Gå til hovedinnhold

Vald!

I helga har det vore landsmøte i Framstegspartiet. Og eg sto på val. Eg var innstilt av nominasjonskomiteen til nytt sentralstyremedlem. Dette var eigentleg ikkje planen min i det heile take, men når du får ein førespurnad frå valkomiteen om å bli med i leiinga av partiet du er medlem i, så seier du liksom ikkje nei.

Eg var nok ikkje heilt førebudd då eg takka ja om at det skulle bli kampvotering om plassane som sentralstyremedlem. Det vart det. Og det er bra. Det er ein grunn til at vi er tilhengarar av konkurranse på høgresida i politikken, og då må det vere konkurranse også om plassar i leiinga.

Men likevel vart det veldig vanskeleg sidan dette var ein posisjon eg ikkje har kjempa for i lang tid. Eg liker heller ikkje å kjempe for posisjonar, og det er denne personkonkurransen er alltid det eg har likt minst med politikken. Spelet, fraksjonering, kamp om plassar. No merka eg ikkje mykje til det denne gongen, og eg gjekk inn i det heile med haldninga; "Dei får stemme på meg viss dei liker meg".

Eg trudde ikkje eg skulle bli nervøs. Og i forkant av valet var eg overraskande roleg. Heilt til eg kom på talerstolen for å halde presentasjonstale. Det var ein augenblink der eg trudde eg både skulle besvime, spy eller helst begge delar. Det svartna for augo mine ein augeblink, og eg visste ærleg talt ikkje om eg skulle kome gjennom presentasjonen min. Det gjekk no bra då. Og eg klarte å gå ned ganske fatta.

Og valet gjekk bra. Eg vart vald. Saman med superordførar Helge A. Njåstad og byråd i Oslo, Sylvi Listhaug. Alle saman under 35 år, og alle tre frå Bygde-Noreg. Så det var moro.

No er eg i Oslo eit par dagar. Følte på at eg trengte nokre dagar med å vere anonym her i Oslo, berre rusle rundt og sjå på folk, og tenkje gjennom korleis eg skal påverke utviklinga av FrP og samfunnet i tida framover. Og ikkje minst oppleve den gleden som du finn i Oslo på nasjonaldagen. Det finst ikkje betre plass å feire 17.mai enn i Oslo. Og det seier eg sjølv om eg er ein tulling etter bygda. :)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…