Gå til hovedinnhold

Ikkje klå meg på puppane, takk!

Klakkande rundt på skyhøge heler i både skule- og kommunehuskorridorar 320 km frå Oslo, høyrer alle at Unge Blåfjelldal kjem gåande.

Det er snart eitt år sidan eg flytta frå Oslo til Vågå. Den største skilnaden på å vere jente på bygda framfor byen er at eg får daglege kommentarar på kjolar, store flagrande smykke og høge heler.

Eg passar liksom ikkje heilt inn i den sporty friluftskvardagen her ved porten til Jotunheimen. Men det eg manglar på kondisen, liker eg å ta att ved å vere ei skikkeleg jåle.

Som ei jåle med stoltheit, prøver eg alt eg kan å kombinere jåledugleikane mine med å vere ein god feminist. Det trengst i samfunn der myten om den maskuline mannen og den heimeverande husmora har gode veksthøve.

Menn jaktar, kvinner er heime
For her på bygda likar vi å tru at menn er ”skikkelege menn” og kvinner ”skikkelege kvinner”.

Her står samfunnet stille under elgjakta, og her arbeider kvinnene deltid for å vere heime med ungane. Mennene går ikkje berre på jakt; dei fiksar og ordnar ting i huset, dei er ute i naturen heile tida (viss dei ikkje då heller har vald å bli rånarar), dei slenger ikkje rundt seg med framandord, og har knapt nok vore sør for Lillehammer.

Dei er slik menn skal vere; dei kan ordne lekkasjar i huset, bygge om – og ikkje minst kan dei beskytte oss mot rovdyra i skogen. For menn på bygda kan handtere eit skytevåpen.

Vi kvinner får ungar tidleg etter å ha utdanna oss anten til yrke innan helsevesenet eller skuleverket. Vi lever og ander for ungane og familien, og tek oss gjerne fri minst ein dag i veka for å vere heime med ungane. Her på bygda har ungane nemleg fri frå skulen ein dag i veka.

Samfunnet i Vågå er i mykje støre grad enn i byane bygd opp rundt familiane. Etter snart eitt år her, har til og med eg begynt å drøyme om kjernefamilie med deltidsjobb, ungar og ein praktisk mann som kan fikse og ordne ting i huset.

Som den håplause feministen eg er, gjer eg meg også totalt hjelpelaus når eg møter desse skikkelege mannfolk. Ikkje søren om eg gidd å lære meg å skifte dekk på bilen eller om eg skiftar lyspærer sjølv. Eg gidd ikkje ein gong prøve, men konkluderer forsiktig med at eg ikkje klarer.

Eg tykkjer det er godt å bli varta opp. Eg skammar meg kvar gong – for eg føler meg som ein dårleg feminist. Det er i slike stundar eg må ta meg saman for å tenkje etter kva feminisme handlar om, og kvifor eg har vald å kalle meg feminist.

Ikkje full likestilling
Då eg var 18 år, hadde eg mitt fyrste møte med Det annet kjønn og har vore feminist sidan. Det var fyrst då eg las Simone de Beauvoir eg skjønte at eg sjølv var med på å medverke til undertrykkande strukturar i samfunnet.

Eg hugsar eg tenkte etter med meg sjølv: Kvifor har eg dårlegare sjølvtillit enn jamnaldrande gutar som alldeles ikkje er smartare enn eg? Kvifor har eg mykje lettare for å godta at gutane gjer det betre enn eg, enn at andre jenter gjer det?

Over ti år etterpå er dette enno haldningar eg jobbar med i meg sjølv. Eg kallar meg enno stolt feminist. For meg er feminisme å tru på like rettar for alle, men å erkjenne at det i samfunnet er høve som gjer at vi enno ikkje har oppnådd full likestilling.

Eg meiner vi ikkje har fullstendig likestilling i Noreg. Eg trur det er strukturar og sedvanar i samfunnet som gjer at vi i ulike samanhengar handsamar guter og jenter ulikt. Eg trur det finst forskjellsbehandling på grunnlag av kjønn, eg har sett det både i skuleverket, i politikken, i næringslivet og i privatlivet. Og eg trur kjønnsdimensjonen er noko vi er nøydd til å gje oppmerksemd uansett kva vi driv med.

Skylappar på høgresida
Når vi veit at gutane får meir oppmerksemd i klasseromma enn jentene, må vi spørje oss sjølv om kvifor det er slik. Når vi som lærarar gjev gutane meir oppmerksemd, må vi våge å ta eit oppgjer med oss sjølve. Når vi ser gutane likevel gjer det dårlegare i basisfaga i skulen, så må vi også våge oss å spørje kvifor det er slik.

Til tross for at jentene ofte er ”flinkast” gjennom heile skulegangen, ser vi likevel at menn ender opp med høgare løn og betre stillingar. Vi må våge å stille spørsmålet kvifor det er slik.

Vi på høgresida må ikkje vere så livande redde for å bli stempla som raudstrømper, at vi ikkje tør ta desse diskusjonane.

Eg har møtt mange folk på høgresida i norsk politikk som fornektar at det finst forskjellsbehandling i samfunnet. Med klar stemme og med det eg meiner er skylappar, seier dei: ”Det er full likestilling i Noreg. Vi har dei same rettane. Kjønnskvotering er det motsette av likestilling, og eg vil bevise eg er like flink som gutane utan å måtte ha særbehandling”.

Eg er også mot kvotering og særbehandling, men eg meiner desse folka har misforstått kva likestillingskamp og feminisme handlar om.

No gjer eg det!
Eg er dessverre ein litt sløv feminist til tidar. Eg har det stort sett bra som jente, og i kvardagen merkar eg stort sett ingenting til forskjellsbehandling eller undertrykking. På bygdefest heime i Valdres i jula slo likestillingsspøkelset meg i fjeset med full "trøkk".

Eg var heilt uførebudd då eg på ein real bygdefest fekk ei fast hand som tok meg i puppen med kommentaren: ”Når eg og kompisen min ser bilete av deg i avisa, så pratar vi om kor lyst vi har til å ta deg på puppane. Og no gjer eg det!”

Eg vart ærleg tala så sjokkert at eg ikkje visste kva eg skulle svare, og det einaste eg fekk ut av meg var: ”Når du treffer meg edru neste gong, så får du sjå om du tør å gjere det då. Du er hjarteleg velkomen”. Karen lo rått: ”Takk for invitasjonen, det skal eg sjølvsagt gjere”. Vi får no sjå, tenkte eg.

Etterpå tenkte eg igjennom korleis eg eigentleg skulle handtert det. Eg kunne slått. Eg kunne meldt det til politiet. Eg kunne blitt forbanna. Men det som skjedde, var at eg eigentleg vart mest lei meg. Lei meg for den manglande respekt enkelte menn har for damer.

Nokon vil kanskje påstå at dette ikkje handlar om undertrykking av kvinner, men om mangel på vanleg folkeskikk, og at enkelte menn oppfører seg som apekattar. For meg handlar slike episodar definitivt om likestilling, og den manglande respekt enkelte menn viser overfor jenter. Det fortel meg også at vi har ein jobb å gjere i høve til seksuell trakassering.

Viss menn kan vise slik oppførsel overfor meg, korleis oppfører dei seg då mot andre? Eg ser på meg sjølv om relativt tøff, og eg har ein sjølvtillit mange misunnar meg. Når til og med eg, i ein alder av snart 30 år, opplever seksuell trakassering, korleis er det då for unge jenter som veks opp i dag? Eg er redd vi enno har altfor mykje seksuell trakassering – både i by og bygd.

Utdanning og haldningar
Den store skilnaden mellom by og bygd i høve til likestilling går på to ting. Den største av dei, etter mi meining, er at mennene i byane er høgare utdanna enn på bygda. I Vågå har berre 15 prosent høgare utdanning. Det gjer noko med samfunnet.

Ein treng ikkje vere forskar for å konstatere at høgare utdanna folk er meir opptekne av likestilling, og truleg også mindre fordomsfulle enn lågt utdanna menn. Det er ikkje dei høgt utdanna som grafsar jentene på puppane i fylla og slenger skjellsord til homofile og innvandrarar. Og mannfolka med dårleg kvinnesyn er ofte også dei som pratar mest stygt om både homofile, innvandrarar og dei som på andre måtar vågar å skilje seg ut.

Dette seier meg at den viktigaste likestillingskampen står på det haldningsendrande planet. Dette er ein av dei viktigaste grunnane til at eg har vald å jobbe i skuleverket.

I tillegg er samfunnet meir gjennomsiktig på bygda. Folk bryr seg med kva du gjer. På godt og vondt. Du er synleg, og det er vanskelegare å vere annleis her enn det er i byen.

Anten du er pen som Barbie, gjer det bra i næringslivet, er rik, noregskjend kokk, Ottar-medlem, homofil, mørk i huda, flink til å spele eit instrument eller er aktiv i FrP, blir du prata om. Det er på mange måtar vanskelegare å vere ”flink”, og du skal vere tøffare om du tør stikke deg ut når du bur på bygda. Misunninga er nok ikkje større her enn i byane, men ho blir så mykje meir lagt merke til.

Sjølvtillit og respekt
Når det gjeld haldningar, har heile samfunnet eit ansvar. Viss foreldra svikter eller ikkje lukkast i å oppdra ungane til å vise respekt for alle uavhengig av kjønn, etnisitet eller legning, må skule og barnehage ta ansvar.

Eg trur det viktigaste er å oppdra dei veksande generasjonane til å få sjølvtillit. Eg trur at menneske som er trygge på seg sjølv, har lettare for å respektere andre og for å unne andre suksess. Eg trur at det også blir mindre misunning, bitching og ”jantelov” om vi oppdreg dei unge til å vere trygge på seg sjølv.

Vi må også slå hardt ned på seksuell trakassering, mobbing, dritslenging, fordommar og rasisme. Og vi må våge å prate ope om slike tema med ungane. Vi må forklare og diskutere kvifor vi skal respektere alle, og vi må sørgje for at kulturen er slik at fordommar av alle slag blir slått hardt ned på.

Ikkje lov å lukkast
Den viktigaste barrieren for at kvinner skal nå opp og fram også på bygda, er kulturen vår. Vi ser at kvinner med høg utdanning flyktar frå bygda. Homofile flyktar frå bygda. Og innvandrarane flyktar frå bygda.

Vi må våge å stille spørsmål om kvifor det er slik, og ikkje ”sulle” oss inn i ein illusjon om at alle har like moglegheiter. Alle har ikkje dei same moglegheitene om dei blir mobba fordi dei er annleis, blir utsett for ”bitching” eller seksuell trakassering både i ung og vaksen alder.

Skal vi få større mangfald på bygda, er vi nøydd om å gjere noko med haldningane. Dessverre føler mange i dag at det ikkje er lov å lukkast på bygda, og det er ikkje ”kult” å vere flink. Dette er like tøft for jentene som for gutane.

Viss du er gut, og til dømes likar å spele teater, danse eller gjere andre ting som ikkje er ”typisk” her på bygda (som ofte er sport, bil eller friluftsliv), blir du like fort stempla som dei jentene som er annleis.

Feminisme for meg handlar om å sjå at det er strukturar som hindrar oss i å gjere det vi ønskjer og vil med livet vårt, utan at andre dømmer oss. Då er det ikkje minst viktig at vi lagar ein kultur for at det skal vere lov å lukkast og skilje seg ut.

Må bli tøffare
Når det gjeld å få fleire tøffe, energiske jenter til å bli i bygdene og ikkje flytte til byane, er det berre ein ting som gjeld: Vi jenter må bli tøffare, vi må slutte å vere så redde for å feile at vi ikkje tør å prøve, og vi må bli flinkare til å unne kvarandre suksess.

Dette er ein kamp vi må kjempe anten vi er foreldre, lærarar eller omgås barn og unge på andre måtar. Vi må slutte å «dille og dalle» med jentene og sette like tøffe krav til alle – uansett kjønn. Og vi må slå hardt ned på diskriminering og seksuell trakassering tidleg.

Også for oss på høgresida må det vere lov å seie at det finst forskjellsbehandling i samfunnet. Det må også vere lov å seie at eg ikkje trur lovreguleringar vil endre på dette. Samfunnsendring kan berre skje gjennom haldningsendring.

Menn her på bygda, som går på jakt, som kan mekke bil og er skikkelege mannfolk, må også vere opptekne av likestilling. Dessverre meiner nok mange av dei at ”urmannen” skal behandle kvinner som objekt og difor utøve seksuell trakassering.

Det er så å seie umogleg å endre haldningane til apekattar av sjåvinistiske menn i ein alder av førti. Men det er eit håp om at ungane deira kan bli betre menneske.

Publisert i Minerva nr 1-2011.

Kommentarer

  1. Det er jo det som er så irriterende. Man blir så sjokkert at man klarer ikke reagere, først senere vet man jo at man burde gitt mannen en solid kilevink. Det er ikke ok.

    Men det er også fryktelig mye misforstått liberalitet blant oss kvinner på høyresida. Vi er så redde for å være usportslige feminister, og blir med på strippeklubb, ler av vitsene og later som om vi er med. For min del har jeg vært på min siste strippeklubb. Ikke at jeg plages så mye (kravet er at da betaler ikke jeg drinkene mine... og jeg drikker så det koster dem), men dersom de har så lite respekt for at de omgås kvinner som kanskje ikke deler deres interesse for å se andre kvinner nakne - så er de ikke verdt å være ute med. Nok av menn som ikke må på strippeklubb for å føle seg som mann, og mange nok som ikke trives der.

    SvarSlett
  2. Så sant, så sant. Eg er ikkje tilhengarar av kilevinkar. Men som eg har tenkt at slike folk verkeleg hadde fortent det! Er berre redd situasjonen kunne blitt enno verre viss eg gjekk til det steg..

    Heldigvis har eg ikkje opplevd sjikane slik du skildrar på bloggen din, men det er ille at jenter som stikk seg fram skal oppleve slikt du gjer. Du må berre fortsette å melde det til politiet!

    Eg trur også det er mykje misforstått liberalitet på høgresida. Det er greitt å seie i frå om at "dette tykkjer eg ingenting om" litt oftare - både når det gjeld handlingar og måten folk pratar på. Og mine meiningar om strippeklubbar og menn som går dit, skal eg halde for meg sjølv i denne omgang...:)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…