Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2011

Hippie-Hanne støtter ikke "sånne companies"

Eg har alltid hatt ein hemmeleg draum om å vere hippie. Eller i alle fall ein draum om å kle meg som ein hippie. Meg sjølv i lange flagrande kjoler, hårband, fjør i øyro og peace-merke rundt halsen. Det er mitt indre bilete av meg sjølv.
Det finst ingen betre plass å vere hippie enn på Grünerløkka. Det har eg fått bekrefta etter ein Oslotur no i helga. Grünerløkka på sundager er eit mekka for hippiar. Marked i Birkelunden og folk som ser ut som dei kjem rett ut frå ein second hand-butikk. Og avslappa eteplassar der folk ser ut som dei ikkje har nokon bekymringar - what so ever.

Saman med gode vener var eg ute for å ete som ein hippie på Grünerløkka no på sundag. Då gjekk det opp for meg at eg rett og slett ikkje har ein hippie-personlegheit. Kva er det som er obligatorisk ein sundag? Jo, pepsi max med masse isbitar. Vi spurte om pepsi max på eteplassen. Servitøren såg ut som vi skulle sagt noko alldeles grusomt. Det blir stille ein augenblink og ho ser på oss med DET blikket. Før ho …

53 par sko og 49 kjolar

No er det ferie frå skulen og litt roligare dagar der eg faktisk er ferdig på jobb til klokka fire. Og kva kan ein bruke lange kveldar på då? Jo; rydde!! I løpet av dei fyrste dagane denne veka har eg rydda både bod og "walk in-closet". No er det endeleg ryddig og ikkje slik at eg må snuble over klesstativ, støvsuger, dyner og anna rot som eg berre har kasta i ein haug både her og der det siste året.

For moro skuld begynte eg å telle skoa mine. Eg kom til: 53 par sko. 49 kjolar har eg også. Og det var etter eg hadde lagt ein god del i haugen som skal til "Ting og tøy". Og enno er det einaste eg tenkjer på; vil ha meir klede!! Og: vil til Oslo for å shoppe!

Eg prøver også å rydde i livet mitt. Det vil seie økonomien. Desse bekymringane har eg putta inn i ein boks oppe i hovudet mitt i lang tid no, men no er det på tide å gripe fatt i det. Eg meiner..det er jo ikkje rart ein er blakk når formuen er bunden opp i sko og ræl. Men eg har ikkje tort å ta ein verdivurdering…

Flomdebutant - og sentralstyredebutant!

Takke meg til gode gamle Valdresekspressen. No sitt eg på bussen gjennom skogkledde Begnadalen. For kva er løysinga når E6 står under vatn og jernbanen gjennom Gudbrandsdalen er øydelagt på 30 stader, og du berre MÅ på ditt fyrste møte i FrP sitt sentralstyre?

Jo sjølvsagt; vakre, varierte, Valdres. Det er godt Vågå ligg så sentralt til at det berre er ein drøy times køyring til Beitostølen. Der kan ein kaste seg på Valdresekspressen, og vips; etter fire timar er ein i Oslo. Litt lengre enn med tog, men så mykje flottare då! Så no sitt eg på bussen, med strømuttak, pc og ein kilo smågodt (ikkje rart politikarar blir tjukke!). Litt heimlengsel medan eg køyrer gjennom Valdres, og vil helst ikkje at vi skal krysse grensa til Buskerud og Ringerike.

Det var fyrst då elevane frå Lalm vart sendt heimatt frå energikampen i Vågåmo av frykt for at vegen skulle bli øydelagt, at eg skjønte alvoret. Fram til då, så var eg berre sint på regnet. Høyrte noko greier om at det kanskje var flom, men tenk…

(Snart) sprek og ettertrakta.

I helga var eg ein plass der ingen som kjenner meg truleg trudde eg nokon gong kom til å vere. Halv sju laurdagsmorgon reiste eg frå Vågå til Beitostølen for å delta under "Fjelleventyret".

Eg reiste dit av ulike grunnar: 1. Eg har fått med nokre gale spreke vener her i Vågå som skulle springe halvmaraton og som spurte om eg ville vere med 2. Eg har ikkje noko liv 3. Eg er nysgjerrig på livet andre har

Eg trudde jo aldri at eg skulle finne meg sjølv i ei samling full av menneske i panikkalderen som reiser rundt frå plass til plass heile året for å springe maraton. Det er forresten ikkje berre dei der..du har også jentegjengar i rosa t-skjorter der det står "Siv's løpegruppe" eller noko liknande (ALLTID med aprostrof framom s'en). Og som mest er med fordi det blir ein bra fest etterpå, og fordi det er den eineste helga i året dei kan feste med veninnene.

Dit reiste altså eg. Eg som hater å springe, og som alltid har gjort slik halvvegs narr av desse galne spr…