onsdag 6. juli 2011

Roxette - og så oljeeventyr i Nordsjøen

På grunn av stor gjeld til A/S Noreg (les; baksmell på skatten) blir det ikkje dei store turane i sommar. Planen er å bruke minst mogleg pengar og mest mogleg kaloriar. Ferie for meg i år blir difor å leve på det som finst i matskåpet på hytta, og heller bruke energi på å gå lange turar og vere redd for å støte på bjørn (ja, eg veit det er irrasjonelt, men eg høyrer og ser bjørn overalt når eg ferdast i naturen).

Det som kjem til å skje av spanande ting i sommar, skjer no difor i tidsrommet torsdag til laurdag denne veka.

I morgon ber det til Stavern for Roxette-konsert. Saman med nokre av desse fantastiske unge damene eg gjekk på ungdomsskulen saman med. No skal det vel seiast at dei var større fans enn meg (dei hadde til og med plakatar frå "Topp" på veggen), men også eg kan alle songane utanat. Og eg kjenner eg blir ung og gal att når eg høyrer låtane (når alt kjem til alt, så er eg forresten meir gal no enn då eg var 15 og seriøs). Dessutan; festival er moro. Og noastalgi er moro. Og øl er moro.

Etter Stavern blir det med eitt meir skummelt. Då skal eg til Nordsjøen. Nærare bestemt Sleipner. For ordens skuld; vi pratar ikkje om hesten til Odin, som hadde åtte bein, men plattformen Sleipner A, som kanskje også har åtte bein (viss ikkje, vil eg føle meg kraftig lurt).

Eg skal ærleg innrømme eg ikkje kan så mykje om oljeplattformar - ei heller kan eg mykje om oljeindustrien. Eg tenkjer at olje og gass er noko vi treng, og så får vi berre gjere det beste ut av det. Slik miljømessig. Eg har heller aldri hatt sterke meiningar om utbygging av nye oljefelt. Eg har den noko naive haldninga om at dette får dei som har peiling ta seg av.

Det eg tenkjer er heller berre at å besøke ein oljeplattform er ein av desse femti tinga på lista mi over kva ein bør gjere før ein døyr. Og no kjem sjansen min. Og når sjansen er der, då grip ein sjansen. Til tross for høgdeskrekk. Og til tross for at eg har litt problem med hav så langt augo kan sjå. For ikkje å prate om helikopter..

Pappan min har jobba i oljeindustrien i 25 år (minst, trur eg), og no får eg høve til å vitje han. Det skal bli moro å sjå kor han jobbar hen og korleis det eigentleg ser ut ute der (eg har jo liksom aldri heilt skjønt korleis kvardagen må vere for desse oljearbeidarane våre). Og så skal det bli artig å sjå om eg klarar å overleve dette her - både fysisk og psykisk.

"Det er ein fordel å ikkje ha på seg skjørt når du kjem" sa Pappan min til meg. Det tenkjer eg var eit godt råd, og gjorde at eg måtte ha med meg noko anna enn Hippie-kjolane mine når eg no pakkar for fjortis-eventyr med Roxette, og olje-eventyr i Nordsjøen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar