Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2011

Fylleangst med STAUT

Folkemusikktreff i Vågå i helga, og då er det ikkje lett til å få folk her i bygda til å prioritere musikk frå Valdres i Otta kulturhus. Men om eg så skulle køyre sjølv og droppe festinga, så måtte eg liksom vere ein god Valdrespatriot når Staut spelar her i Gudbrandsdalen.
Du føler deg litt bortkomen saman med ein haug med kids under 18 år, som er stæsja opp i skyhøge heler, korte skjørt og utan strømpebukse (og eg er blitt gamal som tenker; frys du ikkje, stakkars jente??). Konserten var bra den, men det er vel ei jente eg tenkjer har ein smule fylleangst i dag. Ein halv låt fekk ho stå på scena saman med Staut, der ho både song, klenga litt på bandet og ikkje minst fann seg eit rytmeinstrument som ho brukte. Eg mistenker sikkerheitsvaktane i Otta kulturhus for at dei tykte det var litt moro, og ville vente for å sjå kor langt ho kunne trekke det. For det tok laaang tid før dei henta ho vekk. Tipper ho har bittelitt fylleangst i dag, og det var nok fleire som også tok bilete av det…

Kva gjer ein bygdetulling i Oslo?

Sommarfuglar i magen berre nokre mil frå storbyen. Og kva gjer ein bygdetulling under eitt av desse altfor få Oslo-besøka? Jo, dette er det som kjem til å skje:

Dag 1:
* Ankomst Oslo S. Stirre litt på folk, måpe litt og tenke: "denne byen blir berre skumlare og skumlare for kvar gong eg er her".
* Rett opp på kaffebrenneriet for å få seg skikkeleg Kaffe latte. Og nei, det er ikkje nokon rural myte at bygda manglar kaffe latte. Den vi har smakar høgg.
* Polet. Kjøper akkurat det same som på polet i Vågå
* Panikk-shoppe i ein butikk mens eg ventar på at Bettina skal bli ferdig på jobb
* Stirre på fleire raringar på National mens eg venter på veninne
* Ta t-banen og fnise høgt for meg sjølv ved Montebello t-banestasjon
* Ankomst heimen. Sprette flaske 1 av Cava
* Drikke mange cavaflasker (same oppførsel som i Vågå) og prate bull med gode veninner. Plutseleg er klokka midnatt
* Bestille taxi altfor seint. Ankommer Smuget alltfor seint (som vi også gjer på Bowlingen i Vågå)
* Rølpe litt ru…

Gal av lengsel!

Ein ting var eg ikkje førebudd på då eg flytta frå Oslo til Vågå. Og det var lengselen. Eg er jo ein person som likar å lengte (og drøyme) til andre stader, andre tider og andre menneske, så ein skulle vel kanskje ikkje tru det burde vere så ille, men det er det! Men eg har vel eit veldig ambivalent forhold til lengsel. Det er grusomt, samstundes som eg ikkje ville vore lengselen forutan. Utan lengsel ville eg nok hatt eit dårleg liv.

Og kva lengtar eg etter? Jo, det er Oslo! Eg lengtar så etter Oslo at det gjer vondt. Eg lengtar etter byliv, anonymitet, kunne kle meg i glitter og glamour, og berre vere meg sjølv utan å bli lagt merke til. Også lengtar eg etter venene mine, Bettina og Cecilie. Og no kjenner eg det er altfor lenge sidan sist. Eg er cavasjuk, skravlesjuk, bysjuk,sladdersjuk, fjåse- og fnisesjuk, sushisjuk, latte-sjuk og shoppingsjuk.

Men denne helga skal eg altså gjere byen utrygg. Etter å ha lengta meg gal. No blir det girls night out heile helga. Det blir glamour, det…

30-årskrisa

Så er året kome. Året då eg fyller 30 år. I går var fyrste 30-årslag i jentegjengen her i Bagn. Alltid artig når vi samlast; skravla går i eitt og vinen går ned på høgkant. Sjølv om mange år har gått sidan vi gjekk i skulen saman, så ser vi enno at vi er dei same personane. Sjølv om vi heldigvis har endra oss mykje også. I går var det høgtlesing av gamla mailar, dikt og minnebok med gamle bilete. Kjempekoseleg.

Så no blir det 30-årslag annankvar månad framover. Fire månadar til, og det er min tur. Spørsmåla om kor og korleis eg skal feire er allereie komen. Eg har ikkje bestemt meg, men har konkludert med at festen blir i Vågå. Og festen blir på bursdagen min, 27.mai. Men kor i Vågå eg skal ha festen og korleis eg skal legge det opp veit eg ikkje. Eg tek gjerne i mot tips. Men eg har sagt at eg forventar at foreldra mine legg inn halvparten av kostnaden. Sidan dei truleg slepp unna bryllaupskostnadar, tykkjer eg dei burde sjå at det er rettferdig å putte pengane inn i ein annan fest. …

Hardt lærarliv

Har vore ei flott fyrste veke i skuleverket, og eg har allereie lært veldig mykje. Og ikkje minst har det gått opp for meg kor dårleg førebudd eg er på læraryrket. Eg forstår verkeleg kva som meinast med praksissjokket. Eg visste lite om å lage planer, eg kan nesten ikkje ei undervisningsmetode, eg aner ikkje korleis eg skal tilpasse opplæringa og eg veit så å seie ingenting om korleis eg skal handtere konfliktar eller andre ting som dukkar opp på det mellommenneskelege plan.

Det er vel heller ikkje meininga vi skal vere utlært når vi startar. Det er omtrent som då eg tok førarkort. Eg var ein elendig sjåfør då eg fekk lappen, og det var fyrst då eg starta å køyre på eigen hand eg begynte å lære. Slik er det også i læraryrket. Eg blir stadig betre og betre, tryggare på meg sjølv og forhåpentligvis tør eg prøve ut fleire og fleire nye ting.

Det er hardt den fyrste veka, og eg begynner å skjønne eg har take meg vatn over hovudet når eg skal kombinere undervisningsstilling med prosjektle…

Leik eller læring?

I dag har eg min fyrste dag som lærar, og eg er stiv av skrekk.

Eg har jobba med skule- og utdanningspolitikk dei siste fire åra, og skal vel ærleg innrømme eg lenge tenkte at læraryrket eigentleg ikkje var nokon sak. Det neste halvåret skal eg lære eit knippe 10-åringar noko fornuftig i norsk, matte og engelsk. No er eg stiv av skrekk og har presentasjonsangst som aldri før.

Då eg jobba som rådgjevar på feltet utdanningspolitikk på Stortinget var alt så enkelt. Vi prata høgt om at det måtte bli meir læringstrykk i klasseromma, betre klasseleiing og vi skulle ha meir fokus på ro og orden i timane. Alt er så enkelt når ein sit inne på Stortinget og formulerer forslag og lovendringar. Når ein står ansikt til ansikt med elevane, veit du at ting ikkje er så enkelt som du trudde når du dreiv med politikk.

I skulepolitikken følte eg at det vart ein slags kunstig debatt mellom venstresidas ”leikeskule” og høgresidas ”puggeskule”. Høgresida skulda venstresida for å tru at ein kunne leike seg…

Umotivert nyttår!

Eg er sjølvsagt på kontoret 1.januar (finst det betre plass å starte det nye året?), og planen for 2011 er å bruke mindre tid på kontoret mitt, og meir tid på å utfordre meg sjølv på andre arenaer. Eg skal skrive meir, måle meir, lese meir, og ikkje minst vere meir ute i naturen. Eg har bokstaveleg talt børsta støv av langrennsskia mine, og take dei med frå Valdres til Vågå (det er eit ti år gamalt støvlag på dei). No kan eg ikkje lengre bruke unnskuldningen: "Skia mine ligg i Valdres" når folk spør om eg har testa det fantastiske skiføret.

Grunnen til at eg sit på kontoret er at eg må kvinne meg opp til å skrive til Dagsavisen si måndagsutgåve. Eg er dønn umotivert. No har eg surfa på nettet i to timar, mens eg har høyrt på "Love story" av Taylor Swift minst tjue gonger. Eg har ikkje peiling på kva eg skal skrive om, eg føler eg ikkje har noko å medverke med i den offentlige debatten og eg vil eigentleg berre gå meg ein lang tur, høyre på kjærleikssongar og vere s…