Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2011

Auka livskvalitet etter å ha nådd 30 år

No har eg altså blitt 30 år. Og det er eigentleg heilt greitt.

På sjølve bursdagen min gjorde eg noko eg sjeldan gjer, men ofte drøymer om å gjere. Eg lagde meg ein svær pizza med mykje ost, la meg framfor tv'en, stappa innpå og sovna tidleg. Nyyydeleg! Eg var heilt utslitt etter ei veke med fotoprosjekt og uteskule, og klarte ikkje eingong tenkje på cava.

Heilt til dagen etterpå. Då fekk eg besøk av gjengen frå Bagn. Vi skulle gjere Vågå utrygt. Hadde planlagt friluftsfest i Finndalen, men sidan temperaturen var rundt null grader oppi der, tenkte eg at eg skulle spare gjengen for den opplevinga. Til glede for enkelte. Så festen vart hos meg i staden.

Alltid moro når vi møtast. Og eg fekk mitt eige album med bilete, utklypp og velvalde ord frå dei mange mange åra vi har kjend kvarandre. Eg fekk også skikkeleg kaffimaskin. Takk og lov! Det har eg ønskja meg lenge. Men ikkje hatt samvit til å kjøpe. Elles drakk vi cava, åt grillmat, sprang rundt med tiara som blinka (eg altså) og ha…

Klar for ei heil veke med uteskule

Eg er ganske sikker på at eg aldri hadde høyrt omgrepet "Uteskule" før eg starta i jobben min i Vågå for litt over eitt år sidan. No er eg ein stor fan. Ikkje det at eg er nokon ekspert, men eg har lyst til å bli. Og i neste veke gjev vi det heile eit stort forsøk med ei heil veke med uteskule. Vi skal på bedriftsbesøk, på gardsbesøk og rundt omkring for å lære om både natur og kultur.

I tillegg til at vi skal vere utanfor skulen sitt område ei heil veke, skal i tillegg kvar enkelt elev bli utstyrt med kvart sitt kamera. I Vågå kommune har vi investert i eit klassesett med digitale kamera, sidan foto og visuell kunst er eit av satsingsområda våre. Gjennom dei siste månadane har ungar i barnehage og elevar i skulen take sine eigne bilete av "Mitt Vågå". Det heile skal ende opp i ei utstilling under Vågå-Dågå i juni. Kvar elev skal stille ut eitt bilete, og det vil også bli kåra vinnarar basert på stemmer frå publikum.

Uteskule treng ikkje vere skikkeleg avansert. Ut…

Vald!

I helga har det vore landsmøte i Framstegspartiet. Og eg sto på val. Eg var innstilt av nominasjonskomiteen til nytt sentralstyremedlem. Dette var eigentleg ikkje planen min i det heile take, men når du får ein førespurnad frå valkomiteen om å bli med i leiinga av partiet du er medlem i, så seier du liksom ikkje nei.

Eg var nok ikkje heilt førebudd då eg takka ja om at det skulle bli kampvotering om plassane som sentralstyremedlem. Det vart det. Og det er bra. Det er ein grunn til at vi er tilhengarar av konkurranse på høgresida i politikken, og då må det vere konkurranse også om plassar i leiinga.

Men likevel vart det veldig vanskeleg sidan dette var ein posisjon eg ikkje har kjempa for i lang tid. Eg liker heller ikkje å kjempe for posisjonar, og det er denne personkonkurransen er alltid det eg har likt minst med politikken. Spelet, fraksjonering, kamp om plassar. No merka eg ikkje mykje til det denne gongen, og eg gjekk inn i det heile med haldninga; "Dei får stemme på meg vis…

Beste ESC-låter som aldri vann

10. Dannmark, 2006: Twist of love (18.plass)

9. Serbia, 2010: Ovo je Balkan (13.plass)

8. Albania, 2004: The image of you (7.plass)

7. Kroatia, 1998: Neka mi ne svane (5.plass)

6. Sverige, 2005: Invincible

5. Frankrike, 2001: Je N'ai que mon ãme (4.plass)


3. Malta, 2005: Angel (2.plass)

2. Croatia, 2005 (11.plass): Vukovi umiru sami

1. Latvia, 2000: My star (3.plass)

Og at denne ikkje vann er rett og slett ei katastrofe...

Det var da som...!!

Året blir liksom ikkje heilt det same når Noreg ikkje skal vere med i ESC-finala på laurdag. Det er vel ingen underdrivelse å seie at eg vart sur, sint og skuffa i går då det viste seg at Stella og Noreg ikkje gjekk vidare til finalen. Og eg tykkjer jo detta er ein av dei beste låtane Noreg har sendt vidare dei siste åra. Eg meiner..eg skjønte jo at Guri Schanke ikkje gjekk vidare i 2007, men at Haba Haba ikkje gjekk vidare skjønte eg ikkje. Stella er fantastisk flott, ho stråler, er blid og låta er berre ein song du blir glad av. Jippi. Uansett, er eg kjempestolt av innsatsen hennar.

Det einaste som er bra med dette er at eg slepp å boikotte landsmøtemiddag på laurdag for å få med meg finala. No skal eg boikotte det heile. Eg kjenner eg gjev blaffen i kven som vinn. Slik nesten i alle fall.

Eg får trøste meg med at det ikkje alltid er den beste låta som vinn. Eg skal difor ESC-mimre i neste innlegg når eg skal kåre dei beste ESC-låtane som aldri vann.

Bryllaupsgalskap

Eg skal vere forlovar. For besteveninne Cecilie. Ho må verkeleg vere gal. For ho har ikkje bare vald meg til forlovar, men også nummer to av katastrofer på to bein, Bettina.

Desse to fantastiske jentene var på besøk hos meg i Vågå i helga (Cecilie til venstre på bilete - eg i midten - Bettina til høgre). Heavy råning i kvit Fiat 500 - mellom anna fram og attende over ei ferist for å gjere som dei gjer i reklamen.... Det blir ikkje artigare enn ein gjer det til sjølv på bygda.

Vi fekk vite vi skulle vere forlovarar på fredagskveld, og kom fort i gang med planlegging. Og cavadrikking. Og etter ei helg saman vart det vel konkludert med at vi to nok ikkje kom til å bli vald som fadrar for eventuelle ungar.

Men det kjem til å bli ei fantastisk oppleving. Bryllaupet til Cecilie og Vidar er ikkje før neste sommar (jippi for dei), og innan den tid skal vi på ei rekkje shoppingsturar for å finne kjoler og stæsj, ha ein rekke festar saman, ha ei rekkje artige opplevingar saman - og ikkje minst o…

Meir av dette, Kristin!

Å fjerne valfaget i ungdomsskulen var ei stor tabbe. Det er difor gledeleg at det no blir gjeninnført.

På fredag vart den lenge etterlengta stortingsmeldinga om ungdomstrinnet lagt fram. Regjeringa innfrir på det viktigaste og mest etterlengta punktet; nemleg innføring av eit praktisk valfag.

Det er ikkje slik at innføring av valfag er noko nytt. Det er ikkje mange år sidan vi hadde eit valfag i ungdomsskulen. Med nye reformer vart dette valfaget fjerna i eit håp om at fleire timar av andre fag skulle gjere at elevane vart flinkare til å skrive, lese og rekne.

Dei siste åra har vi sett at omfanget av praktiske fag har blitt mindre i skulen. Også i lærarutdanninga har det blitt lagt mindre vekt på praktiske fag, noko som har ført til at skulane no slit med å rekruttere folk med kompetanse innanfor fag som musikk og kunst- og handverk. Talet på lærarar som har slik kompetanse er urovekkande lågt.

Elevane kjeder seg i skulen, og mange er skuletrøytte allereie i 10-årsalderen (og ofte tid…