Saman med gode vener var eg ute for å ete som ein hippie på Grünerløkka no på sundag. Då gjekk det opp for meg at eg rett og slett ikkje har ein hippie-personlegheit. Kva er det som er obligatorisk ein sundag? Jo, pepsi max med masse isbitar. Vi spurte om pepsi max på eteplassen. Servitøren såg ut som vi skulle sagt noko alldeles grusomt. Det blir stille ein augenblink og ho ser på oss med DET blikket. Før ho seier: "Vi støtter ikke sånne companies". Men ho understreka at dei hadde mykje anna godt. Som til dømes rabarbrabrus og ein haug med ting frå "Whole earth foods".
Eg finn fram google. Og eit kjapt ukritisk søk gjev meg følgjande svar: I økologisk landbruk betrakter man naturen som en helhet, hvor samspillet og balansen mellom jord, planter, dyr og mennesker er svært viktig. Derfor tar man spesielle hensyn til miljø, renhet og kvalitet gjennom hele produksjonen, fra jord til bord.
Eg får fort fram ein nyheit frå ABC-nyheiter også der det blir hevda at økologisk mat er rein bløff: – Det er en myte at økologisk mat både er sunnere og mer miljøvennlig enn annen mat, sier seniorforsker Arne Grønlund ved Bioforsk.
Hippie-Hanne er like forvirra som då eg var student i USA, og folk på instituttet ikkje drakk coca cola fordi coca cola var onde. Eg fekk aldri noko godt svar på kvifor, men fekk vite at dei tykte alt i Europa var fantastisk og alt i USA var ondt. Eg spurte om dei nokon gong hadde vore i Europa - det hadde dei ikkje. Det fekk meg til å tenkje at det er mykje lettare å elske ting viss ein ikkje kjenner det så godt.
Image is everything? Kva må eg gjere for å bli ein skikkeleg god hippie er då spørsmålet. Må eg kvitte meg med bilen min, nespresso-maskina mi og slutte å drikke pepsi max? Kva med cavaen eg drikk mykje av; er det lov? Og er det lov å kjøpe nye klede viss dei får meg til å sjå ut som ein hippie?
Eg skal bruke sommaren på å finne svar på desse spørsmåla. Inntil vidare, så skal eg kose meg i mine flagrande kjoler, peacemerke-smykke og mine fine hårband. Og vurdere om eg skal lage min eigen hippie-røyrsle på bygda, som kan bli eit gjennomført alternativ til Grünerløkka-hippiane.
Arg, nå ble hele den fine kommentaren min borte... Ok, prøver igjen:
SvarSlettJeg tror "økologi" blir feil søkeord i denne sammenhengen. Coca Cola skal blant annet ha dårlige arbeidsforhold for sine ansatte, og de skal stå bak miljøødeleggelser i India. Det er ikke snakk om at kapitalisme er galt i seg selv, men kapitalisme på bekostning av andre menneskers levevilkår.
Noe sånt var det jeg mente å si.
Eg er i alle fall heilt einig i at min research ikkje står til A. Men var ikkje mykje eg fann om desse firma som sa så mykje om kvifor dei var "snille" (det einaste eg altså fann noko om var at dei var "organic"). Og i blant lurer eg på om dei som er så i mot firma som pepsi veit kvifor dei er i mot dei...men eg er i alle fall heilt med på at vi skal bli meir medvitne forbrukarar. Der er det mange av oss som syndar og som ikkje er vakne nok.
SvarSlettTakk for innspel. Eg blir glad for meir kunnskap om dette temaet, sidan eg er maks forvirra om kva som er bra og kva som er dårleg - og kven det er bra eller dårleg for. :)
Vi trenger flere hippier. Pepsi Max er et godt eksempel på en merkevare som er indoktrinert i hjernen vår. All reklame er hjernevask. Gi medmenneskene fakta.
SvarSlettDet er så vanvittig mye ubrukelig vårt samfunn blir hjernevasket til å kjøpe.
En annen ting er feks mote.
- Det blir bare flere og flere plagiater som ikke klarer å tenke på egenhånd.