Gå til hovedinnhold

(Snart) sprek og ettertrakta.

I helga var eg ein plass der ingen som kjenner meg truleg trudde eg nokon gong kom til å vere. Halv sju laurdagsmorgon reiste eg frå Vågå til Beitostølen for å delta under "Fjelleventyret".

Eg reiste dit av ulike grunnar: 1. Eg har fått med nokre gale spreke vener her i Vågå som skulle springe halvmaraton og som spurte om eg ville vere med 2. Eg har ikkje noko liv 3. Eg er nysgjerrig på livet andre har

Eg trudde jo aldri at eg skulle finne meg sjølv i ei samling full av menneske i panikkalderen som reiser rundt frå plass til plass heile året for å springe maraton. Det er forresten ikkje berre dei der..du har også jentegjengar i rosa t-skjorter der det står "Siv's løpegruppe" eller noko liknande (ALLTID med aprostrof framom s'en). Og som mest er med fordi det blir ein bra fest etterpå, og fordi det er den eineste helga i året dei kan feste med veninnene.

Dit reiste altså eg. Eg som hater å springe, og som alltid har gjort slik halvvegs narr av desse galne sprekingane som ikkje har noko anna liv enn springinga. Og ikkje nok med det; eg var med som deltakar. Til og med med startnummer. Eg sprang ikkje halvmaraton, men eg kjende litt på kjensla av at det hadde vore greitt å vore i form til å gjere det. For samtidig som eg litt misliker desse sprekingane, har eg litt respekt for dei. Eg beundrar dei litt også. Også er eg litt redd desse folka fordi eg føler meg så utrent og dum i det selskapet.

Eg gav meg ut på ei distanse utan tidtaking, og utan at eg trengte gå over målstreken med folk som såg på rundt (eg sneik meg ut av løypa før mål). Sluttida mi vart 1 time og 20 minutt på 10 km terrengløp. Og det utan å springe ein einaste meter (bortsett frå då eg måtte springe fort på smal sti slik at eg ikkje vart sprunge ned av desse galningane som deltok i konkurransa). Men eg må innrømme eg var frykteleg stolt då eg stod ved målet og såg mine to veninner springe over målstreken etter ein halvmaraton. Eg var mektig imponert!

Eg vart mobba av mine sporty venner av ulike grunnar: 1. Eg troppa opp med skinnhansker 2. Eg hadde bimbosolbriller og ikkje sporty solbriller 3. Min haldning om at eg ikkje gidd å springe ein einaste meter fordi då blir eg luktande vondt.

No har dei fått meg til å: 1. Kjøpe løpehansker 2. Vurdere å kjøpe sporty solbriller 3. Love at eg skal melde meg på den såkalla "Fjellbukken" med tidtaking neste gong, og at eg skal springe på under ein time (noko som, tru meg, vil vere litt av ein prestasjon for meg).

Ikkje berre skjedde dette i helga. Eg vart også vald inn i styret i Bufar Norge A/S. Mitt fyrste styreverv i det private næringsliv. Det tykkjer eg er kult, og gler meg til å ta fatt på arbeidet.

Og i dag var Nationen her og skulle gjere eit portrettintervju med meg. Eg er ikkje komfortabel med å vandre rundt i heile Vågåmo med kamera på slep. Mitt indre bygdedyr seier berre: "Neinei Hanne. Dette er berre klysete og folk trur at du trur du er noko no". Men så er eg også opplært til at ein alltid skal takke ja til media...Vel...det er jo moro å vise fram Vågåmo..og eg merkar at eg er meir oppteken av å prate om jobben min og Vågå enn eg er av politikk. Veit ikkje korleis eg skal tolke det..

Vel alt bra her..og så er det berre å håpe det sluttar å regne slik at eg kjem meg ut på "joggetur". Ein plass må grensa gå, og for meg så går han ved regn..

Kommentarer

  1. Det er godt at det ikke bare er jeg som er på vei fra den brede grøft til den smale sti...

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…