Gå til hovedinnhold

Neinei..det er eigentleg ikkje politikk.

Veldig mange folk: Eg ser du skal gjere comeback i politikken, Hanne.

Flau Hanne: Neinei...fylkespolitikk er vel eigentleg ikkje politikk. Eg gjer det berre fordi eg meiner det er viktig Vågå er representert i fylkestinget. Også må jo nokon sørge for Skogbygdsvegen (litt spøkefullt). Så dette er slettes ikkje noko å prate om.

Eg har liksom vore flau over at eg har take på meg å seie ja til eit folkevald verv att. Eg sa jo med brask og bram at eg skulle ta meg ein pause frå politikken for over eitt år sidan. Frå å ha politikk som jobb og hobby, og bruke stort sett kvar einaste helg til politikk, gjekk eg til å ikkje ha eitt einaste verv att. Det siste året har eg hatt frihelger, eg har funne meg sjølv - og eg meiner eg er blitt eit betre menneske. Eg stortrivst med å jobbe i kommuneadministrasjon og som lærar, og berre setje i kraft det andre bestemmer!

Eg tykkjer også det har vore så godt å ikkje måtte ha ein meining om absolutt alt!!

Og javisst ser ein annleis på verda når ein har ein "vanleg jobb" enn når ein jobbar som politisk rådgjevar på Stortinget og elles fyller fritida med politiske verv.

Kanskje nettopp difor er eg ønska til å medverke meir i politikken. No når eg har ein "vanleg jobb", lev eit "vanleg liv" og eigentleg har vinka adjø til politikken. JO! Kva skjer då??

Joda, eg er ønskja inn i Framstegspartiets sentralstyre! I leeinga av partiet!!

Eg er ønskja til å vere med Siv, Per Sandberg, Carl I. og Per Arne Olsen til å meisle ut strategiar for partiet, til å kome med forslag til betringar av politikk og organisasjon og til å vere med å forme politikken til FrP i tida framover.

I all beskjedenhet, trur eg nok eg er ønskja fordi eg skal vere ei stemme frå "grasrota" og frå oss som ikkje driv med politikk på heiltid. Ser ein på sentralstyret no, så er jo alle heiltidspolitikarar (og dit vil eg ikkje attende - berre så det er sagt!)

Hadde eg vore med i Idol, ville eg sagt det var "sinnssjukt". Eg meiner vel eigentleg at det mest er litt absurd. Eg trudde bokstaveleg talt eg skulle dette av stolen då eg i førre veke fekk spørsmål om eg ville vere kandidat til sentralstyret i FrP.

Eg gjekk meg ein to timers lang tur og tenkte gjennom ting. Det eg tenkte mest på, var: Vil eg vere ein sentral tillitsvald i FrP? Er du klar over kva som vil skje viss du gjer noko gale i tida framover, Hanne? Og har du gjort noko i fortida som VG plutseleg kan smelle opp på framsida?

Reint hypotetisk. Hanne Blåfjelldal drikk for mykje cava ein kveld, og må ut å køyre bil dagen etterpå. Unge Blåfjelldal blir stoppa av politiet og take i promillekontroll. Det ville vore flaut for "Vanleg-Hanne" og folk i Vågå ville sikkert ha mista tillit til meg når dei fekk vite det. Men kva ville skjedd med "Sentral tillitsvald i FrP-Hanne"?. Truleg eksponering i mange medium i heile Noreg, og eg ville blitt kjend att på Lillehammer som ho "fyllsvinet frå FrP".

Etter ein lang gåtur fann eg ut at eg berre for å vere på den trygge sida må slutte å drikke cava når eg må køyre bil dagen etterpå.

Men frå spøk til alvor; det er ikkje berre berre å ta på seg eit slikt verv. Gjer du feilskjær blir det mykje meir lagt merke til. Og det er slikt ein skal tenke nøye gjennom før du tek på deg å stille til val - anten det er i kommunepolitikk, på Stortinget eller i Sentralstyret.

Eg takka ja (sjølvsagt; eg klarar jo ikkje seie nei til noko som helst). Eg er no innstilt av valkomiteen som nytt sentralstyremedlem i Framstegspartiet.

Eg takka ja fordi eg trur og meiner eg ser verda på ein annleis måte no enn eg gjorde før. Eg takka ja fordi eg er beintøff og ikkje redd for å vere kritisk - slike menneske trur eg alle parti treng for å utvikle seg. Eg takka også ja fordi eg trur eg representerer mykje som ikkje er å finne i FrP sitt sentralstyre i dag - vi pratar tross alt om ei jente med stor tru på å bruke meir kunst og kultur i skulen, og som er medlem av Norsk lektorlag og Noregs mållag! :)

Det er val på landsmøtet 15.mai. Det blir spanande. Det er jo ikkje sikkert eg blir vald ein gong. Men blir eg vald, så kan eg nok kanskje ikkje lenger spøke bort mitt "comeback" i politikken. MEN; eg skal berre vere hobbypolitikar, altså! Så er det sagt!! :)

PS: Eg har endeleg fått kjøpt meg skikkeleg digitalkamera i dag. No blir det slutt å springe rundt med mobilkamera for å ta bilete. Så no les eg meg opp på blendaropning og lukkertid. Reknar med eg skal springe rundt i Vågå for å ta bilete i morgon, så de kan sjå fram til gode bilete på bloggen framover!! Og beklager alt dårleg ræl eg har publisert tidlegare...

Kommentarer

  1. Gratulerer med innstillinga! :)

    SvarSlett
  2. Eg gratulerer også!

    "Men frå spøk til alvor; det er ikkje berre berre å ta på seg eit slikt verv. Gjer du feilskjær blir det mykje meir lagt merke til. Og det er slikt ein skal tenke nøye gjennom før du tek på deg å stille til val - anten det er i kommunepolitikk, på Stortinget eller i Sentralstyret."

    Kloke ord.. lurer på om eg tenkte så mykje på dette da eg sa: Jada 12.plass på lista - 0 problem for 4 år sidan..

    Ikkje at kommunestyret er det mest skandaløse eg har rota meg borti. Men eg orkar ikkje meir politikk på lang lang tid, og synes trass i alt at det er bra at nokon går rundt med ditt pågangsmot.

    SvarSlett
  3. Takk for gratulasjonar frå begge to! Så får vi sjå korleis det går...

    Marianne: Eg trur nok ikkje vi tenker så mykje på kva vi seier ja til alltid. Og det er kanskje like bra - elles ville det vore umogleg å få folk til å vere med i kommunepolitikken. Og vi treng fleire folk her - ikkje færre. Så er det vel ingen tvil om at formen på desse politiske møta er så kjedeleg og så intetsigande at det ikkje akkurat oppmuntrar unge folk til å vere med meir enn ei periode..

    Synd du skal gje deg med kommunepolitikk då....eg har også vore skikkeleg metta på politikk (og er det til ein viss grad enno), men vi får då tross alt ikkje gjort politikken og politiske fora betre om vi ikkje er med der sjølv...for å vere snusfornuftig...

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein