Kva er det vi gjer gale som gjer at gutane er i ferd med å bli skuletaparar?
Vi ser det i fråfallsstatistikken, vi ser det på nasjonale prøver og vi ser det viss vi tittar inn i eit klasserom i Noreg. Gutane gjer det ”dårlegare” enn jentene, dei er ikkje spesielt motiverte for skulearbeid og mange av dei kjedar vettet av seg i skulen. Siste Pisa-undersøking om elevane sine digitale lesedugleikar viste at Noreg er eitt av dei landa i verda med størst skilnader i prestasjonar mellom gutar og jenter.
Å diskutere denne problemstillinga er som å gå inn i eit vepsebol. Er det noko som er så grunnleggjande forskjellig ved gutar og jenter at det fordra ulike undervisning? Og viss vi rettar tiltak spesielt inn mot gutar, kan vi då gjere noko feil mot jentene?
For å gjere noko med problematikken, trur eg vi må erkjenne at jenter og gutar er ulike når det kjem til læring. Viss vi erkjenner dette, er det uproblematisk å seie at det er eit problem at det store fleirtal av lærarar i skulen er kvinner. Dette gjer truleg noko med metodane som blir brukt og relasjonen mellom elev og lærar.
Vi skal likevel vere forsiktige viss vi innfører tiltak retta inn mot gutane. Til dømes kan vi ha lett for å tru at gutane tykkjer det er lærerikt å mekke bil, gå på jakt eller andre ting vi ser på som ”maskuline”. Meir av slike ting, kan gjere at gutar som til dømes tykkjer dans, song og teater er midt i blinken, trivst enno mindre i skulen.
Eg trur vi som kvinnelege lærarar med fordel kan trekke inn mannlege ressurspersonar, som dagleg ikkje har sitt virke i skulen, i læringsarbeidet. Gutar (og jenter) treng mannlege rollemodellar – og dei treng å møte desse i skulen også. Når vi stort sett berre er kvinner i eit lærarkollegium, er det viktig å erkjenne at det kan vere viktig for elevane å sjå at det ikkje berre er damer som utøvar lærarrolla (og sjølvsagt må vi også gjere noko for å rekruttere fleire menn inn i læraryrket).
Å innføre tiltak i skulen som er meint å kome det eine kjønnet til gode, trur eg ikkje på. Nettopp fordi ein ofte ser like store skilnader frå gut til gut, som frå gut til jente. Eg trur at fleire praktiske undervisningsmetodar der elevane får bruke heile kroppen og alle sansane, kjem alle til gode. Også dei stille og pliktoppfyllande jentene som gjer det godt under dagens regime.
Publisert i Dagsavisen i spalta Blåmandag, måndag 4.juli
Fint og viktig innlegg, Hanne. Som mor til tre gutter er jeg veldig opptatt av temaet. Jeg tror mye er gjort allerede fra første klasse. Liker du ikke å tegne blir førsteklasse en prøvelse. Der er det tegning og atter tegning. Jeg er ikke noen fagperson, men jeg har sterk mistanke om at det allerede der glipper for en del gutter.
SvarSlett