Gå til hovedinnhold

Kanskje vi raskt kan utvikle oss til sjøpattedyr?

Sola skin og det er vakkert ute. Eg hadde tenkt meg ut i sola for å gå ein tur (på føtene - ikkje på ski!). Men så plutseleg fann eg ut at Istid 2 gjekk på tv, og sidan dette er ein film eg har tenkt eg kanskje skal bruke i undervisningssamanheng, så føler eg att eg har gyldig grunn til å sitje inne (ja, også overvurderte eg min eigen fysiske form på tur i går, og klarar knapt nok gå i dag).

Men fyttirakker'n for ein herleg film Istid 2 er. Og eg kan absolutt forsvare å bruke denne i undervisningssamanheng. Ikkje berre lærar vi her om klimaendringar og is, men også om evolusjon - og ein smule historie. Og ikkje minst lærer vi om generelle læreplan-ting som samhald og samarbeid.

Eg hadde store ambisjonar då eg starta som lærar. Alt eg skulle gjere, og alle dei artige undervisningsmetodane eg skulle bruke. Og digitale verktøy skulle eg i alle fall bruke mykje! Og for ikkje å prate om samansette tekstar. Vi skulle sjå på film, lage teikneseriar, animasjonar og dramatisere og synge. Og kor er eg? Joda, skrifta som tekst står framleis i hovudfokus og eg brukar omtrent berre digitale verktøy sjølv i mine førebuingar. Torsdag var fyrste dagen eg brukte pcen min aktivt i undervisninga. Vi har ikkje sett på film eller lagd animasjonar. Dramatisering og synging har vi gjort ein del av, og paradoksalt nok er det eigentleg det eg er dårlegast på.

No bruker eg helga på å setje meg inn i undervisningsmetodar og korleis få til tilpassa opplæring i praksis. Kan anbefale Tuva Bjørkvold si bok: "Helhetlig tilpasset opplæring". Mange gode forslag der som er berre å setje ut i livet. Og etter at ein har prøvd ut eit par slike ferdige oppskrifter er eg sikker på at det blir lettare å vere kreativ lærar sjølv etterpå. Det er i alle fall min plan! Så får det heller vere at eg ikkje kjem til å "kome gjennom" læreboka i løpet av dette halvåret. Det er jo tross alt ikkje lærebøkene vi skal lære elevane...

Klima på dagsorden no om dagen. Torsdag måtte eg bruke tre økter på noko eg trudde eg trengte ei økt på, men no har elevane lært om både drivhuseffekt og kva det er med olje og gass som gjer at atmosfæren blir tjukkare. Og oppvakte elevar som eg har, spurte dei: "Korleis vart atmosfæra lagd?". Det var her eg burde utfordra dei til å vere forskare sjølv, men etter ein månad som lærar begynner også eg å føle på tidspress, og tenkjer alt for ofte: "Dette får vi ikkje tid til". Og så har eg sett mykje på National geographic, og kunne utruleg nok svaret på spørsmålet. Og då er det fort gjort å berre svare på spørsmålet, og ikkje vere nysgjerrige i lag.

Men elevane har i alle fall bestemt seg for å lage demonstrasjonstog for å redde regnskogen. Og vil dei gjere det, så skal eg lage tid for det. :)

Neste veke får vi besøk av Klimapark2469 som skal gje elevane enno meir informasjon, og eg har sverga på at mine elevar skal vere kjempegodt førebudd når dei får besøk, slik at dei kan stille mange gode spørsmål. Og vips..så er det snart veke 8 når vi skal setje opp musikalen "Barnas klimakonferanse". Tida går altfor fort i skuleverket. Det er den viktigaste lærdommen eg har gjort meg etter ein drøy månad som lærar.

Og her er gode sitat frå Istid2:

Kanskje vi raskt kan utvikle oss til sjøpattedyr?
Å vere heilt aleine, er nok ensomt.
Jeg trudde tjukke karer pleide å vere blide

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Språkdebatten var ikkje død

Tidlegare i denne veka var eg deltakar i "Valdresdebattane". Spørsmål vi skulle diskutere var mellom anna: Er det plass til to likestilte språk i Noreg i dag? Eller kostar det for mykje? Er det eit problem at 75 % av ungdommane i Valdres skiftar språk? Og kven har i så fall ansvaret?

Eg var deltakar i debatten saman med mellom anna språkforskar Arne Torp (han frå Joker-reklamene), kommentator Erling Lægreid, Elisabeth Aspaker frå Høgre og ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Eg har alltid vore glad i nynorsk, men eg har ikkje alltid vore nynorskbrukar. Eg var også ein av dei som byta målform frå nynorsk til bokmål då eg var elev på vidaregåande skule i Valdres.

Det kan verke lettare å skrive bokmål enn nynorsk. I alle fall når du er ein halvlat 15-åring. Stort sett alt eg las var bokmål, og når du tenkjer etter kva for målform ein møter mest av rundt seg i samfunnet, kan vi ikkje seie at bokmål og nynorsk er likestilt. Når eg i tillegg opplevde at bokmålsstilane eg fekk attende frå …