Gå til hovedinnhold

Heja Sverige!!

Alle veit at eg er ein stor fan av Melodi Grand Prix. Men det mange kanskje ikkje veit, er at eg er ein enno større fan av Melodifestivalen. Noko som gjer at eg har vore klistra til tv-skjermen dei siste laurdagane for å få med meg ørten delfinaler - og no i kveld; Andra Chansen.

For tradisjonen tru; min favoritt i svenske melodifestivalen gjekk ikkje direkte til finalen, men må gjennom Andre Chansen. Det er ikkje fyrste gong det skjer. Det skjedde også for nokre år sidan med Magnus Uggla med "For Kung og Fosterland". Som tapte med 1000 stemmer for Sonja Aldén (av omlag 300 000). Eg grein nesten då denne låten ikkje gjekk vidare. Og det kjem eg også til å gjere i kveld - viss min nye store kjærleik ikkje går vidare.

Og her har du min favoritt i kveld. The Moniker med "Oh my god":


Kan jo ikkje anna enn å bli i godt humør av dette. Eg blir både gul og glad når eg ser og høyrer dette. Og bittelitt forelska. Og drømmer om ein skalla mann kledd i gult.

Det er i alle fall ingen tvil om at Andra Chansen har høgare kvalitet enn ei finale i MGP i Noreg. Så får vi håpe at Sverige endeleg lukkast i Eurovision Song Contest i år.

Og for gamle minner og tapt kamp. Her har de Magnus Uggla med "For Kung og Fosterland" (som desverre altså aldri vant):


Og her kan de sjå same Uggla håne Noreg. Moro:

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…