Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2011

Kremveke! (Og livet er fantastisk)

På fredag sa ein av elevane mine: "Det var fælt så blid du var i dag då" (og eg som trudde eg alltid var ei solstråle). Det kunne ha noko å gjere med at det var fredag, men livet er moro om dagen. Og neste veke blir enno litt betre. Veit eg!

På fredag hadde vi forresten også bowlingkveld med elevar, foreldre og lærarar i saman. Kjempebra tiltak og viktig for å bygge nettverk og møtast i andre omgjevnader enn den trauste skulekvardagen. Etter ei bowlingrunde joina eg vener på bowlingen, tok meg eit glas vin og var klar for quiz. Dei elevane som då hadde vorte att for å spele meir bowling fekk då STOOORE augo då dei såg læraren drikke vin med vener: "ÅJ. Ho bur ikkje på lærarrommet. Ho har eit liv utanom skulen". Det trur eg var eit stort sjokk for dei. Like stort sjokk som når dei utbryter djupt sjokkert: "Er du ikkje gift enno?? Er ikkje du snart 30 år". Og joda - livet er snart over for min del. :)

Heile neste veke skal vi øve dans, song og drama med eleva…

"Det får vi ikkje gjort noko med"

Eg er ein hissigpropp, og ettersom eg har blitt eldre har eg fått stadig større problem med å skjule sinnet mitt for andre. Og no klagar eg alltid viss eg får dårleg mat eller dårlege drinkar. Og det hender vel sikkert både titt og ofte at kokkane eller servitørane sputter i maten min.

Lunsj i dag på Fagernes hotell. Og vi fekk ukokt ris. Av alle vonde ting det går an å ete i verda, så er kanskje ukokt ris det verste. Eg er jo sjølvsagt ein god gjest, og gjev beskjed til servitøren. Ho seier ho skal gå for å prate med kokken. Og så kjem ho attende med beskjeden: "Maten er allereie servert, og vi får ikkje gjort noko med det no". Meg: Skal eg ete ukokt ris då? Ho: Vi får dessverre ikkje gjort noko med det no. Og ho ser berre kjempesur ut. Og eg har lyst til å slå.

Kva er dette for noko? Makan til dårleg service skal ein leite lengre etter. Når maten er dårleg, så gjev du folk ny mat. Du seier ikkje: "Det får vi ikkje gjort noko med".

Så eg vil altså ikkje anbefale å …

Fylkesårsmøte i gang!

Fylkesårsmøte i Oppland FrP i gang. Eg er her som gjest, utan stemmerett, og har tenkt til å bruke tida på å berre lytte (vi får sjå om vi klarar). Grunnen til at eg er her, er at eg har takka ja til eit fylkestingscomeback. Eg har ingen tillitsverv att, men i morgon står eg altså på val som 2.kandidat til fylkestingsvalet. Ingen motkandidat. Det er med blanda kjensler eg gjer dette her, men eg trur det er rett. Også veit eg at det er få som bryr seg om fylkestingsnominasjon og fylkespolitikken, så eg kan vere anonym utan å stikke meg mykje fram. Det passar meg perfekt!

No er stortingsrepresentant Bård Hoksrud på talerstolen. Mannen som var formann i FpU då eg vart aktiv, og som også leia vår ungdomsorganisasjon under all den moroa som ekploderte i 2001. No er han stortingspresentant og medlem av Sentralstyret - og altså gjest her på fylkesårsmøtet i Oppland. Flink fyr Bård. Ein person som evner å vere både snill og tøff samtidig. Det er beundringsverdig!

Under minus tjue grader på Fage…

Barnas klimakonferanse

Vi er no i full gang med å øve inn replikkar og songar til musikalen "Barnas klimakonferanse". Det er "Musikk i skolen" som står bak musikalen, og det er andre gong musikalen blir arrangert. Målsettinga er at dette skal bli ei nasjonal læremiddelpakke, og Vågå er plukka ut som pilotkommune for å teste ut dette.

Musikalen Barnas klimakonferanse vil involvere alle elevane i 6. og 7.klasse, og vi vil vise korleis ei klimakonferanse kan utarte seg, der elevane spelar ulike roller som demonstrantar, politikarar, kapitalmakt og journalistar. Sjølvsagt spelar elevane også roller som seg sjølv, foreldre og lærarar, som skal vere med å påverke utfallet av klimakonferansen. Musikalen er forma som ei klimakonferanse, og elevane skal få fram bodskapen gjennom musikk, dans og drama. Elevane skal mellom anna framføre eigne songar og dansar for energiressursar som vasskraft, fjernvarme, solkraft, atomkraft, vindkraft og olje og gass. Her vil ein altså knyte energi og klimaspørsmå…

Topp10-MGP

Eg er i MGP-modus om dagen, og høyrer gjennom gamle bidrag. I den samanheng har eg lagd mi eige topp 10-liste over dei bidraga eg meiner er best gjennom åra. Dette har ikkje berre med dei beste låtene å gjere, men også litt om kva for låter som vekker dei største minna i meg. Dette er vel heller å sjå på som ei liste over gode MGP-minner!

Hanne si topp 10-liste over MGP-bidrag

10. Alle mine tankar - Silje Vige 1993 (låte eg tykte var heilt grusom då ho vann, men som berre har blitt betre og betre for kvar gong eg høyrer låta. Eg trudde ikkje den kom til å gjere det bra i den internasjonale finala, men ho fekk ein hederleg 5.plass)
9. In my dreams - Wig Wam 2005 (låta som fekk oss til å tru på at Noreg kunne gjere det bra i ESC, og som gjorde puddelrock kult att. Har rølpa mykje til denne låta)
8. Absolutely faboulous - Queentastic 2006 (dette året fulgte eg MGP frå USA, og skjønte ikkje kvifor i alle dagar denne låta ikkje vann)
7. Rocket Ride - Jannicke Abrahamsen 2007 (vi kunne spart os…

HABA HABA

Okey..eg innrømmer det. Eg heier på haba haba eg også. Og eg har allereie take seieren på forskot. Vi har allereie planlagt festen og antrekket i skal ha på oss under den internasjonale finalen, når vi alle skal kunne både dansen og sangen. Og eg skal få tak i antrekket Stella hadde på seg i delfinala, og dei fantastiske øyredobbene. Og eg skal inn til Oslo 1.mars for å få med meg MGP-show under ski-VM.

Det einaste dumme er at eg ikkje i år heller får sett den norske finala. Oppland FrP har ein lei tendens til å legge sine års- og nominasjonsmøter til dei helgene der det er norsk MGP-finale (og kanskje dette comebacket var ein dårleg idè likevel). Bortsett fra for to år sidan. Då var eg på landsstyremøte i FrP, sneik meg unna middagen og sat oppe på røykeloftet mens dei andre hadde middag og ula "I'm in love with a fairytale". Sjarmerande.

Eg tenkjer vel eg kjem til å ta meg nokre lange tissepauser under middagen på laurdag også - slik at eg kan springe opp på rommet for…

Kanskje vi raskt kan utvikle oss til sjøpattedyr?

Sola skin og det er vakkert ute. Eg hadde tenkt meg ut i sola for å gå ein tur (på føtene - ikkje på ski!). Men så plutseleg fann eg ut at Istid 2 gjekk på tv, og sidan dette er ein film eg har tenkt eg kanskje skal bruke i undervisningssamanheng, så føler eg att eg har gyldig grunn til å sitje inne (ja, også overvurderte eg min eigen fysiske form på tur i går, og klarar knapt nok gå i dag).

Men fyttirakker'n for ein herleg film Istid 2 er. Og eg kan absolutt forsvare å bruke denne i undervisningssamanheng. Ikkje berre lærar vi her om klimaendringar og is, men også om evolusjon - og ein smule historie. Og ikkje minst lærer vi om generelle læreplan-ting som samhald og samarbeid.

Eg hadde store ambisjonar då eg starta som lærar. Alt eg skulle gjere, og alle dei artige undervisningsmetodane eg skulle bruke. Og digitale verktøy skulle eg i alle fall bruke mykje! Og for ikkje å prate om samansette tekstar. Vi skulle sjå på film, lage teikneseriar, animasjonar og dramatisere og synge. Og…

Feil medisin

Det er ikkje rart at mykje av spesialundervisninga er mislukka når det ofte handlar om å gje elevane meir av det dei ikkje meistrar.

Det er stadig fleire som får spesialundervisning i norsk skule, og ein stadig større del av skulebudsjetta våre blir bunden opp i spesialundervisning som vi ikkje ein gong veit om fungerer.

Vi får ikkje folk friske ved å gje dei medisin vi ikkje veit om fungerer. Det gjeld også innanfor skulen. Viss vi ser ein elev som slit, hjelper det ikkje med å pøse på meir av dei same metodane og det same læringsstoffet. Då risikerar vi at eleven får enno fleire arenaer der han eller ho mislukkast.

Når spesialundervisning i tillegg blir utført av folk utan formell kompetanse på dei utfordringane elevane slit med, er det ikkje rart spesialundervisninga har liten effekt.

Vi har i norsk skule ikkje lukkast bra nok med tilpassa opplæring, og eg trur vi innanfor skulen har fått ein tendens til å bortforklare dårlege resultat med at elevane «ikkje er heilt som andre». Eg tru…