Gå til hovedinnhold

Topp10-MGP

Eg er i MGP-modus om dagen, og høyrer gjennom gamle bidrag. I den samanheng har eg lagd mi eige topp 10-liste over dei bidraga eg meiner er best gjennom åra. Dette har ikkje berre med dei beste låtene å gjere, men også litt om kva for låter som vekker dei største minna i meg. Dette er vel heller å sjå på som ei liste over gode MGP-minner!

Hanne si topp 10-liste over MGP-bidrag

10. Alle mine tankar - Silje Vige 1993 (låte eg tykte var heilt grusom då ho vann, men som berre har blitt betre og betre for kvar gong eg høyrer låta. Eg trudde ikkje den kom til å gjere det bra i den internasjonale finala, men ho fekk ein hederleg 5.plass)
9. In my dreams - Wig Wam 2005 (låta som fekk oss til å tru på at Noreg kunne gjere det bra i ESC, og som gjorde puddelrock kult att. Har rølpa mykje til denne låta)
8. Absolutely faboulous - Queentastic 2006 (dette året fulgte eg MGP frå USA, og skjønte ikkje kvifor i alle dagar denne låta ikkje vann)
7. Rocket Ride - Jannicke Abrahamsen 2007 (vi kunne spart oss skammen ved å sende Guri Schanke til Europa, ved å heller sende Jannicke. Her skjønte eg for n'te gong ikkje kva Noreg tenkte på)
6. Visjoner - Merethe Trøan 1992(som eg eeeeelsket denne songen)
5. Find my girl - Alexander Stenerud 2009 (eg tykte denne låta var best i finala i 2009, og eg trur kanskje dette er den songen gjennom historie eg har likt best. Nyyyydeleg song og nyyydeleg mann)
4. My heart goes boom - Charmed 2000 (Russetid og fest, og sikker på at Noreg skulle vinne att. Eg blir alltid i godt humør når eg høyrer denne låta)
3. Brandenburger Tor - Ketil Stokkan 1990 (denne låta kjem eg alltid til å hugse. Eg hugsar at Pappa og eg var på hytta, og at tv'en svikta då det skulle vere internasjonal finale. Eg var heilt frå meg: "Eg får ikkje sett MGP". Pappa gjorde kva han kunne for å gjere meg nøgd, og sjølv om eg sikkert grein, høyrte vi saman på MGP på radio dette året. Faktisk eitt av dei minna som sitt best frå barndommen)
2. Fairytale - Alexander Rybak 2009(tidenes MGP-fest i Oslo. Rotblaute utan like med gode vener, og enno full til 17.mai-frokost dagen etterpå. Men herleg oppleving. Kanskje den beste MGP-opplevinga - sjølv om eg ikkje hugsar andre halvdel av avstemminga...)
1. Glasnost - Jahn Teigen 1988 (Min favoritt. Eg skjønte ingenting då denne ikkje vann. Eg var seks år gamal, og glasnost og Jahn Teigen var favorittane. Seinare har eg brukt å opptre offentleg fleire gonger med denne låten.)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…