Gå til hovedinnhold

Kremveke! (Og livet er fantastisk)

På fredag sa ein av elevane mine: "Det var fælt så blid du var i dag då" (og eg som trudde eg alltid var ei solstråle). Det kunne ha noko å gjere med at det var fredag, men livet er moro om dagen. Og neste veke blir enno litt betre. Veit eg!

På fredag hadde vi forresten også bowlingkveld med elevar, foreldre og lærarar i saman. Kjempebra tiltak og viktig for å bygge nettverk og møtast i andre omgjevnader enn den trauste skulekvardagen. Etter ei bowlingrunde joina eg vener på bowlingen, tok meg eit glas vin og var klar for quiz. Dei elevane som då hadde vorte att for å spele meir bowling fekk då STOOORE augo då dei såg læraren drikke vin med vener: "ÅJ. Ho bur ikkje på lærarrommet. Ho har eit liv utanom skulen". Det trur eg var eit stort sjokk for dei. Like stort sjokk som når dei utbryter djupt sjokkert: "Er du ikkje gift enno?? Er ikkje du snart 30 år". Og joda - livet er snart over for min del. :)

Heile neste veke skal vi øve dans, song og drama med elevane. Til framsyninga "Barnas klimakonferanse" på fredag. Det er ein musikal om klima- og energispørsmål. Vi har øvd og øvd i fleire veker no, og no skal vi øve ei heil veke samanhengande før det ender med stor framsyning på fredag klokka 18 i Vågå-hallen. Kom kom!!

Skrivinga har løsna no. Djupt nedi ei flaske cava i går fekk eg anden over meg og orda kom trillande. Har fortsatt no i dag, og er til og med i gang med artikkel til Dagsavisen til neste måndag. I så god tid har eg aldri vore ute før.

Bilete av øvingane til veka kjem. Og mange truleg lykkelege oppdateringar!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein