Gå til hovedinnhold

Meir av dette, Kristin!

Å fjerne valfaget i ungdomsskulen var ei stor tabbe. Det er difor gledeleg at det no blir gjeninnført.

På fredag vart den lenge etterlengta stortingsmeldinga om ungdomstrinnet lagt fram. Regjeringa innfrir på det viktigaste og mest etterlengta punktet; nemleg innføring av eit praktisk valfag.

Det er ikkje slik at innføring av valfag er noko nytt. Det er ikkje mange år sidan vi hadde eit valfag i ungdomsskulen. Med nye reformer vart dette valfaget fjerna i eit håp om at fleire timar av andre fag skulle gjere at elevane vart flinkare til å skrive, lese og rekne.

Dei siste åra har vi sett at omfanget av praktiske fag har blitt mindre i skulen. Også i lærarutdanninga har det blitt lagt mindre vekt på praktiske fag, noko som har ført til at skulane no slit med å rekruttere folk med kompetanse innanfor fag som musikk og kunst- og handverk. Talet på lærarar som har slik kompetanse er urovekkande lågt.

Elevane kjeder seg i skulen, og mange er skuletrøytte allereie i 10-årsalderen (og ofte tidlegare). Det hjelper tydeligvis ikkje med meir teori.

Vi er einige om at alle elevane skal lære seg å lese og skrive. Men det er dessverre ikkje slik at umotiverte elevar blir flinkare i norsk ved å ha meir norsk. I alle fall ikkje viss ein pøser på med meir av den undervisninga som elevane finn umotiverande.

Ein god skule er for meg ein plass der vi gjev alle elevane meistringsarenaer. Då må vi som lærarar har verkemidlar og kompetanse til å finne desse arenaene og til å gjere faga meir spanande. Dette er dessverre ting som har og har hatt for liten plass i lærarutdanninga.

Eg vil gje Kristin Halvorsen ros for å gjeninnføre det praktiske valfaget. Dette er noko skuleverket har etterlyst lenge. Eg vil også gje ho ros for å leggje vekt på at vi som lærarar må bli betre klasseleiarar. Vi må også sørgje for at vi som lærarar i klasserommet undervisar og rettleiar på ein måte som faktisk fungerar, og ikkje berre slik vi trur fungerar.

Eg håper Kunnskapsdepartementet kan følgje opp med å gje praktiske fag større plass i lærarutdanninga, sørgje for at vi som lærarar kan bruke praktiske metode i alle fag og at vi kan auke talet på praktisk-estetiske fag gjennom heile skulegangen.

For det er ikkje slik at elevane mistar motivasjonen på ungdomstrinnet. Det skjer mykje tidlegare enn som så.


Publisert i spalta "Blåmandag" i Dagsavisen, 2.mai 2011.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…