Gå til hovedinnhold

Flomdebutant - og sentralstyredebutant!

Takke meg til gode gamle Valdresekspressen. No sitt eg på bussen gjennom skogkledde Begnadalen. For kva er løysinga når E6 står under vatn og jernbanen gjennom Gudbrandsdalen er øydelagt på 30 stader, og du berre MÅ på ditt fyrste møte i FrP sitt sentralstyre?

Jo sjølvsagt; vakre, varierte, Valdres. Det er godt Vågå ligg så sentralt til at det berre er ein drøy times køyring til Beitostølen. Der kan ein kaste seg på Valdresekspressen, og vips; etter fire timar er ein i Oslo. Litt lengre enn med tog, men så mykje flottare då! Så no sitt eg på bussen, med strømuttak, pc og ein kilo smågodt (ikkje rart politikarar blir tjukke!). Litt heimlengsel medan eg køyrer gjennom Valdres, og vil helst ikkje at vi skal krysse grensa til Buskerud og Ringerike.

Det var fyrst då elevane frå Lalm vart sendt heimatt frå energikampen i Vågåmo av frykt for at vegen skulle bli øydelagt, at eg skjønte alvoret. Fram til då, så var eg berre sint på regnet. Høyrte noko greier om at det kanskje var flom, men tenkte liksom at det ikkje var så ille. Tenkte berre: "Bra det skjer litt oppi her".

Etter arbeidsdagen fredag tok eg meg ein køyretur. Luftsportssenter var (og er) totalt under vatn, rundballer her og der, hus under vatn og vatn som fossa over vegane våre. På tv såg eg bilete av shoppingmekkaet mitt Otta der sentrum låg totalt under vatn. Då begynte eg å skjønne at det var alvor, og ikkje berre noko du ser på tv, som følast ut som det er langt unna. Det var faktisk mine sambygdingar det dreide seg om. Ikkje "nokon andre".

I går tok eg meg ein tur til Otta for å sjå. Nedanfor ser du fyrst bilete frå flomstøtta på Lalm, som viser nivået på flommen. I følgje folk stod vatnet på 1938-nivå på det verste.Frå Otta ser du fortsatt litt vatn i sentrum, som minner om at vatnet har fart ganske kraftig fram, og dekt heile parkeringsplassen på mellom anna Ottatunet kjøpesenter.





Så joda....i Valdres fekk vi aldri flommar som dette. Så i helga har eg vore flomdebutant. I morgon debuterer eg i sentralstyret til Framstegspartiet. Eg har store ambisjonar om verkeleg å jobbe - ikkje berre "sitte" i Sentralstyret. No har eg lest grundig sakspapir på turen gjennom Valdres. Eg har også mine meiningar om kva partiet mitt kan gjere annleis og betre. Men det har eg førebels tenkt til å diskutere innad, så får vi sjå om vi legg ut ein sak her etter kvart. Inntil vidare tek eg gjerne i mot synspunkt og innspel - både når det gjeld flom og politikk!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…