillegg opplevde at bokmålsstilane eg fekk attende frå …

Høgteknologiske politikarar

Det nye på Storting, i kommunestyre og i fylkesting rundt omkring i landet er at alle politikarar får utdelt kvar sin IPad. Det har også eg fått no - som fylkespolitikar i Oppland. No skriv eg mitt fyrste blogginnlegg på iPad'en min. Det går ikkje fort, men det går.

IPad'en er søt. Det er han verkeleg, Eg trur ikkje eg skal skrive ein roman med Ipad'en (eg er lei av å skrive allereie), men han er fin til å surfe på nettet med. Så gjenstår det å sjå om han er så genial til å lese sakspapirene som folk skal ha de til. Eg har ikkje fått heilt dreisen på PDF Expert enno, men eg begynner å få dreisen på Facebook.

Men eg skal innrømme det er ein veg å gå for ein person som har ein mobiltelefon det ikkje ein gong går å sende og motta MMS med.

Det eg uansett gler meg mest til er å slippe tunge konvoluttar frå Oppland fylkeskommune som dumper ned i postkassa med jamne mellomrom. Så får de heller vere at dette verktøyet vil kreve mykje trening og tolmod,

Eit skikkeleg surrehuggu

Sliten og trøtt kom eg heim frå Bayern på fredagskveld. Eg hadde sett for meg ei helg på sofaen der eg skulle vere minst mogleg sosial.

Eg logger meg inn på facebook - der ser eg ei voldsom meldingsutveksling av veninner om gåver og styr til eit 30-årslag eg var sikker på var neste helg. Det går sakte, men sikkert opp for meg at selskapet ikkje er neste helg, men i morgon. Og eg finn ut eg må pakke for å reise til Valdres allereie neste morgon. Og kofferten må vere klar til å reise vidare til Oslo på måndag - og til Gjøvik tysdag (fyrst sentralstyremøte, så Fylkesting).

Eg må lage meg ein plan. Og det må vere ein plan som gjer at eg får unna det arbeidet eg hadde tenkt til å gjere før måndag, samstundens som eg ikkje må slite meg ut. Eg bestemmer meg allereie før klokka er 11 laurdagsformiddag at planen er å køyre sjølv til selskapet på kvelden (slik at eg kjem meg heim når eg vil), og unngå alkohol (tru meg - det skjer ikkje ofte; eg elskar god vin!).

Veel...det gjekk overraskande br…

Bygdetulling på veg ut i verda

Eg veit ikkje kva det skuldast, men eg er altfor sjeldan på tur ut i verda. Hovudgrunnen til dette er nok latskap, kombinert med at eg konstant er blakk. No skal eg ikkje klage altså, det finst folk på bygda som er mykje sjeldnare ute i verda enn det eg er.

Det som er fint er at det er mogleg å få EU-midlar til å få oss bygdetullingane ut i verda, og slik opne opp våre augo for at det finst ei verd der utanfor. Og EU-midlar har vi altså fått (no er ikkje det slik som berre kjem dumpande inn på kontoen din - ein må faktisk gjere ein innsats for å få dei, men det har vi altså gjort).

I morgon reiser eg, tre lærarar i Vågå og to frå Norsk Fjellmuseum i Lom til Bad Tölz i Bayern i Tyskland. I saman med regionen Bad Tölz, ei skule i Königsdorf og noko som heiter "Youth training center" skal vi dele og utvikle praktiske undervisningsmetoder knytt til natur. Dette er mykje innanfor den tradisjonen vi kallar uteskule i Noreg. Uteskule er altså undervisning utanfor klasserommet - gje…

Kor lenge skal du bli i Vågå?

Det går ikkje ei einaste veke utan at eg får ein eller annan variant av spørsmålet: "Kor lenge skal du eigentleg bli i Vågå?". Andre variantar av spørsmålet er: "Har du tenkt til å bli i Vågå, enn?", "Kor lenge har du eigentleg jobb i Vågå?" og "Skal du bli i Vågå enn?". Eg er drittlei. Møkklei er eg av å svare på dette spørsmålet. Eg er så lei at det er mogleg eg slår den neste som spør veldig hardt i hovudet (og ja, eg har slått folk før).

Det eg saknar mest med å bu i Oslo, er at eg aldri fekk spørsmålet "Kor lenge skal du bu i Oslo?". Det var ikkje ein einaste person som spurte meg om dette i dei over tre åra eg budde der.

No, når eg bur her, så føler eg at eg kvar einaste veke må stå skulerett å forsvare at eg har vald å busette meg oppe her. Eg må i tillegg tydeligvis vite kva eg har tenkt å gjere dei neste ti åra av livet mitt.

Dessuten tykkjer eg det er urettferdig. Så urettferdig. Fordi eg er ugift, barnlaus, innflyttar og jent…

Vegen vidare

Det er ingen som er meir kritiske ovanfor Framstegspartiet enn Framstegspartiet sjølv.

I helga har vi i vårt landsstyre evaluert valkampen, diskutert situasjonen Framstegspartiet står i, og begynt å diskutere strategien vår framover. Det er ingen enkel jobb vi har framfor oss.

Vi gjorde eit dårleg val. Og tida etter valet har heller ikkje vore lett – med fallande oppslutnad på meiningsmålingane og nye skandalar vi har mått hanskast med.

Tidlegare veljarar rapporterer om eit parti som verkar både famlande når vi skal takle vanskelege organisatoriske sakar, og famlande når det gjeld politikk. Folk seier dei ikkje veit kva Framstegspartiet står for lengre, og at dei ikkje har tru på at vi skal klare å styre landet.

«Den viktigste grunnen er oss selv. Det er vi som har ansvaret når det går dårlig». Det sa Siv Jensen i helga. Det trur eg vi alle er einige i, og vi er no klare for å endre det ved oss sjølve som ikkje appellerer til veljarane.

Eg meldte meg inn i Framstegspartiet fordi eg har ei …

Ingen er meir kritiske ovanfor FrP enn FrP sjølv

Eg sitt no på toget den lange vegen attende til Vågå etter å ha vore på både sentralstyremøte og landsstyremøte i helga. Der har vi evaluert valet og diskutert strategi framover. I tillegg har vi vedteken nye etiske og organisatoriske retningsliner.

Vi har gjort eit dårleg val - og vi har heller ikkje vore i medvind etter valet. Du treng ikkje vere professor for å skjønne at vi må endre oss. Folk har
mista tilliten til oss, og trur ikkje vi er dei rette til å løyse dei problema dei har i kvardagen. Ei heller har folk tillit til at vi kan klare å styre landet. Vi oppfattast ikkje som eit trygt val. Det er heller ikkje "kult" å stemme Frp (nokon vil sikkert påstå det aldri har vore kult å stemme Frp, men no er det meir ukult enn nokon gong).

Så kva har vi gjort gale? Det har vi forsøkt å svare på i helga. Og lat oss seie det slik; det er ingen som er meir kritiske mot FrP enn FrP sjølv. Det viste vi også rett før helga då vårt eige utval la fram rapporten sin om handteringa av…

Mistar snart kontrollen...

Eg er fullstendig i ferd med å miste kontrollen. På passord og sakspapir. Det var i ferd med å utvikle seg til eit komplett mareritt ein gong i løpet av dei to siste dagane - når eg var i mitt fyrste Fylkesting i perioda 2011-2015. Då fekk eg enno ei ny e-post-adresse og enno ein ny konto til reiserekningssystem. Eg hadde sakspapir både her og der - i ørten ulike bunker. Og ein haug med ARK med koder, epostkontoinformasjon og anna greier eg måtte vite.

Til sentralstyre- og landsstyremøte no i helga har eg ørten dokument på papir og nokon elektronisk. Eg har mista oversikt for lenge sidan.

No har eg tre plassar eg må sørgje for å få utbetalt tapt arbeidsforteneste frå. Så no må eg halde oversikt over at eg får etterbetalt all lønna eg blir trekt frå Vågå kommune frå dei plassane eg har tillits- og folkevalde verv (og tru meg; eg må halde oversikt og passe på at feil ikkje blir gjort (for det blir nemleg gjort feil) - for elles kjem eg til å bli ein fattiglus). Også må eg lage reiserekn…

Gratulerer, du er no ein sentral tillitsvald i FrP!

Det sa eg til meg sjølv med ein smule sarkasme då eg i mai vart vald inn i FrP sitt sentralstyre.

I løpet av det siste året har to sentralstyremedlemmar i FrP sagt frå seg sine verv, og det kan verke som om skandalane i vårt parti aldri tek slutt.

Prisen ein må betale for å ha sentrale verv i eit parti, er at feil vi gjer kan få så mykje større konsekvensar som ”sentral tillitsvald i FrP” enn dei ville gjort elles.

Før eg takka ja til å gå inn i FrP sitt sentralstyre måtte eg tenkje gjennom om eg har gjort ting som ikkje tåler å bli slått opp på fyrstesida i ei riksdekkande avis. Spørsmål eg stilte meg var: Har eg betalingsmerknader? Kan det hende at folk har lite flatterande fyllebilete av meg?

Eg måtte også tenke gjennom konsekvensar av framtidige handlingar. Eg hugsar eg tenkte gjennom eit hypotetisk tilfelle om å bli take i promillekontroll ein morgon etter at eg hadde drukke litt for mykje vin kvelden før. Som ”Vanlege Hanne” ville heilt sikkert innbyggjarane her i området dømt m…

Kva gjekk gale med FrP?

Valet er no overstått. For FrP sin del kan vi vel trygt konkludere med at valet gjekk ganske dårleg. Attendegang i dei aller fleste kommunar, færre ordførarar og ei oppfatning blant innbyggjarane om eit parti som ikkje fungerer og som ikkje har tru på at vi skal klare å styre landet.

Enkelte plasser går det sjølvsagt bra. Det er ofte der vi har botnsolide ordførar som blir lønna for den gode jobben dei gjer. Austevoll er eit døme på dette. Hadsel er ein annan kommune der vi gjekk mykje fram.

Likevel kan vi seie det så klart som at valet gjekk dårleg. Og det er ingen tvil om at ting må endrast og at ting må bli gjort annleis i framtida. Vi MÅ lære av dei feila vi gjorde no (men då treng vi kunnskap om kva vi gjorde feil, og det er ikkje alltid like lett å sette ord på).

Eg har mine klare meiningar om kva som bør bli gjort annleis. Det har eg tenkt til å ha med meg i diskusjonane vi skal ha i Sentralstyret og Landsstyret utover hausten.

MEN, mine tankar er ikkje nok, og eg treng din hj…

47: Gå oppå ein skikkeleg stor isbre og studere han på nært hald. Fullført 17.september 2011

Eg har studert geografi. Og eg kan ganske mykje om brear - slik teoretisk. Men eit elles labert ekskursjonsbudsjett då eg studerte naturgeografi ved NTNU, kan få litt av skulda for at vi aldri kom oss ut for å studere ein bre på nært hald. No hadde vi ein ekskursjon då altså, men då studerte vi vel mest jettegryter og andre ting som er blitt forma av vatnet (eller ikkje vatnet då, men det som vatnet fører med seg - for å vere heilt nøyaktig).

Difor har eg liksom alltid tenkt at isbrear er noko eg burde ha studert nærare, men eg har aldri fått surra meg til å gjere det. Eg kan kome med mange unnskuldningar for kvifor ikkje, men latskap er nok hovudgrunnen. Difor sette eg det altså opp på lista over 50 ting eg skulle gjere før eg døyr.

Så vart eg plutseleg invitert med på overnattingstur med 7.klasse på Lalm (nokre av dei elevane eg var lærar for i fjor). Eg takka sjølvsagt ja. Og etter kvart fann eg altså ut at dei hadde planlagt å gå på ein bre. Bøverbreen, som er ein brearm av Smørst…

Rar valkveld

Eg kjenner at "valkveld-stemninga" er i ferd med å kome innover meg no. Men dette er heilt annleis enn det har vore tidlegare val for min del - her eg sitt åleine foran tv'en forkjøla og smådårleg med eit glas raudvin.

Eg hugsar stortingsvalet for to år sidan. Då eg var kampkandidat, og hadde vore inne på meiningsmålingane heilt fram til ei veke før valet. Då valdagen kom var eg utslitt. Eg hadde gitt alt. Eg var heilt tom. Men allereie då valdagsmålingane kom, visste eg innerst inne at det ikkje ville gå vegen. Sjølv om eg hadde eit ørlite håp. Eg var nervøs, hadde det vondt og det var presse på alle kantar. Alle skulle ha ein kommentar på at det ikkje gjekk vegen, og eg måtte sette ord på skuffelsen min.

Eg hugsar kommunevalet for fire år sidan. Det var fyrste gong vi stilte med liste i Sør-Aurdal, eg var 1.kandidat og eg følte nesten at valet handla om meg som person. Det var eg som hadde stått bak opprettinga av laget, det var eg som var frontfigur og eg var så nervøs…

Gøy på landet?

Reality-tv er tydeligvis det som skal redde bygda. Nyaste skot på stammen over "Bygde-reality" er "Gøy på landet" på TvNorge, som hadde premiere i dag.

Konseptet er slik: ein gjeng med jenter frå Oslo-området blir bussa rundt frå bygd til bygd. For å finne drømmemannen og drømmeplassen. Viss dei fell for sjarmoffensiven til bygda(som varar i fire dagar), kan dei velje å hoppe av bussen for å bli att der. Alle jentene skal visstnok ha lyst til å flytte frå byen til bygda.

Eg var skeptisk. Eg var skikkeleg skeptisk. Feministen i meg skrik; herregud, du treng vel ikkje ein mann for å flytte frå by til bygd? Er du lei av hovudstaden er det vel berre å flytte? Ta deg saman, jente!

Og eg tykkjer vel nokon av desse BygdeReality-programma har ein tendens til å byggje opp under fordommar og myter vi måtte ha om byen og bygda. Og er med på å forsterke bygda som ein harry plass der det luktar kumøkk, der folk går i FK-caps på butikken og det er umogleg å få tak i kaffi lat…

23: Lese "Anna Karenina". Fullført 11.august 2011

No har eg fullført nok ein ting av dei 50 tinga eg ønskjer å gjere før eg døyr. Eg har lese Leo Tolstoj sitt store kjærleiksverk; Anna Karenina.

Fyrst av alt; Anne Karenina er ikkje vanskeleg å lese. Verket er relativt lettlest - sjølv om det er på omlag tusen sider. Då eg starta på boka, så var eg faktisk veldig sjokkert over at det gjekk så lett. Boka var faktisk nesten slik eg har trudd at romanar av Jane Austen må vere.

Romanen Anna Karenina handlar altså om frua Anna Karenina, som var ei skikkeleg rik og fornem dame på slutten av 1800-talet i Russland. Ho er gift med ein fyr som er veldig important, men ikkje så veldig sympatisk og han er ein del eldre enn ho. Dei har ein son saman.

Romanen opnar med at vi møter Kitty, som er veldig forelska i Vrjonskij. Levin er forelska i Kitty, og frir til ho. Ho seier nei fordi ho trur Vronskij skal fri til ho. Men Vronskij berre leiker med ho. Den kvelden Kitty trur han skal fri, møter han Anna Karenina. Dei forelskar seg i kvarandre, og i…

Då Hanne Maren vart sett på plass av niese på fire år

Tante Hanne Maren er ute og går tur med Bisken og si lille niese på fire år ein gong i sommar. Det har nettopp regna, og Hanne si niese har med seg sin nye rosa Hello Kitty-paraply som ho håper ho skal få brukt. Det er masse søledammar. Niese har insistert på å gå med joggesko sidan det er altfor tungt å gå med store gummistøvlar på asfalt.

Det som skjer etter at dei to har gått ei lite stund, er at niese prøvande går gjennom ein søledam. Tante Hanne løftar niese ut av søledammen, sett seg ned på huk og ser ho inn i augo:
- Du kan ikkje gå i søledammar når du ikkje har gummistøvlar på. Forstår du det?
- Jaaa...seier lille niese med litt flaut blikk (sannsynligheten er vel stor for at ho allereie visste det ikkje var akseptabelt å gå i søledammar).

Etter å ha gått ei god stund, skal dei to så gå attende forbi dei same søledammane. Niese går litt framfor Tante Hanne. Så sett ho i gang med å springe gjennom søledammen. Tante Hanne blir veldig sint. Tek niese i armen, sett seg nok ein gong …

Vi må kjempe, kjempe att, og fortsette å kjempe.

Det har vore nokre merkelege dagar. For meg, som for alle andre. Eg er heldig. Då det smalt i Oslo var eg midt mellom Youngstorget og Grünerløkka. Ingen av mine nære vener er døde eller hardt skada. Men, som dei aller aller fleste i Noreg, kjenner eg nokon som har opplevd dramaet på nært hald. Det gjer at alt som har skjedd kjem så mykje nærare enn alt av andre grusomheiter som skjer i resten av verda.

Dei siste dagane har ein vore innom dei fleste av kjenslene som finst i eit menneske. Avmakt, oppgitthet, sinne, kjærleik, glede og stoltheit.

Eg er stolt over å leve i eit demokratisk og ope land som Noreg. Der vi står saman i slike tider, og bestemmer oss for å kjempe attende.

Eg er sint og oppgitt over nordmenn som rett etter bombeangrepet seier ting som dette til muslimar: "Nå ligger dere jævlig tynt an". Eg er sint og oppgitt over folk som i etterkant av slike angrep, brukar sjansen til å kjempe mot Noregs demokratiske tradisjonar - som til dømes ønskjer å opne opp for dø…

24: Lese "Prosessen": Fullført 16.juli 2011

Eg har no gjort ein av tinga på lista mi over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Noko eg har tenkt eg skal gjere i lang tid, men aldri fått meg til å gjere. Litt fordi eg har tenkt at det kanskje ikkje er veldig sympatisk gjort å lese verk forfattaren sjølv meiner er for dårleg til å publisere, men mest fordi eg har vore lat. Og å setje i gang med Franz Kafka sin "Prosessen" viste seg å vere litt av ein prosess for meg også. Men eg tok sola og fjellet til hjelp.

Her ser du den vakre plassen eg starta på "Prosessen" på. Langt vekk frå folk, og i mitt "barndoms rike" på Veståsen i Bagn.


Her ser du "Prosessen" fortsatt uopna. Det viste seg nemleg at eg fann ut eg ville lese ei pocketbok om "Rapsgubbene" fyrst. Veldig underhaldande og veldig lettlest.


Men så, vart eg motivert for Franz Kafka. Og lat oss seie det slik; eg trur heile poenget med "Prosessen" er at ein skal skjøne minst mogleg. At ein skal bli meir og meir forvirra. …

50 ting eg skal gjere før eg døyr

No er eg endeleg ferdig med lista mi over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Det har ikkje vore enkelt, men det har vore ei nyttig øving. Eg har vore oppteken av at det skal vere realistiske ting, slik at eg faktisk har moglegheit til å klare dette. Lista er i uprioritert rekkjefølge.

50 ting Hanne skal gjere før ho døyr:


1. Lære meg å fiske (altså; å kunne drepe fisken og sløye fisken)
2. Lære meg å måle (gå på målekurs slik at eg lærer nokre teknikkar)
3. Lære meg å skifte dekk på bilen
4. Besøke New York
5. Reise til skikkeleg Afrika (sør for Sahara, altså. Tunisia og Egypt reknar eg ikkje med)
6. Lære meg spansk
7. Lære meg å spele eit instrument
8. Køyre elvebåt på Nilen
9. Gifte meg i Las Vegas
10. Gå Besseggen
11. Besøke Grand Canyon (skam ikkje å ha vore der når eg har budd i Arizona – omtrent like stor skam som å bu i Vågå og ikkje ha gått Besseggen).
12. Besøke Yellowstone nasjonalpark
13. ”Færra te Mexico”
14. Besøke Cuba
15. Vere passasjer på Orientekspressen
16. Besøke ein …

Petroleumsturisme

Det fyrste som skjer når ein skal inn i helikopteret som skal frakte deg til Nordsjøen og Sleipner, er at du får på deg ei fantastisk komfortabel overlevingsdrakt. Denne må du sitje med inne i helikopteret og ha på deg heilt til du er framme på plattformen. Korleis eg skal oppføre meg i vatnet viss ulykka skjer, får du beskjed om på ein instruksjonsvideo. Eg datt av halvvegs, og eg er vel eigentleg spent på om eg ville klart å overleve viss eg hadde dutte i vatnet.

Her ser du helikopteret vi køyrte med.

Over ser du min nye arbeidsuniform. Her har eg funne instrumentet dei borrar etter olje og gass med. Voldsomme greier, som eg aldri ville skjønt korleis eg skulle brukt. Det er bra det er folk som kan slikt også, tenkjer eg. Imponerande!

Her ser du plattformen Sleipner A. Det er der dei som arbeider ombord bur, og der er også kontrollrommet, treningsrom, kantine og alt anna ein treng i eit lite samfunn. Også mange rør som fraktar olje og gass sjølvsagt.

Ikkje påstå at dei ikkje tenkj…

50 ting eg skal gjere før eg døyr

Eg driv i desse dagar og jobbar med ei liste over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Mest for å motivere meg sjølv til faktisk å gjere desse tinga. Berre å jobbe med lista hjelper. To av dei tinga eg hadde tenkt skulle stå på lista, har eg fått unnagjort i helga. Eg har besøkt Munch-museet (som eg aldri fekk gjort mens eg budde i Oslo) og eg har besøkt ein oljeplattform.

Å lage ei slik liste er ikkje lett, og no må eg også finne to nye ting som skal stå på lista sidan eg klarte å gjere unna to openbare kandidatar før lista var ferdig og laminert.

Roxette - og så oljeeventyr i Nordsjøen

På grunn av stor gjeld til A/S Noreg (les; baksmell på skatten) blir det ikkje dei store turane i sommar. Planen er å bruke minst mogleg pengar og mest mogleg kaloriar. Ferie for meg i år blir difor å leve på det som finst i matskåpet på hytta, og heller bruke energi på å gå lange turar og vere redd for å støte på bjørn (ja, eg veit det er irrasjonelt, men eg høyrer og ser bjørn overalt når eg ferdast i naturen).

Det som kjem til å skje av spanande ting i sommar, skjer no difor i tidsrommet torsdag til laurdag denne veka.

I morgon ber det til Stavern for Roxette-konsert. Saman med nokre av desse fantastiske unge damene eg gjekk på ungdomsskulen saman med. No skal det vel seiast at dei var større fans enn meg (dei hadde til og med plakatar frå "Topp" på veggen), men også eg kan alle songane utanat. Og eg kjenner eg blir ung og gal att når eg høyrer låtane (når alt kjem til alt, så er eg forresten meir gal no enn då eg var 15 og seriøs). Dessutan; festival er moro. Og noastalg…

Kva gale gjer vi mot gutane?

Kva er det vi gjer gale som gjer at gutane er i ferd med å bli skuletaparar?

Vi ser det i fråfallsstatistikken, vi ser det på nasjonale prøver og vi ser det viss vi tittar inn i eit klasserom i Noreg. Gutane gjer det ”dårlegare” enn jentene, dei er ikkje spesielt motiverte for skulearbeid og mange av dei kjedar vettet av seg i skulen. Siste Pisa-undersøking om elevane sine digitale lesedugleikar viste at Noreg er eitt av dei landa i verda med størst skilnader i prestasjonar mellom gutar og jenter.

Å diskutere denne problemstillinga er som å gå inn i eit vepsebol. Er det noko som er så grunnleggjande forskjellig ved gutar og jenter at det fordra ulike undervisning? Og viss vi rettar tiltak spesielt inn mot gutar, kan vi då gjere noko feil mot jentene?

For å gjere noko med problematikken, trur eg vi må erkjenne at jenter og gutar er ulike når det kjem til læring. Viss vi erkjenner dette, er det uproblematisk å seie at det er eit problem at det store fleirtal av lærarar i skulen er kvinne…

Hippie-Hanne støtter ikke "sånne companies"

Eg har alltid hatt ein hemmeleg draum om å vere hippie. Eller i alle fall ein draum om å kle meg som ein hippie. Meg sjølv i lange flagrande kjoler, hårband, fjør i øyro og peace-merke rundt halsen. Det er mitt indre bilete av meg sjølv.
Det finst ingen betre plass å vere hippie enn på Grünerløkka. Det har eg fått bekrefta etter ein Oslotur no i helga. Grünerløkka på sundager er eit mekka for hippiar. Marked i Birkelunden og folk som ser ut som dei kjem rett ut frå ein second hand-butikk. Og avslappa eteplassar der folk ser ut som dei ikkje har nokon bekymringar - what so ever.

Saman med gode vener var eg ute for å ete som ein hippie på Grünerløkka no på sundag. Då gjekk det opp for meg at eg rett og slett ikkje har ein hippie-personlegheit. Kva er det som er obligatorisk ein sundag? Jo, pepsi max med masse isbitar. Vi spurte om pepsi max på eteplassen. Servitøren såg ut som vi skulle sagt noko alldeles grusomt. Det blir stille ein augenblink og ho ser på oss med DET blikket. Før ho …

53 par sko og 49 kjolar

No er det ferie frå skulen og litt roligare dagar der eg faktisk er ferdig på jobb til klokka fire. Og kva kan ein bruke lange kveldar på då? Jo; rydde!! I løpet av dei fyrste dagane denne veka har eg rydda både bod og "walk in-closet". No er det endeleg ryddig og ikkje slik at eg må snuble over klesstativ, støvsuger, dyner og anna rot som eg berre har kasta i ein haug både her og der det siste året.

For moro skuld begynte eg å telle skoa mine. Eg kom til: 53 par sko. 49 kjolar har eg også. Og det var etter eg hadde lagt ein god del i haugen som skal til "Ting og tøy". Og enno er det einaste eg tenkjer på; vil ha meir klede!! Og: vil til Oslo for å shoppe!

Eg prøver også å rydde i livet mitt. Det vil seie økonomien. Desse bekymringane har eg putta inn i ein boks oppe i hovudet mitt i lang tid no, men no er det på tide å gripe fatt i det. Eg meiner..det er jo ikkje rart ein er blakk når formuen er bunden opp i sko og ræl. Men eg har ikkje tort å ta ein verdivurdering…

Flomdebutant - og sentralstyredebutant!

Takke meg til gode gamle Valdresekspressen. No sitt eg på bussen gjennom skogkledde Begnadalen. For kva er løysinga når E6 står under vatn og jernbanen gjennom Gudbrandsdalen er øydelagt på 30 stader, og du berre MÅ på ditt fyrste møte i FrP sitt sentralstyre?

Jo sjølvsagt; vakre, varierte, Valdres. Det er godt Vågå ligg så sentralt til at det berre er ein drøy times køyring til Beitostølen. Der kan ein kaste seg på Valdresekspressen, og vips; etter fire timar er ein i Oslo. Litt lengre enn med tog, men så mykje flottare då! Så no sitt eg på bussen, med strømuttak, pc og ein kilo smågodt (ikkje rart politikarar blir tjukke!). Litt heimlengsel medan eg køyrer gjennom Valdres, og vil helst ikkje at vi skal krysse grensa til Buskerud og Ringerike.

Det var fyrst då elevane frå Lalm vart sendt heimatt frå energikampen i Vågåmo av frykt for at vegen skulle bli øydelagt, at eg skjønte alvoret. Fram til då, så var eg berre sint på regnet. Høyrte noko greier om at det kanskje var flom, men tenk…

(Snart) sprek og ettertrakta.

I helga var eg ein plass der ingen som kjenner meg truleg trudde eg nokon gong kom til å vere. Halv sju laurdagsmorgon reiste eg frå Vågå til Beitostølen for å delta under "Fjelleventyret".

Eg reiste dit av ulike grunnar: 1. Eg har fått med nokre gale spreke vener her i Vågå som skulle springe halvmaraton og som spurte om eg ville vere med 2. Eg har ikkje noko liv 3. Eg er nysgjerrig på livet andre har

Eg trudde jo aldri at eg skulle finne meg sjølv i ei samling full av menneske i panikkalderen som reiser rundt frå plass til plass heile året for å springe maraton. Det er forresten ikkje berre dei der..du har også jentegjengar i rosa t-skjorter der det står "Siv's løpegruppe" eller noko liknande (ALLTID med aprostrof framom s'en). Og som mest er med fordi det blir ein bra fest etterpå, og fordi det er den eineste helga i året dei kan feste med veninnene.

Dit reiste altså eg. Eg som hater å springe, og som alltid har gjort slik halvvegs narr av desse galne spr…

Auka livskvalitet etter å ha nådd 30 år

No har eg altså blitt 30 år. Og det er eigentleg heilt greitt.

På sjølve bursdagen min gjorde eg noko eg sjeldan gjer, men ofte drøymer om å gjere. Eg lagde meg ein svær pizza med mykje ost, la meg framfor tv'en, stappa innpå og sovna tidleg. Nyyydeleg! Eg var heilt utslitt etter ei veke med fotoprosjekt og uteskule, og klarte ikkje eingong tenkje på cava.

Heilt til dagen etterpå. Då fekk eg besøk av gjengen frå Bagn. Vi skulle gjere Vågå utrygt. Hadde planlagt friluftsfest i Finndalen, men sidan temperaturen var rundt null grader oppi der, tenkte eg at eg skulle spare gjengen for den opplevinga. Til glede for enkelte. Så festen vart hos meg i staden.

Alltid moro når vi møtast. Og eg fekk mitt eige album med bilete, utklypp og velvalde ord frå dei mange mange åra vi har kjend kvarandre. Eg fekk også skikkeleg kaffimaskin. Takk og lov! Det har eg ønskja meg lenge. Men ikkje hatt samvit til å kjøpe. Elles drakk vi cava, åt grillmat, sprang rundt med tiara som blinka (eg altså) og ha…

Klar for ei heil veke med uteskule

Eg er ganske sikker på at eg aldri hadde høyrt omgrepet "Uteskule" før eg starta i jobben min i Vågå for litt over eitt år sidan. No er eg ein stor fan. Ikkje det at eg er nokon ekspert, men eg har lyst til å bli. Og i neste veke gjev vi det heile eit stort forsøk med ei heil veke med uteskule. Vi skal på bedriftsbesøk, på gardsbesøk og rundt omkring for å lære om både natur og kultur.

I tillegg til at vi skal vere utanfor skulen sitt område ei heil veke, skal i tillegg kvar enkelt elev bli utstyrt med kvart sitt kamera. I Vågå kommune har vi investert i eit klassesett med digitale kamera, sidan foto og visuell kunst er eit av satsingsområda våre. Gjennom dei siste månadane har ungar i barnehage og elevar i skulen take sine eigne bilete av "Mitt Vågå". Det heile skal ende opp i ei utstilling under Vågå-Dågå i juni. Kvar elev skal stille ut eitt bilete, og det vil også bli kåra vinnarar basert på stemmer frå publikum.

Uteskule treng ikkje vere skikkeleg avansert. Ut…

Vald!

I helga har det vore landsmøte i Framstegspartiet. Og eg sto på val. Eg var innstilt av nominasjonskomiteen til nytt sentralstyremedlem. Dette var eigentleg ikkje planen min i det heile take, men når du får ein førespurnad frå valkomiteen om å bli med i leiinga av partiet du er medlem i, så seier du liksom ikkje nei.

Eg var nok ikkje heilt førebudd då eg takka ja om at det skulle bli kampvotering om plassane som sentralstyremedlem. Det vart det. Og det er bra. Det er ein grunn til at vi er tilhengarar av konkurranse på høgresida i politikken, og då må det vere konkurranse også om plassar i leiinga.

Men likevel vart det veldig vanskeleg sidan dette var ein posisjon eg ikkje har kjempa for i lang tid. Eg liker heller ikkje å kjempe for posisjonar, og det er denne personkonkurransen er alltid det eg har likt minst med politikken. Spelet, fraksjonering, kamp om plassar. No merka eg ikkje mykje til det denne gongen, og eg gjekk inn i det heile med haldninga; "Dei får stemme på meg vis…