Eg kjenner at "valkveld-stemninga" er i ferd med å kome innover meg no. Men dette er heilt annleis enn det har vore tidlegare val for min del - her eg sitt åleine foran tv'en forkjøla og smådårleg med eit glas raudvin.
Eg hugsar stortingsvalet for to år sidan. Då eg var kampkandidat, og hadde vore inne på meiningsmålingane heilt fram til ei veke før valet. Då valdagen kom var eg utslitt. Eg hadde gitt alt. Eg var heilt tom. Men allereie då valdagsmålingane kom, visste eg innerst inne at det ikkje ville gå vegen. Sjølv om eg hadde eit ørlite håp. Eg var nervøs, hadde det vondt og det var presse på alle kantar. Alle skulle ha ein kommentar på at det ikkje gjekk vegen, og eg måtte sette ord på skuffelsen min.
Eg hugsar kommunevalet for fire år sidan. Det var fyrste gong vi stilte med liste i Sør-Aurdal, eg var 1.kandidat og eg følte nesten at valet handla om meg som person. Det var eg som hadde stått bak opprettinga av laget, det var eg som var frontfigur og eg var så nervøs. Og så spent! Og eg drakk vin til den store gullmedaljen. Resultatet kom tidleg, og viste at vi hadde fått 16,8% oppslutnad og fire representantar inn. Det var veldig bra! Og enno gladare vart eg då eg nokre dagar seinare fann ut at eg hadde fått personstemmer frå 100 av 271 som stemte på oss. Og at eg fekk nest-mest slengarar etter ordføraren. Då var eg stolt! Det betydde mykje for meg (eg veit det høyrast ut som eg er høg på meg sjølv no, men eg må berre skildre korleis eg følte det då). Og eg følte i alle fall at eg gjekk inn i kommunepolitikken med eit klart mandat. Nesten tre år seinare meldte eg overflytting til Vågå, og sa frå meg både plass i formannskap og kommunestyre.
Eg hugsar fylkestingsvalet for åtte år sidan. Då eg vart vald inn i Fylkestinget og fekk mitt fyrste folkevalde verv. Då var eg også stolt. Eg var ungdomskandidat og hadde verkeleg kjempa hardt for å kome inn - med eigen brosjyre og greier og greier. Eg skulle jo redde verda! Og det gjennom fylkespolitikken. Fire år seinare trakk eg meg frå fylkespolitikk - fordi eg skulle satse på kommunepolitikk.
No - i år 2011 - har eg knapt nok drive valkamp (har berre hatt ein tv-debatt og vore på nokre få valgstands). Det er lenge sidan eg har hatt ein så roleg valkamp. Og eg er veldig roleg. Visstnok kjenner eg at eg er spent. Og eg kjenner at det blir moro å følgje med på resultat rundt omkring i landet. Eg er spent på Oslo. Eg er veldig spent på Oslo. Mykje fordi det er hovudstaden og mykje fordi eg har gode vener som står på liste der, og som eg håper kjem inn i bystyret. Eg ser også spent på vår sentrale valvake frå Oslo, ser mange vener og folk eg er glad i. Og skulle ønskje eg var der saman med dei.
Eg er spent på om dyktige ordførar blir gjenvalgt. Eg er spent på Austevoll mellom anna, der min gode sentralstyrekollega, Helge André, står på val. Han er drivande dyktig, og eg håper verkeleg han blir gjenvald.
Eg er spent på Nord-Aurdal og Øystre Slidre kommune her i Oppland. Eg traff FrP sin fyrstekandidat, Kjell Eggen, frå Øystre Slidre fyrste gong på laurdag. Og for ein mann! Tidlegare rådmann i Øystre Slidre stiller til val for FrP. Det tykkjer eg er tøft! Eg er sjølvsagt også spent på Sør-Aurdal, og håper dei gjer eit like bra val som då eg var 1.kandidat for fire år sidan.
Kommunestyreval handlar mykje om at velgjarane skal få seie sitt. Men det handlar også mykje om kven som klarar å samarbeide med kven. Difor kan vi få rare situasjonar der der partiet som får klart flest stemmer blir halde utanfor makt.
I Vågå er ikkje valet så spanande. Her kjem ordføraren også dei fire neste åra til å heite Rune Øygard. Og AP kjem til å få reint fleirtal. Det vedder eg ganske mykje på.
Eg? Jo..eg står på val eg også! Til fylkestingsvalet(!) Det har eg ein tendens til å gløyme - fordi eg føler kommunepolitikk er viktigare enn fylkespolitikk. Så joda...viss ikkje veljarane vil det heilt annleis, så kan eg om ikkje lenge kalle meg fylkestingsrepresentant. Som eg også stolt kunne kalle meg den spanande valnatta åtte år attende.
Trur nok du kan ta mykje personleg ære for valet i Sør-Aurdal sist gong! Og no er du truleg igjen i posisjon til å redde verda via Fylkeskommunen! Håpar du blir ein av dei frå Frp som kjem inn der:) Helsing Karen M. Kvåle Garthus
SvarSlett