I dag fann eg valkort frå "Den norske kirke" i postkassa mi. Der står det at eg "er oppført i Den norske kirkes medlemsregister med stemmerett i Vågå sokn, Vågåmo valgkrets". Det tykkjer eg er fint. Det er slik det burde vere. Eg vil vere medlem av statskyrkja.
Problemet mitt er at eg ikkje er døypt. Men eg har tydelivis vore oppført som medlem av den norske kyrkje i over tretti år. Dette fann eg fyrst ut for fire år sidan då eg fekk litt av eit sjokk då eg fekk valkort i posten frå den norske kyrkje.
Eg valde då å stemme ved valet. Ikkje berre stemte eg, men eg sette meg nøye inn i kva dei ulike kandidatane stod for. Eg var litt nervøs då eg skulle stemme - var litt redd eg skulle bli stoppa av dei som var "vakter" som skulle seie; "du er ikkje døypt. Vi veit du kjem frå ein ukristeleg familie!".
Eg kjem frå ein familie som ikkje er det spor kristne. Mine søsken er båe konfirmert borgerleg. Min familie er ein human-etisk og liberal familie (litt slik "typisk Venstre"). Oppteken av at ungane skal få velje religion og livssyn sjølve. Mine søsken valde Human-Etisk forbund og borgerleg konfirmasjon. Eg valde å avstå frå alt. Fordi eg tvilte. Eg tvilte meir enn eg visste, og ville difor korkje velje det eine eller det andre.
Seinare har eg vald kristendommen fordi eg trur nesten like mykje som eg tviler (og Mamma gav meg ein flott bibel i julegåve det året eg var 20, noko som viser at eg har ein familie med respekt for mine val). Men eg har ikkje funne noko kristeleg samfunn eg føler meg heime i (sjølv om eg spøkefullt seier at eg held på å bli mormoner under eit opphald i Salt Lake City, der eg vart take inn i det mormonske fellesskap av ein haug med gifteklare menn). Eg har kanskje ikkje leitt så mykje heller. Men eg kjenner at eg ønskjer å vere med i "Den norske kyrkje". Til tross for at eg er sterk motstandar av statskyrkja.
Eg hadde eit snev av dårleg samvit sist eg stemte under kyrkjevalet. Det har eg også no når eg får valkortet. Eg føler meg rett og slett som ein kvasi-medlem av den norske kyrkja. Eg veit dei er glade for alle medlemmar dei har, men eg føler meg som eit uekte medlem.
Eg vil gjerne vere medlem av den norske kyrkje. Eg vil gjerne stemme til kyrkjevalet. Men kan eg vere eit rett medlem av kyrkja når eg ikkje er døypt? Kan eg verkeleg påstå eg er ein ekte kristen viss eg ikkje har spesielt stor tru på dåp?
No skal eg vel også påstå at eg vil tykkje det er flaut, teit og pinleg om eg skulle døype meg i ein alder av 30 år også. Der slår også forfengelegheiten inn..
Det er no eg kjenner behov for å prate med ein prest. Ein klok prest. Ein open prest. Eller ein som kan seie rett ut til meg: "Hanne, eg stryk deg som medlem i den norske kyrkje viss du ikkje døyper deg - for før det skjer kan vi ikkje rekne deg som eit rettruande medlem av den norske kyrkje".
Eg er dessverre redd det ikkje vil skje, og at eg må slite med denne problemstillinga heilt åleine.
Eg tenkjer uansett at eg no skal starte på punkt nr 39 av dei tinga eg skal gjere før eg døyr; lese Bibelen frå perm til perm. Kanskje klarar eg då å gje meg sjølv svar på spørsmåla eg stiller meg.
Enkle svar fra en enkel sjel:
SvarSlettKirken er en av mange kristne organisasjoner. De har regler for medlemskap som alle organisasjoner har. Men de vil ha flest mulig og er nok derfor ikke så nøye på det.
Dåp er en samvittighetsbekjennelse til Gud - ikke til menigheten/kirken. Det blir mindre og mindre vanlig at det stilles krav om dåp før medlemskap. Det er ikke sløvhet; det er åpenhet slik at folk selv kan ta dette i det tempo de selv ønsker.
Så et visdomsord fra en norsk dikter:
Vær ikke ét idag, igår, og noget andet om et år. Det, som du er, vær fuldt og helt, og ikke stykkevis og delt. (Ibsens Brand).