Gå til hovedinnhold

Kva gjekk gale med FrP?

Valet er no overstått. For FrP sin del kan vi vel trygt konkludere med at valet gjekk ganske dårleg. Attendegang i dei aller fleste kommunar, færre ordførarar og ei oppfatning blant innbyggjarane om eit parti som ikkje fungerer og som ikkje har tru på at vi skal klare å styre landet.

Enkelte plasser går det sjølvsagt bra. Det er ofte der vi har botnsolide ordførar som blir lønna for den gode jobben dei gjer. Austevoll er eit døme på dette. Hadsel er ein annan kommune der vi gjekk mykje fram.

Likevel kan vi seie det så klart som at valet gjekk dårleg. Og det er ingen tvil om at ting må endrast og at ting må bli gjort annleis i framtida. Vi MÅ lære av dei feila vi gjorde no (men då treng vi kunnskap om kva vi gjorde feil, og det er ikkje alltid like lett å sette ord på).

Eg har mine klare meiningar om kva som bør bli gjort annleis. Det har eg tenkt til å ha med meg i diskusjonane vi skal ha i Sentralstyret og Landsstyret utover hausten.

MEN, mine tankar er ikkje nok, og eg treng din hjelp. Eg ferdast i miljø der det ikkje er mange FrParar eller potensielle veljarar, eg diskuterer ikkje kjempemykje politikk i kvardagen og eg har heller ingen folkevalde verv. Det er difor eg treng innspel frå ALLE som har meiningar om kva som skar seg for FrP i valkampen (og før), og kva som kan gjerast betre.

Eg ønskjer meg spesielt innspel på følgjande:

1. Korleis følte du FrP framstod i valkampen?
2. Kva gjorde at du ikkje stemte FrP ved dette valet? (viss du då ikkje gjorde det)
3. Har du tillit til FrP sine lokale kandidatar?
4. Har du tillit til FrP sine sentrale talspersonar?
5. Kva skal til for at FrP skal få din stemme i framtida?
6. Kva for saker bør FrP jobbe for i tida framover?

Eg er også open for innspel på andre områder. Skriv innspela i kommentarfeltet her, eller send meg ein mail. Alle innspel vil eg ta med meg vidare til Sentralstyret, men eg skal sjølvsagt ikkje fortelje kven som har kome med dei (så viss du sender meg ein mail, så er det berre eg som vil vite kven som har sendt meg mailen).

Takhøgden er stor. Vi treng at de er ærlege. MEN; ikkje kom med stygg personhets på bloggen (til dømes: "Kandidat X i den kommunen er eit søppelhue"). Då må eg slette det.

Håper på mange innspel! :)

Kommentarer

  1. 1. Greit, Siv var flink i debattene, Fpu-lederen likeså.. Hagen trengte ikke å si alt han mente. Plakatene i Oslo var bare forvirrende..

    2. Høyre-kandidatene virket mer rolig og skikket.

    3. Joda, men har ikke så god oversikt utenom de største byene.

    4. Nja, håper Solvik-Olsen avanserer litt snart.

    5. Tar tak i ting som angår folk direkte, f.eks kriminalitet. Sette dagsorden på saker som media er taus om, f.eks voksende offentlig sektor og økende mengde uføretrygdede.

    6. Vet ikke, kjør på mede ett bredt spekter, men fokuser særlig på fire til fem saker som Frp kan ta eierskapet til.

    Lykke til Blåfjelldal har troen på deg :)
    T.

    SvarSlett
  2. 1. FrP begynte å bortforklare det dårlege valet lenge før valdagen. Det gjorde at dei framstod som om dei hadde gjeve litt opp. Særleg pinleg var det å sjå partiet prøve å utnytte terroren til sin fordel, både gjennom å snakke om kor utruleg vanskeleg det siste året hadde vore for FrP (som om det var noko lettare for Arbeidarpartiet ...) og gjennom å bruke statsministerens ord på valkampplakatane i Oslo ("Mer demokrati, mer åpenhet. Stem FrP").

    2. Politisk usemje, særleg når det kjem til måten partiet omtalar og vanvørdar innvandrarar på.

    3. Carl I. Hagen? Niks. Christian Tybring Gjedde? Niks. Attåt Per Willy Amundsen er dei trygt inne på topp tre-lista over FrP-arar eg har null tillit til, jfr. punkt 2.

    4. Nei. Siv Jensen søkjer offerrolla, Per Arne Olsen framstår som ein boligskurk, Per Sandberg er ein laus kanon, Per Willy Amundsen har teke til orde for korstog (!) ... Det er ganske skrale greier.

    5. Første steg bør vere å slutte å teikne fanden på veggen. Snikislamiseringa er ein bløff, senterpartiet og arbeidarpartiet er ikkje sosialistar, og 22. juli var ikkje eit komplott for å undergrave FrPs valkamp, slik ein lett kan få inntrykk av ved å høyre på bortforklaringane frå diverse høgtståande FrP-fjes.

    6. Det kan jo vere på tide å skaffe seg ein miljøpolitikk.

    SvarSlett
  3. 1. Passive. Det har vært et dårlig år for FRP og 22/7 gjorde at de var mer lavmelte og ikke spillte så hardt på kriminalitet, utvisninger, integrering osv som vanlig og derfor kom de heller ikke til.

    2. Først og fremst økonomisk politikk hindrer meg i å stemme FRP. Samtidig er det tynt i rekkene bak Siv.
    3. Ikke i det hele tatt. Jeg vet hvem de er og ville ikke lånt noen av dem en 50 lapp.
    4. Noen, men i regjering? Det blir værre. Søviknessaken, Birkeland og mange andre gjør at mange er skeptiske til personene i partiet og det er mange som ikke blir overrasket over noe fra FRP lenger. Jeg vet det skjer mye i andre partier også, men politiske ledere må ha tillit som person og ikke bare politikk og her er det stor skepsis.
    5. På sine fiender kjenner man sine venner også. Vil man at SV skal lenger ut på fløyen? Før de større oppsluttning da? Spør så de samme spørsmål om FRP. I økonomiske vanskelige tider skal vi være forsiktige. Vi har penger, men det må en langsiktig plan til for å forvalte de fornuftig. Ikke bare "mer veier", "billigere sprit". Man må jobbe for en plan - hva har vi råd til fremover? Hvordan skal de svake ha det? Ikke bare tilbud, men kroner og øre. Hvordan skal man lage arbeidsplasser som kan selge varer når oljen er over osv.
    6. Se 5 + legg til at man ikke skal ha de løse kanonene, men komme med veloverveide innspill. Inrømme feil og fortelle løsningen på de feil som er gjort.

    SvarSlett
  4. ... og der kom Hokksrud. Det er rett og slett ikke folk med hold i som er i FRP. Folk stoler ikke på dere og blir ikke overrasket over noe lenger, som jeg sa.

    Det som trengs på den fronten er en lang og nitidig prosess hvor man siler ut folk som ikke fortjener tillit og bygger tillit. Det er ikke noen ting som er gjort på 2 år eller 4 år. Tillit er noe man får av å bevise at man er noe over lang tid.

    Lykke til - sorry, Hanne, det er ikke noen Quick Fix for dere.

    SvarSlett
  5. @Håkon, denne mannen heter Bård Hoksrud! Hva TV2 og den politisk redaktøren i TV2 Stein Kåre Kristiansen har drevet med her går over alle grenser. Jeg blir helt uvell når jeg tenker på familien og da fremfor alt barna til Bård Hoksrud. Har ingen empati lenger, dreier det seg bare om penger og makt? Herr Kristiansen burde skamme seg.

    SvarSlett
  6. Hei Anonym.
    Jeg er helt enig i at det er en heksejakt på FRPere og at pressen har gått alt for langt.

    Men, man må huske på at det er noen som går inn for å henge ut andre grupper for hva enkeltindivider gjør også....

    Uansett om pressen jakter eller ikke - hans handlinger er ikke slik en stortingsrepresentant og gruppeleder skal være. Og det er akkurat det jeg beskriver, Anonym. I FRP er det mange man rett og slett ikke blir overrasket over har dårlig dømmekraft. Og det er et problem for partiet nå - og i fremtiden.

    Vinklingen din er å gjøre FRP en bjørnetjeneste. Du kan godt skylde på pressen, men det hjelper ikke partiet. Handlinger som det som er avslørt ER problemet.

    SvarSlett
  7. Men, Anonym, jeg skjønner deres fortvilelse.
    I dag kom denne nyheten :
    http://www.nettavisen.no/nyheter/article3236206.ece

    Det er overhode ikke fokus på den saken i nyhetene. Hoksrud tar all fokus. Og, selvfølgelig er det ikke nevnt partitilhørighet. Kanskje det beste beviset på at det ikke i dette tilfellet er en FRPer.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein