Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september, 2011

Gratulerer, du er no ein sentral tillitsvald i FrP!

Det sa eg til meg sjølv med ein smule sarkasme då eg i mai vart vald inn i FrP sitt sentralstyre.

I løpet av det siste året har to sentralstyremedlemmar i FrP sagt frå seg sine verv, og det kan verke som om skandalane i vårt parti aldri tek slutt.

Prisen ein må betale for å ha sentrale verv i eit parti, er at feil vi gjer kan få så mykje større konsekvensar som ”sentral tillitsvald i FrP” enn dei ville gjort elles.

Før eg takka ja til å gå inn i FrP sitt sentralstyre måtte eg tenkje gjennom om eg har gjort ting som ikkje tåler å bli slått opp på fyrstesida i ei riksdekkande avis. Spørsmål eg stilte meg var: Har eg betalingsmerknader? Kan det hende at folk har lite flatterande fyllebilete av meg?

Eg måtte også tenke gjennom konsekvensar av framtidige handlingar. Eg hugsar eg tenkte gjennom eit hypotetisk tilfelle om å bli take i promillekontroll ein morgon etter at eg hadde drukke litt for mykje vin kvelden før. Som ”Vanlege Hanne” ville heilt sikkert innbyggjarane her i området dømt m…

Kva gjekk gale med FrP?

Valet er no overstått. For FrP sin del kan vi vel trygt konkludere med at valet gjekk ganske dårleg. Attendegang i dei aller fleste kommunar, færre ordførarar og ei oppfatning blant innbyggjarane om eit parti som ikkje fungerer og som ikkje har tru på at vi skal klare å styre landet.

Enkelte plasser går det sjølvsagt bra. Det er ofte der vi har botnsolide ordførar som blir lønna for den gode jobben dei gjer. Austevoll er eit døme på dette. Hadsel er ein annan kommune der vi gjekk mykje fram.

Likevel kan vi seie det så klart som at valet gjekk dårleg. Og det er ingen tvil om at ting må endrast og at ting må bli gjort annleis i framtida. Vi MÅ lære av dei feila vi gjorde no (men då treng vi kunnskap om kva vi gjorde feil, og det er ikkje alltid like lett å sette ord på).

Eg har mine klare meiningar om kva som bør bli gjort annleis. Det har eg tenkt til å ha med meg i diskusjonane vi skal ha i Sentralstyret og Landsstyret utover hausten.

MEN, mine tankar er ikkje nok, og eg treng din hj…

47: Gå oppå ein skikkeleg stor isbre og studere han på nært hald. Fullført 17.september 2011

Eg har studert geografi. Og eg kan ganske mykje om brear - slik teoretisk. Men eit elles labert ekskursjonsbudsjett då eg studerte naturgeografi ved NTNU, kan få litt av skulda for at vi aldri kom oss ut for å studere ein bre på nært hald. No hadde vi ein ekskursjon då altså, men då studerte vi vel mest jettegryter og andre ting som er blitt forma av vatnet (eller ikkje vatnet då, men det som vatnet fører med seg - for å vere heilt nøyaktig).

Difor har eg liksom alltid tenkt at isbrear er noko eg burde ha studert nærare, men eg har aldri fått surra meg til å gjere det. Eg kan kome med mange unnskuldningar for kvifor ikkje, men latskap er nok hovudgrunnen. Difor sette eg det altså opp på lista over 50 ting eg skulle gjere før eg døyr.

Så vart eg plutseleg invitert med på overnattingstur med 7.klasse på Lalm (nokre av dei elevane eg var lærar for i fjor). Eg takka sjølvsagt ja. Og etter kvart fann eg altså ut at dei hadde planlagt å gå på ein bre. Bøverbreen, som er ein brearm av Smørst…

Rar valkveld

Eg kjenner at "valkveld-stemninga" er i ferd med å kome innover meg no. Men dette er heilt annleis enn det har vore tidlegare val for min del - her eg sitt åleine foran tv'en forkjøla og smådårleg med eit glas raudvin.

Eg hugsar stortingsvalet for to år sidan. Då eg var kampkandidat, og hadde vore inne på meiningsmålingane heilt fram til ei veke før valet. Då valdagen kom var eg utslitt. Eg hadde gitt alt. Eg var heilt tom. Men allereie då valdagsmålingane kom, visste eg innerst inne at det ikkje ville gå vegen. Sjølv om eg hadde eit ørlite håp. Eg var nervøs, hadde det vondt og det var presse på alle kantar. Alle skulle ha ein kommentar på at det ikkje gjekk vegen, og eg måtte sette ord på skuffelsen min.

Eg hugsar kommunevalet for fire år sidan. Det var fyrste gong vi stilte med liste i Sør-Aurdal, eg var 1.kandidat og eg følte nesten at valet handla om meg som person. Det var eg som hadde stått bak opprettinga av laget, det var eg som var frontfigur og eg var så nervøs…