
Desse to fantastiske jentene var på besøk hos meg i Vågå i helga (Cecilie til venstre på bilete - eg i midten - Bettina til høgre). Heavy råning i kvit Fiat 500 - mellom anna fram og attende over ei ferist for å gjere som dei gjer i reklamen.... Det blir ikkje artigare enn ein gjer det til sjølv på bygda.
Vi fekk vite vi skulle vere forlovarar på fredagskveld, og kom fort i gang med planlegging. Og cavadrikking. Og etter ei helg saman vart det vel konkludert med at vi to nok ikkje kom til å bli vald som fadrar for eventuelle ungar.
Men det kjem til å bli ei fantastisk oppleving. Bryllaupet til Cecilie og Vidar er ikkje før neste sommar (jippi for dei), og innan den tid skal vi på ei rekkje shoppingsturar for å finne kjoler og stæsj, ha ein rekke festar saman, ha ei rekkje artige opplevingar saman - og ikkje minst oppleve eit utdrikkingslag saman. Og Cecilie; du har berre vald dei to beste festplanleggarane i heile verda til forlovarar.
Eg er fantastisk glad i desse to jentene her. Og dei er og blir den viktigaste grunnen til at eg enkelte gonger har veeeldig lyst til å flytte attende til Oslo.
Å så kosleg da:-)
SvarSletthahaha....fæ ikkje meir moro el `n låggå sjøl;-) å um du tek døm me d på ei skikkele rundtur i Vågå kommune neste gong så bli d maaaaaange ferister;-) hahaha....
Hahaha, du er fantastisk! :)
SvarSlettMulig jeg er gal, mulig jeg rett og slett har blitt vant til å omgås katastrofer på to bein. Jeg ser frem til dette med skrekkblandet fryd - det kommer til å bli kjempegøy og jeg er så heldig!
PS: Det er mye mer praktisk for planleggingen om du flytter tilbake til Oslo!