Gå til hovedinnhold

Syng og ver glad!

Eg blir meir og meir overtydd om at vi treng meir kunst og kultur i skulen, ikkje mindre.

På fredag var 90 elevar her i Vågå i aksjon på scena då vi sette opp musikalen ”Barnas klimakonferanse”. I ei heil veke har elevane kvar skuledag øvd intenst på drama, songar og musikk og dans.

Gjennom denne veka har vi fått sjå elevar blomstre som aldri før. Elevar har fått trening i å stå på ei scene, samarbeide med andre og utfordre seg sjølv.

Det har vore ein annleis skuleveke. Og eg har fleire gonger fått tårer i augo når elevar stolte har sagt: ”det er fyrste gong eg har sunge åleine” eller ”eg tør gjere ting eg aldri har gjort før”. Og som elevane har blomstra! Vi fekk høyre elevar som knapt seier noko i timane synge solosong og både foreldre og tilsette såg sider ved elevane dei aldri hadde sett før.

Kritikk mot slike arrangement kjem. ”Kor blir det av dei viktige faga”? ”Vi må konsentrere oss om lesing, skriving og rekning – ikkje berre om slik kunstfjas”.

Vi utviklar ikkje heilskaplege menneske ved å sitje framom ein pult og terpe på oppgåver i lærebøkene dag ut og dag inn. Vi treng eit mangfald av metodar og arenaer. Og meir enn noko anna meiner eg vi kan oppnå kompetansemål i alle fag ved å bruke kunstfagleg metode.

Eg skal love deg at elevane som no har fått syngje, dramatisere og danse ei veke i strekk har lært meir om formidling enn dei truleg gjer i løpet av eit normalt skuleår. Bodskapen i songane som handlar om klima, energiressursar og miljøspørsmål har også ”sett seg” på ein heilt anna måte i elevane sin bevisstheit, enn det ei læreboktekst ville gjort.

Kunst- og kulturfag er ikkje berre viktig for å nå kompetansemåla i faga. Det er også avgjerande for å utvikle gagns menneske som samarbeider og som bryr seg om andre. Eg trur vi vil få mindre mobbing og betre samhald mellom elevane ved å bruke meir kunstfagleg metode.

Å bruke kunstfagleg metode til å nå kompetansemåla i alle fag er krevjande. Det krev mykje meir planlegging enn å berre følgje læreboka. Og det krev mykje kompetanse hos dei tilsette. Det er difor viktig at både sentrale myndigheiter og skuleeigarar følgjer opp for å gje alle elevane fleire kunstfaglege læringsarenaer. Slik trur eg vi vil få gladare, klokare og meir samarbeidande og skapande elevar.

Publisert i spalta "Blåmandag" i Dagsavisen 28.februar 2011.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…