mandag 26. september 2011

Gratulerer, du er no ein sentral tillitsvald i FrP!

Det sa eg til meg sjølv med ein smule sarkasme då eg i mai vart vald inn i FrP sitt sentralstyre.

I løpet av det siste året har to sentralstyremedlemmar i FrP sagt frå seg sine verv, og det kan verke som om skandalane i vårt parti aldri tek slutt.

Prisen ein må betale for å ha sentrale verv i eit parti, er at feil vi gjer kan få så mykje større konsekvensar som ”sentral tillitsvald i FrP” enn dei ville gjort elles.

Før eg takka ja til å gå inn i FrP sitt sentralstyre måtte eg tenkje gjennom om eg har gjort ting som ikkje tåler å bli slått opp på fyrstesida i ei riksdekkande avis. Spørsmål eg stilte meg var: Har eg betalingsmerknader? Kan det hende at folk har lite flatterande fyllebilete av meg?

Eg måtte også tenke gjennom konsekvensar av framtidige handlingar. Eg hugsar eg tenkte gjennom eit hypotetisk tilfelle om å bli take i promillekontroll ein morgon etter at eg hadde drukke litt for mykje vin kvelden før. Som ”Vanlege Hanne” ville heilt sikkert innbyggjarane her i området dømt meg nord og ned.

Som medlem av sentralstyret i FrP vil eg i tillegg fått overskrifter som dette på kjøpet: ”Sentral tillitsvald i FrP fyllekøyrte langs veg full av ungar”. Då hadde eg ikkje berre vore kjend i Vågå som ho som køyrte i fylla, men heile Noreg ville for all framtid hugsa meg som ”ho derre FrP’aren som er litt hard på flaska”. Då ville eg i tillegg til fengselsstraff blitt straffa gjennom heile resten av mitt liv.

Vi skal sjølvsagt ikkje bryte lover. Men i blant kan det skje at du gjer det. Alle kan gjere dumme ting. Nokre dumme ting er lettare å tilgje enn andre. Det kan også skje at ein urettmessig kan bli skulda for å ha brote ein lov.

Media fråtsar i detaljar, og folk står klare for å dømme. Spesielt kan ein sjå dette i dei nye sosiale media. Folk dømmer før nokon i det heile take er dømt og før fakta er kome på bordet. Og mykje av det som blir sagt er både vondskapsfullt og spekulativt.

Som medmenneske må vi hugse på at også dei som er kjende politikarar er menneske som skal prøve å leve eit så normalt liv som mogleg. Vi må også hugse på demokratiske prinsipp om at folk er uskuldige inntil det motsette er bevist. Plutseleg kan det vere du eller meg som står der med kamera opp i ansiktet fordi vi har dumma oss skikkeleg ut.

Publisert i spalta Blåmandag i Dagsavisen, 26.september 2011

1 kommentar:

  1. Interessante og velformulerte tankar dette - som dei fleste av blogginnlegga dine! Men dette med at ein kvar er uskuldig til påtalemakta evt har ført prov for det motsette; gjeld det også for Mulla krekar? Eg meiner å hugsa at Siv Jensen meinte statsministeren burde setta Krekar i forvaring. Forvaring er jo den strengaste straffeforma me har her til lands. Burde ikkje prinsippet om at den mistenkte er uskyldig til det motsette er bevist gjelda også når ein vil ha noen dømt til forvaring?
    Arvid Berentsen

    SvarSlett