Difor har eg liksom alltid tenkt at isbrear er noko eg burde ha studert nærare, men eg har aldri fått surra meg til å gjere det. Eg kan kome med mange unnskuldningar for kvifor ikkje, men latskap er nok hovudgrunnen. Difor sette eg det altså opp på lista over 50 ting eg skulle gjere før eg døyr.
Så vart eg plutseleg invitert med på overnattingstur med 7.klasse på Lalm (nokre av dei elevane eg var lærar for i fjor). Eg takka sjølvsagt ja. Og etter kvart fann eg altså ut at dei hadde planlagt å gå på ein bre. Bøverbreen, som er ein brearm av Smørstabbreen, var breen vi skulle gå oppå. Smørstabbreen er den største breen i Jotunheimen, så eg føler altså at vi kan kalle denne breen "ein skikkeleg stor bre". Og eg har gått oppå han. Berre sjå her:
Det var ein fantastisk flott tur, og du kan sjå nokre bilete her:
Vi kom ikkje langt innpå breen (hadde ikkje tid), og eg tenkjer difor at eg i framtida skal studere ein bre meir grundig. Dette gav i alle fall meirsmak, og eg tenkjer at det blir ein neste gong - sjølv om målsetting strengt take kan seiast å vere oppfylt.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar