Gå til hovedinnhold

Feil medisin

Det er ikkje rart at mykje av spesialundervisninga er mislukka når det ofte handlar om å gje elevane meir av det dei ikkje meistrar.

Det er stadig fleire som får spesialundervisning i norsk skule, og ein stadig større del av skulebudsjetta våre blir bunden opp i spesialundervisning som vi ikkje ein gong veit om fungerer.

Vi får ikkje folk friske ved å gje dei medisin vi ikkje veit om fungerer. Det gjeld også innanfor skulen. Viss vi ser ein elev som slit, hjelper det ikkje med å pøse på meir av dei same metodane og det same læringsstoffet. Då risikerar vi at eleven får enno fleire arenaer der han eller ho mislukkast.

Når spesialundervisning i tillegg blir utført av folk utan formell kompetanse på dei utfordringane elevane slit med, er det ikkje rart spesialundervisninga har liten effekt.

Vi har i norsk skule ikkje lukkast bra nok med tilpassa opplæring, og eg trur vi innanfor skulen har fått ein tendens til å bortforklare dårlege resultat med at elevane «ikkje er heilt som andre». Eg trur mange som i dag får spesialundervisning kunne hatt stort utbytte av ordinær undervisning viss vi som lærarar hadde vore flinkare til å bruke eit mangfald av undervisningsmetodar og læringsarenaer.

I mange tilfeller kan vi auke læringsutbyttet hos alle elevar ved å tenke litt utanfor boksen og få naudsynt støttesystem rundt oss som kan rettleie og gje oss råd i undervisningssituasjonen. For min del hadde det beste som fersk lærar vore å få erfarne pedagogar til å gje meg tips, råd og idear om korleis eg kunne få alle elevane til å strekke seg litt lengre og til å oppleve meistring.

Opplæring handlar om å gje elevane arenaer der dei føler meistring og ikkje berre arenaer der dei mislukkast. Det som er tilfelle med mykje av dagens spesialundervisning er at det blir enda fleire arenaer for elevane der dei føler motgang og ikkje framgang.

Viss vi held fram med spesialundervisning etter dagens modell, kjem vi til å gjere dagens barn og unge ei bjørneteneste. Vi gjer det i beste meining, men sanninga er at mykje av spesialundervisninga ikkje fungerer, eller i mange tilfelle gjer vondt verre. Eg meiner vi må bruke ressursane på å styrke den ordinære undervisninga ved å gje alle elevane arenaer dei meistrar på, og ikkje gje enkelte elevar endå fleire arenaer der dei mislukkast.

Publisert i spalta Blåmandag i Dagsavisen, 31.januar 2011.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…