Gå til hovedinnhold

Snart 30 år..

I dag har eg sendt ut invitasjonar til 30-årslaget mitt. Eg veit det er nesten to månader til, men eg tenkte eg skulle vere tidleg ute.

Feiringa blir i finstasen ute i naturen. For liksom å kombinere det som er meg; ei jåle på bygda.

Og som eg gler meg! Eg håper alle mine beste vener kjem opp hit til Vågå for å feire at livet er fantastisk saman med dei nye venene eg har fått her i Vågå. Det blir nok eit knippe fantastiske jenter som skal ha denne helga saman.

Er eg nøgd med livet mitt? Ja, det kan eg faktisk seie eg er. Eg føler meg sjeldan einsam, har fantastiske vener, ein jobb eg elskar og hobbyar eg trivst med. Og eg tykkjer ikkje det er ille å skulle bli 30 i det heile take. 30-årskrise? Tja..ikkje enno. Kanskje panikken på eit tidspunkt slår meg fordi eg ikkje har mann og ikkje ungar....men då er det fordi eg trur at det er fordi omgjevnadene forventer av meg at eg gjer som alle andre.

Eg har i alle fall blitt såpass stor at eg har skjønt at eg må gjere med livet det eg sjølv ønskjer av livet. Og det veit eg enno ikkje heilt kva er, men eg nærmar meg...

Velkomen til Vågå 27.-29.mai alle gode vener. Eg gler meg til å vere saman med dykk desse dagane - for å feire at livet er fantastisk og at eg har fantastiske menneske rundt meg, som eg er veldig glad i!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…