
Det fyrste som skjer når ein skal inn i helikopteret som skal frakte deg til Nordsjøen og Sleipner, er at du får på deg ei fantastisk komfortabel overlevingsdrakt. Denne må du sitje med inne i helikopteret og ha på deg heilt til du er framme på plattformen. Korleis eg skal oppføre meg i vatnet viss ulykka skjer, får du beskjed om på ein instruksjonsvideo. Eg datt av halvvegs, og eg er vel eigentleg spent på om eg ville klart å overleve viss eg hadde dutte i vatnet.

Her ser du helikopteret vi køyrte med.

Over ser du min nye arbeidsuniform. Her har eg funne instrumentet dei borrar etter olje og gass med. Voldsomme greier, som eg aldri ville skjønt korleis eg skulle brukt. Det er bra det er folk som kan slikt også, tenkjer eg. Imponerande!

Her ser du plattformen Sleipner A. Det er der dei som arbeider ombord bur, og der er også kontrollrommet, treningsrom, kantine og alt anna ein treng i eit lite samfunn. Også mange rør som fraktar olje og gass sjølvsagt.

Ikkje påstå at dei ikkje tenkjer på miljøet i olje- og gassindustrien.

Eg fekk prøvd fiskelykka også frå plattformen i ukomfortabel høgde. Jamen fekk eg ikkje fisk også.

Her ser du nokre gale klatrere som sandbles eitt av beina. Galskap. Galskap. Galskap. Men arbeid som må gjerast.

Meg på veg attende til land i heilkopteret. Fått på meg den fine overlevningsdrakta att no.
Tusen takk til Statoil og Pappa som gav meg moglegheiten til å vere med på dette besøket. Oppleving for livet, og eg har også lært mykje om olje og gass som eg ikkje visste.
Jeg har også lyst til å dra utpå en platform!
SvarSlettAkkurat ferdig med lærlingtida mi som industrimekaniker i Hydro nå og har alltid hatt lyst til å dratt ut og sett hvordan det er der! har du noen tips eller noen en kan kontakte for å høre om en kan bli med på en sånn tur som du har vært på? :D
Trur nok lettaste måten for deg å få tur på plattform på, er å søkje seg jobb på ein. Eg var på type familebesøk, noko som blir arrangert veldig sjeldan og det er ikkje alle firma som har det også. Men med di utdanning burde det jo vere mogleg å få seg jobb i petroleumsbransja..?? :)
SvarSlett