Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2011

Snart 30 år..

I dag har eg sendt ut invitasjonar til 30-årslaget mitt. Eg veit det er nesten to månader til, men eg tenkte eg skulle vere tidleg ute.

Feiringa blir i finstasen ute i naturen. For liksom å kombinere det som er meg; ei jåle på bygda.

Og som eg gler meg! Eg håper alle mine beste vener kjem opp hit til Vågå for å feire at livet er fantastisk saman med dei nye venene eg har fått her i Vågå. Det blir nok eit knippe fantastiske jenter som skal ha denne helga saman.

Er eg nøgd med livet mitt? Ja, det kan eg faktisk seie eg er. Eg føler meg sjeldan einsam, har fantastiske vener, ein jobb eg elskar og hobbyar eg trivst med. Og eg tykkjer ikkje det er ille å skulle bli 30 i det heile take. 30-årskrise? Tja..ikkje enno. Kanskje panikken på eit tidspunkt slår meg fordi eg ikkje har mann og ikkje ungar....men då er det fordi eg trur at det er fordi omgjevnadene forventer av meg at eg gjer som alle andre.

Eg har i alle fall blitt såpass stor at eg har skjønt at eg må gjere med livet det eg sjølv ø…

Ikkje klå meg på puppane, takk!

Klakkande rundt på skyhøge heler i både skule- og kommunehuskorridorar 320 km frå Oslo, høyrer alle at Unge Blåfjelldal kjem gåande.

Det er snart eitt år sidan eg flytta frå Oslo til Vågå. Den største skilnaden på å vere jente på bygda framfor byen er at eg får daglege kommentarar på kjolar, store flagrande smykke og høge heler.

Eg passar liksom ikkje heilt inn i den sporty friluftskvardagen her ved porten til Jotunheimen. Men det eg manglar på kondisen, liker eg å ta att ved å vere ei skikkeleg jåle.

Som ei jåle med stoltheit, prøver eg alt eg kan å kombinere jåledugleikane mine med å vere ein god feminist. Det trengst i samfunn der myten om den maskuline mannen og den heimeverande husmora har gode veksthøve.

Menn jaktar, kvinner er heime
For her på bygda likar vi å tru at menn er ”skikkelege menn” og kvinner ”skikkelege kvinner”.

Her står samfunnet stille under elgjakta, og her arbeider kvinnene deltid for å vere heime med ungane. Mennene går ikkje berre på jakt; dei fiksar og ordnar ti…

Til stader eg aldri har vore før...

No gler eg meg til dei neste vekene. Dagane kjem til å gå i eitt på grunn av ganske mange møte, men eg skal også besøke mange plasser eg aldri har vore før, og eg kjem til å lære mykje nytt. Livet er spanande om dagen, og det er flott.

Spanande ting 1:
Eg har takka ja til å sitje i ei gruppe for Energisenteret på Hunderfossen som skal jobbe med ny utstilling retta mot publikum og mellom anna då skuleelevar som ei viktig målgruppe. Det blir lærerikt, og forhåpentligvis kan eg medverke med noko også. Fyrste møte er på Hunderfossen neste veke.

Spanande ting 2:
Neste veka deretter skal eg til Bodø på konferanse arrangert av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Dit kjem også Anne Bamford - dama som laga rapporten som har prega ideologien til skuleprosjektet i Vågå; nemlig "The wow factor". Denne rapporten viser mellom anna at har du god opplæring i og gjennom kunstfag, vil elevane få betre basisdugleikar, og også utvikle gode karakterar inni seg. Ho har no kartlagt s…

Herregud; eg er forelska!

Kan ikkje bli anna enn forelska i The Moniker. Denne fantastiske mannen i gul dress som spring på tredemølle.



3.plass i svenske Melodifestivalen var faktisk betre enn eg hadde trudd. Og kanskje like greitt at han ikkje vann. Då har kanskje eg betre sjanse til å vinne hjartet hass. Eg er både forelska i songen og i fyren. Og planen er å reise til Sverige for å finne han. Slik at vi saman kan synge: "Oh my God; I'm in love"- og tenke: "I can see my self in bed with you when I am 62".

Rælete greier av ein kjekkas som knuser glas på scena som vann. Fyr som ser ut som ein gud og syng om at han er upopulær blant damene. Ikkje spesielt truverdig. Då er det meir truverdig med ein gul gul mann som syng ein gul gul sang om kor forelska han er.

Likestillingsgåte

Inspirert av nyaste "Fett" (likestillingsmagasin) fann eg ut at eg skulle ta ei god gamaldags gåte om likestilling for elevane mine. Gåta har eg sjølv vore gjennom og ikkje klart å løyse, så tenkte eg skulle finne ut om elevane mine var betre enn meg for tjue år sidan. Gåta, som sikkert er kjend for dei fleste av dykk, er som følgjer:

En far og hans sønn havner i en alvorlig trafikkulykke. Faren dør på stedet, hans biologiske sønn blir alvorlig skadet og fraktes til sykehus. Overlegen kommer inn og utbryter: «Jeg kan ikke operere denne gutten, han er jo min sønn!» Hva har skjedd?

I følgje forfattaren i "Fett" klarte ikkje ei forsamling av godt vaksne mennesker å løyse denne. Dei kom med følgande løysingar: Surrogatmor og homofile foreldre, stefar og alt mogleg anna som inneber måtar søner kan ha to fedre på.

Mine elevar sleit litt i starten. Men to av fire grupper klarte gåta med lettaste sjølvsagtheit: "Overlegen er mora!". Sjølvsagt! Og ja, sjølvsagt er …

Hanne på ski - Kap. 4

Skituren med Lalm oppvekstsenter i dag gjekk strålande. Eg hadde sjølvsagt blitt plassert på gruppa som skulle gå den lengste turen, men 12 km gjekk som ein leik. Og eg som hadde grua meg til dette...

Det var berre koseleg dette. Og etter at vi hadde gjennomgått ei viss stigning i starten, så tenkte eg berre på siste halvdel av turen: Dette er jo berre fantastisk. Og eg merka med meg sjølv at eg faktisk sett pris på å vere ute i naturen. Og ja, eg trur det blir fleire skiturar i vinter. No, når det ikkje er så kaldt, så sett eg faktisk litt pris på vinter - men berre når eg veit det går mot vår.

Og ja; nyttårsforsettet mitt om å bli meir friluftsmenneske (ikkje slik gærning, men litt meir ute i naturen altså), ser ut til å gå i boks. Og på fredag, så skal eg søren med nok ein dag ut i naturen. Denne gongen til Lom og "Barske glæder" i regi av Fjellmuseet. Det blir moro!

Men fyrst; foredrag om klima og energi i Vågå-skulen på seminar på Otta i morgon, så til Oslo for Taylor Swi…

Hanne på ski - Kap. 3

I dag midt under femmila (hallo; kven orker å sjå på folk gå på ski to timar?), fekk eg dratt meg ut på skitur nummer 3. Fram til no har eg vore litt sjokkert over at eg korkje har pådratt meg skiskader eller har vore stiv og støl. Vel...i dag kom strekken. På innsida av låret. Hallo; kven er det som får strekk på innsida av låret av klassisk langrenn? Nok eit bevis på at eg ikkje har teknikken i orden.

Vel - eg trur faktisk eg skal overleve skituren med skulen 8.mars. No har eg både testa skia og funne ut at det faktisk kan vere ganske koseleg å gå på ski. Så no ser eg ikkje lengre fram til skidagen med skrekk og gru. No tenkjer eg berre; dette klarer du fint, unge dame! :)

Undervisningsopplegg og kvinnedag

Som den late pedagog eg er, sitt eg no og surfar på nettet etter fiks ferdige undervisningsopplegg om kvinnedagen eg kan bruke i undervisninga i morgon (skidag 8.mars og difor må eg nytte høvet i morgon). Det finst ingen fiks ferdige undervisningsopplegg som kan brukast, så eg må lage mitt eige. Og det er ikkje lett når det er 10 og 11-åringar det er prat om. Det må vere både relevant og forståeleg - og helst oppmuntre til refleksjon og dialog.

Takk og pris for Nrk sine skulesider. Der er det mykje bra (men også der til tider for vanskeleg for elevane på mellomtrinnet):


Det er mange aktuelle saker det går an å ta opp med elevane. Slik som til dømes kvinners rettar i andre land, arbeidsdeltaking, kjønnsrelatert mobbing, seksuell trakassering, kvifor vel kvinner tradisjonelle yrker og så vidare. Eg trur ikkje vi skal undervurdere elevane. Vi skal ta meiningane deira på alvor, og vi må våge å ta desse diskusjonane om tema som ofte er vanskelege.

Eg har i alle fall tenkt til å lage ein disk…

Heja Sverige!!

Alle veit at eg er ein stor fan av Melodi Grand Prix. Men det mange kanskje ikkje veit, er at eg er ein enno større fan av Melodifestivalen. Noko som gjer at eg har vore klistra til tv-skjermen dei siste laurdagane for å få med meg ørten delfinaler - og no i kveld; Andra Chansen.

For tradisjonen tru; min favoritt i svenske melodifestivalen gjekk ikkje direkte til finalen, men må gjennom Andre Chansen. Det er ikkje fyrste gong det skjer. Det skjedde også for nokre år sidan med Magnus Uggla med "For Kung og Fosterland". Som tapte med 1000 stemmer for Sonja Aldén (av omlag 300 000). Eg grein nesten då denne låten ikkje gjekk vidare. Og det kjem eg også til å gjere i kveld - viss min nye store kjærleik ikkje går vidare.

Og her har du min favoritt i kveld. The Moniker med "Oh my god":


Kan jo ikkje anna enn å bli i godt humør av dette. Eg blir både gul og glad når eg ser og høyrer dette. Og bittelitt forelska. Og drømmer om ein skalla mann kledd i gult.

Det er i alle fall…

Hanne på ski - Kap. 2

I dag er eg imponert over meg sjølv. Vakna altfor tidleg (som vanleg), og bestemte meg for at det berre var å kaste på seg mine uproffe treningsklede for å komme meg ut på ski. Men så tittar eg ut glaset, og ser det bles veldig mykje. Også sjekker eg vêrmeldinga, og ser det er "stiv kuling" på fjellet. Og tenkjer i mitt stille sinn at det ikkje går an å på gå på ski når det bles så fælt. Argumenterer kraftig med meg sjølv, men bestemmer meg for i alle fall å ta ein tur opp dit då. Og viss det er for ille, så kan eg jo berre reise til Lom for å kjøpe meg kaffe...

Tru det eller ei; eg kom meg ut på ski. Eg gjekk i alle fall seks kilometer. Imponerande i seg sjølv. Eg skal ikkje seie kor lang tid eg brukte på det, men poenget er; til tross for vind og at eg vart forbigått av ein fyr (skikkeleg forbigått også - og eg som trudde eg var så flink), så kom eg meg ut. Og denne gongen var det faktisk litt koselegare enn sist. Denne gongen fant eg ut at eg likte det litt. Artigare enn å…

Hanne på ski - Kap 1

Så kom eg meg endeleg ut på ski. Hadde litt angst for at eg ikkje skulle finne skisporet, men det gjekk visst bra. Fine skispor - "trikkeskinnespor" har eg lært meg at det heiter. Konklusjonen etter skituren er at det eigentleg er ganske kjedeleg å gå på ski, men at det er bra trening. Og at eg føler meg dum. Og her er grunnane til at eg føler meg dum:
1. Alle eg møter på i løypa ser heilproffe ut. Dei har slike swix-uniformar og slikt heile gjengen, og det ser ut som det er verdas lettaste sak å gå på ski. Så ser dei på meg og smiler. Eg tenkjer dei gliser overberande av håplaust utstyr og håplaus teknikk. Eg har omsider bestemt meg for å gje blaffen. Eg hadde sett enno dummare ut om eg hadde hatt heilproft utstyr. Og uproff teknikk. Ikkje bra kombinasjon. Men blid er eg då. Berre sjå på bilete.

2. Eg kjem aldri til å skjønne meg på skismøring. I dag tok eg ein sjanse på både farge og kor eg skulle feste smøringa hen (vel, det er jo merka av smørefelt bak på skia mine, så er…

Biblioteket - eit gløymt velferdsgode

Etter nøye vurderingar har eg beslutta å ikkje reise til Oslo i vinterferien. Utelukkande på grunn av økonomi. Så torsdag og fredag har eg to fridagar eg må fylle med aktivitetar. Etter at skia mine har samla støv i Vågå i to månader (ti år i Valdres før dei kom hit), kjøpte eg i helga skismøring. På tysdag er det skidag på skulen, og då må eg vere utlært. Så i morgon skal eg teste skia og skiføret. Endeleg!

Men skigåing held ikkje til å fylle to fridagar. Så i går fann eg ut at eg skulle ta ein tur på biblioteket. Og det er merkeleg. Mellom kvar gong eg er på biblioteket gløymer eg kor mange skattar som er gøymt der. Biblioteket i Vågå har ei heilt enorm DVD-samling, og då er det ingen grunn til at eg skal drive å kjøpe meg så mange DVD'ar. Så no er både CHE og moro med Trond Espen Seim lånt inn. Og ja, så skal eg innrømme eg lånte med meg 2012 også. Kanskje pinlig å innrømme det, men eg eeeeelskar katastrofefilmar. Eg tok også med meg nokre bøker - både nynorsk ungdomslitteratur …

Syng og ver glad!

Eg blir meir og meir overtydd om at vi treng meir kunst og kultur i skulen, ikkje mindre.

På fredag var 90 elevar her i Vågå i aksjon på scena då vi sette opp musikalen ”Barnas klimakonferanse”. I ei heil veke har elevane kvar skuledag øvd intenst på drama, songar og musikk og dans.

Gjennom denne veka har vi fått sjå elevar blomstre som aldri før. Elevar har fått trening i å stå på ei scene, samarbeide med andre og utfordre seg sjølv.

Det har vore ein annleis skuleveke. Og eg har fleire gonger fått tårer i augo når elevar stolte har sagt: ”det er fyrste gong eg har sunge åleine” eller ”eg tør gjere ting eg aldri har gjort før”. Og som elevane har blomstra! Vi fekk høyre elevar som knapt seier noko i timane synge solosong og både foreldre og tilsette såg sider ved elevane dei aldri hadde sett før.

Kritikk mot slike arrangement kjem. ”Kor blir det av dei viktige faga”? ”Vi må konsentrere oss om lesing, skriving og rekning – ikkje berre om slik kunstfjas”.

Vi utviklar ikkje heilskaplege m…