Gå til hovedinnhold

Bagn vs. Vågåmo. Kven er best?

Etter nokre dagar heime på ferie i Bagn, føler eg det er på tide å arrangere ei kåring av kven som er beste plassen å bu av dei to plassane som begge ligg mitt hjarte nære. Bagn eller Vågåmo? Oppvekstplass eller ny heimplass?
Bagn i Sør-Aurdal kommune. Plassen eg vaks opp.
Vågåmo i Vågå kommune. Plassen eg no bur på.

1. Shopping-moglegheiter
Bagn har to matbutikker, ein bensinstasjon, Nille, apotek, sportsbutikk el-butikk, blomsterbutikk og Brustad med klede. Vågåmo har heile fire matbutikkar, to bensinstasjonar, apotek, el-butikk, klede, blomsterbutikk og POL. I Vågåmo får du meir sentrumskjensle. I Bagn er alt samla på det som ein gong var Valdres' største kjøpesenter. Vel...det er vel ingen tvil om at begge plassane ikkje er plassar eg "går på shopping", men her får Vågåmo ein knepen seier.
Vågåmo 1
Bagn 0

2. Skjønnhet
Vanskeleg. Vanskeleg. For eitt år sidan ville eg sagt Vågåmo. No ser eg på Bagn med nye augo. Det er verkeleg vakkert her. Sjølve sentrum er nok penare i Vågåmo, men eg tykkjer Bagn ser penare ut når du ser utover heile staden. Når ein kjem køyrande ned mot Bagn, så er Bagn vakrast. Å køyre i sentrum, er penare i Vågåmo. Eg seier uavgjort her.
Bagn: 1
Vågåmo: 1

3. Turmoglegheiter
Eg skal innrømme det. Eg har aldri gått noko særleg mykje på tur i Bagn. Det er fyrst no etter eg har flytta ut eg har sett moglegheiten. No går eg nokre turar, og har også funne ut at det er mange stiar, løyper og slikt det går an å gå her. Men Vågåmo skal ha for at det er skilta bra løyper i sentrum og i nærleiken av sentrum. Det er det ikkje i Bagn. Vi manglar også gang- og sykkelløyper i Bagn. Dette blir ein knepen seier til Vågåmo.
Vågåmo: 1
Bagn: 0

4. Kaffe-latte
Vel..eg er ikkje heilt objektiv sidan det er nær slekt som driv Tunkroa i Bagn. Men det er ingen tvil om at du får skikkeleg kaffe latte der. No får du også lokalprodusert mat. Den kaffe latten dei lagar i Vågå skjønar eg verkeleg ikkje korleis dei får til. Sur traktekaffe på kommunehuset tilsatt mjølk smakar betre. Skjerpings altså, Vågåmo! Kaffen dykkar smakar høgg. KLAR seier til Bagn.
Vågåmo: 0 (har lyst til å gje minuspoeng)
Bagn: 1

5. Party-liv
Bagn har Raven og Sadel. Og nokre bygdefester her og der. Eg har vel aldri "gått ut på byen" i Bagn. Det kan vi faktisk gjere i Vågåmo. Bowlingen, Bokhandelen og hotellet. Og dei arrangerer faktisk ting! Du kan faktisk gå pub-runde i Vågåmo. I Bagn drikk vi heime hos kvarandre (og i blant kan det kanskje vere like fornuftig å halde seg heime etter nokre flasker cava). Klar seier til Vågåmo.
Vågåmo: 1
Bagn: 0

6. Kulturelt tilbod
Bagn har ikkje kulturhus. Bagn har ikkje spesielt godt tilbod i kulturskulen. Bagn har eit aktivt idrettslag som sørger for at det skjer noko spanande. I Bagn har eg vore på Bagn IL-revy. I Vågåmo har dei normalt sett eit kulturhus (når det ikkje er vatnskada) og ei god kulturskule. Kommunen satsar på kultur, og eg har vore på fleire konsertar her enn eg nokon gong var i Bagn. Satse på kultur kan vi ikkje seie dei gjer i Sør-Aurdal. Bagn IL trekk opp. Resten trekk ned. Klar seier til Vågåmo og Vågå.
Vågåmo: 1
Bagn: 0


7. Smile-faktor

Eg har begynt å smile meir etter eg kom til Vågå. No helser eg og smiler til nesten alle eg møter. Det er nokre som ser veldig bestemt vekk som eg enno ikkje tør helse på. I Bagn har eg lenge følt at folk har vore surare. Men no har eg begynt å smile meir når eg er i Bagn, og det er sanning i orda: "smil til verda og verda smiler til deg". Folk er blide i Bagn også, altså. Det er eg som har vore sur!! Men no er eg blid og verda smiler til meg. Så fint atte. Uavgjort.
Vågåmo: 1
Bagn: 1

8. Sentralitet og regionalt samarbeid
Okey...eg har ikkje forstått kva det vil si å bu på bygda før eg flytta til Vågåmo. I Bagn er det 15 mil til Oslo. Frå Vågåmo er det 15 mil til Lillehammer. Valdres har flyplass, fødestogo, vi har ein fin by. Fagernes slår Otta ned i støvlene - berre så det er sagt. Og Fagernes er regionsenteret i Valdres! I Nord-Gudbrandsdalen berre kranglar dei. Valdres høyrast koseleg ut. Nord-Gudbrandsdalen høyrast drit-kjipt ut. Klar seier til Bagn og Valdres.
Vågåmo: 0
Bagn: 1

9. Servicetilbod
Sør-Aurdal og Vågå er vel dei kommunane i fylket med høgast lånegjeld per innbyggjar trur eg. Då eg satt i kommunestyret, så var Sør-Aurdal i skikkeleg økonomisk uføre. No - etter at eg flytta - har det blitt bra. Eg trur ikkje det har ein samanheng altså. Men eg føler Vågå er betre her altså. Det KAN ha noko å gjere med at eg sjølv jobber i kommunen og trur alt er så fint og flott, men eg trur Vågå gjev ganske gode tenester til innbyggjarane sine. I Sør-Aurdal har vi mest høyrt om nedskjæringar dei siste åra. Vel..det er bra begge plassar, og ingen lid nokon nød nokon plassar, så sidan eg ikkje er heilt objektiv her heller, så kallar vi det uavgjort.
Vågåmo: 1
Bagn: 1

10. Bygdestrid og grendementalitet
I Sør-Aurdal er det Hedalen mot røkla. Kommunen er liksom litt delt i to. Hedalen vil helst bli ein eigen kommune og føler alle andre i kommunen er mot dei. Reinli vakna bittelitt til liv då skulen vart nedlagt, i Begnadalen veit dei ikkje heilt kor dei høyrer til, men lagar sin eigen revy kvart år og på Leirskogen veit eg ikkje heilt kva dei driv med eigentleg.

I Vågå er det også nokon som trur det er Lalm mot røkla. Skilnaden mellom Lalm og Hedalen er at Lalm ligg midt mellom Otta og Vågåmo og at dei på Lalm gjer laurdagshandelen sin på Otta. Hedalen ligg laaaangt unna Bagn, og dei gjer laurdagshandelen sin i Hedalen eller på den gudsforlatte plassen Nes i Ådal. I Vågå har vi også Randsverk, Tessand, Skogbygda, Sjårdalen og Nordherad.

Felles for begge kommunene er at det i kommunesenteret skal mykje meir til for å vekke engasjementet til live. Då vi hadde opne møte om skuleprosjektet vårt i Vågå, då dukka det opp færrast på møtet i sentrum, og flest i Skogbygda. I Bagn så reagerte dei fyrst på at barnehagen vart flytta til Reinli den dagen ungane skulle begynne i barnehagen og dei oppdaga dei måtte køyre 3 km til Reinli, og då med orda: "Ja, dette var litt dumt, ja. Det er litt dårleg veg. Ja, dette var vi i mot. Kvifor gjorde politikarane dette??".

MEN; også her blir det uavgjort. Bygdestridene kan vere like heftige begge plassar, og du ser akkurat dei same uttrykka og høyrer akkurat dei same argumenta når det kjem til lokaliseringsdebattar begge plassane.
Vågåmo: 1
Bagn: 1

Totalresultat:
Vågåmo: 8
Bagn: 6

Knepen seier til Vågåmo. Og det er kanskje greitt. Eg har då tross alt vald å busette meg i Vågåmo, og ikkje i Bagn. MEN; alt er ikkje mykje betre i Vågå, altså. Slik som de folk i Valdres ofte sikkert kan få inntrykk av at eg meinar!! :)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…