No er det ferie frå skulen og litt roligare dagar der eg faktisk er ferdig på jobb til klokka fire. Og kva kan ein bruke lange kveldar på då? Jo; rydde!! I løpet av dei fyrste dagane denne veka har eg rydda både bod og "walk in-closet". No er det endeleg ryddig og ikkje slik at eg må snuble over klesstativ, støvsuger, dyner og anna rot som eg berre har kasta i ein haug både her og der det siste året.
For moro skuld begynte eg å telle skoa mine. Eg kom til: 53 par sko. 49 kjolar har eg også. Og det var etter eg hadde lagt ein god del i haugen som skal til "Ting og tøy". Og enno er det einaste eg tenkjer på; vil ha meir klede!! Og: vil til Oslo for å shoppe!
Eg prøver også å rydde i livet mitt. Det vil seie økonomien. Desse bekymringane har eg putta inn i ein boks oppe i hovudet mitt i lang tid no, men no er det på tide å gripe fatt i det. Eg meiner..det er jo ikkje rart ein er blakk når formuen er bunden opp i sko og ræl. Men eg har ikkje tort å ta ein verdivurdering av klesskåpet mitt enno. Eg er forresten diverre redd det er stort sett der verdiane mine ligg, og at eg kanskje nettopp burde fått gjort akkurat det.
Verdivurdering skal eg imidlertid få gjort av bustaden i Oslo no i slutten av veka.
Men skal eg selge bustad kjem eg opp i eitt nytt dilemma. Selger eg ein leilighet ein plass burde eg eigentleg kjøpe noko nytt.
I dag begynte eg å sjå på ledige bustader for kjøp her i Vågå (noko eg aldri hadde tenkt til å vurdere ein gong då eg flytta hit).
Eg har nemlig veldig lyst på eit søtt lite gamaldags hus der eg kan kose meg - og der eg kan få plass til alle mine par sko, og der både dei og eg kan få stor plass å boltre oss på. Men så var det dette med fridomen då...og valet om kor ein skal bu når ein blir stor. Er eg der no? Eg veit ikkje. Men eg veit at eg, skoa mine og alle hyllerekkene med bøker som fortsatt står heime i Valdres har lyst til å vere saman.
Det var nok ikkje tilfeldig at eg fekk eit sjølvlagd kort, påteikna ein sko av elevane mine på siste skuledag. Kortet var sjølvsagt rosa. Så dei er nok blitt betre kjend med meg enn eg kanskje trur.
Eg var nesten på gråten då eg skulle seie adjø til dei fantastiske menneska eg har blitt kjend med dette halvåret. Og orda dei gav meg var mellom anna: "Du er snill", "Jeg kommer til å savne deg, den snille Hanne Maren" og "Du var ein strålande lærer". Eg trur eg konkluderer med det eg tenkte kom til å skje då eg starta som lærar i januar: Eg er den som har utvikla meg mest av alle dette halvåret. Eg? Snill? Det hadde eg aldri trudd var eit adjektiv folk ville bruke for å skildre meg! Men når eg tenkjer meg om, så er eg faktisk litt einig.
Og om ikkje anna, så har eg i alle fall lært elevane mine at det går an å vere snill - sjølv i høge heler!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar