tirsdag 8. mars 2011

Hanne på ski - Kap. 4


Skituren med Lalm oppvekstsenter i dag gjekk strålande. Eg hadde sjølvsagt blitt plassert på gruppa som skulle gå den lengste turen, men 12 km gjekk som ein leik. Og eg som hadde grua meg til dette...

Det var berre koseleg dette. Og etter at vi hadde gjennomgått ei viss stigning i starten, så tenkte eg berre på siste halvdel av turen: Dette er jo berre fantastisk. Og eg merka med meg sjølv at eg faktisk sett pris på å vere ute i naturen. Og ja, eg trur det blir fleire skiturar i vinter. No, når det ikkje er så kaldt, så sett eg faktisk litt pris på vinter - men berre når eg veit det går mot vår.

Og ja; nyttårsforsettet mitt om å bli meir friluftsmenneske (ikkje slik gærning, men litt meir ute i naturen altså), ser ut til å gå i boks. Og på fredag, så skal eg søren med nok ein dag ut i naturen. Denne gongen til Lom og "Barske glæder" i regi av Fjellmuseet. Det blir moro!

Men fyrst; foredrag om klima og energi i Vågå-skulen på seminar på Otta i morgon, så til Oslo for Taylor Swift-konsert. Livet går visst i eitt om dagen. Og eg likar det!! :)

1 kommentarer: